Ei kulturhistorie for Rogaland

24 Tog og fly

Jernbanen gjorde sitt inntog i persontrafikken i Rogaland då Jærbanen frå Stavanger til Egersund vart opna i 1878. Jærbanen fekk avgjerande innverknad på tettstadstrukturen på Jæren, og opna for større handel og kontakt mellom by og land i sørfylket. Etter at trafikken lenge hadde vore i stagnasjon, fekk Jærbanen ein ny giv i 1992, og med dobbeltspor mellom Stavanger og Sandnes er banen på ny blitt ein viktig akse i kollektivtransportsystemet i regionen. 

I 1904 vart banen forlenga til Flekkefjord, men målet for dei lokale jernbanepådrivarane, med Sigval Bergesen i spissen, var heile tida å få ein samanhengande jernbane mellom Stavanger og Oslo. Med litt ekstrahjelp frå okkupasjonsmakta vart målet nådd, og i 1944 kunne Sørlandsbanen opnast. 

På lange strekningar måtte jernbanen likevel sjå seg slått av flyet. Med flyplassar både på Sola og Helganes går vegen ut av fylket til utlandet og Oslo raskast gjennom lufta. Utbygging av flyplassane har vore ei kampsak for politikarar og næringsliv. Men også flytransporten møter krav og kritikk i ei tid der klimagassutsleppa skal kuttast kraftig. Å skapa eit miljøvennleg og klimaansvarleg transportsystem er i dag ei av dei store politiske utfordringane for fylket.

Stasjonsbygningane er staselege bygg og viktige stadsmarkørar som gir historisk identitet. På Sørlandsbanen, nord for Sira, er det tre bevarte stasjonsbygningar etter kvarandre, som representerar dei tre prototypane av stasjonsbygninger teikna av arkitekt Due. Disse er Moi (Moi stasjon-typen), Heskestad (Flikkeid-typen) og Helleland (Sirnes-typen), alle bygd i 1904.  Bilete av Moi stasjon. Foto: Per Christoffer Salvesen  - Klikk for stort bildeStasjonsbygningane er staselege bygg og viktige stadsmarkørar som gir historisk identitet. På Sørlandsbanen, nord for Sira, er det tre bevarte stasjonsbygningar etter kvarandre, som representerar dei tre prototypane av stasjonsbygninger teikna av arkitekt Due. Disse er Moi (Moi stasjon-typen), Heskestad (Flikkeid-typen) og Helleland (Sirnes-typen), alle bygd i 1904. Bilete av Moi stasjon. Foto: Per Christoffer Salvesen