Ei kulturhistorie for Rogaland

21 Minoritetar som sette spor

Det rogalandske religiøse livet har som nemnt vore mangfaldig, med ei rekke dissentarsamfunn ved sida av den evangelisk-lutherske statskyrkja. Eitt av dei skal nemnast særskilt, nemleg kvekarane. Kvekarsamfunnet vart introdusert i Noreg og Rogaland av nordmenn som kom tilbake frå engelsk krigsfangenskap under napoleonskrigane 1807-1814.   

Kvekarane vart sterkt motarbeidde av statskyrkja, og dei utgjorde ein stor del av «sluppefolket» som med hjelp frå tysværbuen Cleng Peerson drog frå Stavanger til New York med «Restauration» i 1825. Dermed starta dei den organiserte norske utvandringa til Amerika. 

Også eit anna viktig trekk ved Rogalands historie kan knytast til kvekarane. I 1859 stifta Asbjørn Kloster, kvekar frå Rennesøy, Det Norske Totalavholdsselskap i Stavanger. Fråhaldsrørsla fekk ein sterk posisjon i Rogaland, ikkje minst fordi ho fekk brei støtte både frå kristenfolket og arbeidarrørsla. Stavanger fekk status som «Norges avholdsby», og så seint som i 1959 var det folkerøysting om det skulle vera Vinmonopol-utsal i byen – som jafolket vann. I dei andre byane i fylket kom det pol endå seinare – i Haugesund i 1978, i Sandnes i 1985 og i Egersund i 1987. 

På Stakland i Tysvær kommune ligg ein av tre kvekergravstader i Rogaland.  - Klikk for stort bildePå Stakland i Tysvær kommune ligg ein av tre kvekergravstader i Rogaland. Han vart godkjent som gravstad av Amtmannen i Stavanger Amt i 1858. Foto: Rogaland fylkeskommune

Romanifolket, taterane eller «fantane», som folk flest gjerne sa, eller «dei reisande», som dei kallar seg sjølve, har røter i Noreg tilbake til 1500-talet. 

Tradisjonelt har romanifolket si livsform vore prega av eit omreisande tilvære i større eller mindre familiegrupper. Denne levemåten kunne opplevast utfordrande og gjorde dei ofte uglesett av bønder og øvrigheit, men samstundes som eit fargerikt innslag i dei stadbundne bygdesamfunna. Arne Garborg har fanga inn denne dualismen i romanen «Fred», der «fantane» spelar ei viktig rolle. Garborg hadde fått kunnskapar om språket og kulturen til taterane gjennom barndomsvennen Martin Mathiassen Skou, som er modell for ein av figurane i boka. Garborg skreiv seinare eit forord til den sjølvbiografiske boka «På fantestien», som Skou gav ut i 1917. 

Romanifolket langs kysten reiste i båtar, og vart gjerne omtalt som «dei båtreisande». «Dei båtreisande» langs kysten hadde faste ruter. Ei fast rute på veg sørover eller nordover, var å ta den indre leia frå Ålfjorden, over Haraldseidet og ned til Skjoldafjorden i Nord-Rogaland. Denne ruta har vore kjent sidan 800-talet og var i bruk blant «dei båtreisande» fram til 1940-åra. 

Ein stor del av romanifolket dreiv med handelsverksemd, med både eigenproduserte og innkjøpte varer, noko som passa bra med den reisande livsstilen. Fleire stader i landet, var det romanifolk som dekka den norske landsbygda sitt behov for handelsvarer og handarbeid. Fleire naut stor respekt hos dei fastbuande, som flinke handverkarar med viktige kunnskapar og eigenskapar. 

«Romanivillaen» som blei freda av Riksantikvaren i 2018.  - Klikk for stort bilde«Romanivillaen» er frå 1700-talet, men blei flytta til dagens plassering på Øverland på Nedstrand tidleg på 1900-talet. Huset har vore nytta av romanifamiliar som bustad, i fleire periodar på 1900-talet. «Romanivillaen» blei freda av Riksantikvaren i 2018. Foto: Rogaland fylkeskommune

Dei første jødane slo seg ned i Rogaland rundt 1900, og dreiv i hovudsak med handel og handverk. Det jødiske samfunnet i fylket vart aldri stort, berre eit tjuetals menneske. Den mest markante var Moritz Rabinowitz, som dreiv klesbutikkar i heimbyen Haugesund, samt i Stavanger, Sauda, Egersund og Kristiansand. 

Rabinowitz var ein aktiv samfunnsdebattant som i tydelege ordelag åtvara mot faren frå den tyske nazismen. Alt dagen etter at Tyskland okkuperte Noreg vart Rabinowitz etterlyst. Han heldt seg skjult ei tid, men vart til slutt teken og send til Tyskland. I februar 1942 døydde han i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen etter grov mishandling. Resten av dei rogalandske jødane vart med svært få unntak arresterte og drepne i gasskammera i Auschwitz i 1942/1943. Minnet om dei er markerte med snublesteinar på fortauet utanfor husa der dei budde. 

Elles var dei utanlandske innslaga i Rogaland lenge få og spreidde. Det reiste fleire rogalendingar ut enn det kom framande hit. Ein del svenskar og tyskarar arbeidde på anlegg, gruver og fabrikkar, utanlandske sjøfolk kom på landlov i byane, turistar dukka opp i fjordane og langs lakseelvane, og på bedehusa kunne det slumpa ein og annan eksotisk «innfødd» frå misjonsmarka. Men kontrasten til våre dagars fleirkulturelle samfunn, eit resultat av oljå og den allmenne globaliseringa, er enorm. I dag er over 15 prosent av innbyggjarane i Rogaland fødde i eit anna land enn Noreg. 

«Villa Lindum», oppført i 1885, er i dag det best bevarte av «lakseslotta» - Klikk for stort bildeMektig natur og eit rikt laksefiske i Suldalslågen var grunnlaget for den tidlege turismen i Suldal. Ein føresetnad for turismen, var vegen som sto ferdig fram til Suldalsosen i 1875 og dampbåten som kom på Suldalsvatnet i 1885. Den engelske aristokraten Montague Sibthorp sin staselege «Villa Lindum», oppført i 1885, er i dag det best bevarte av «lakseslotta» som vitnar om denne tidlege turismen. Foto: Rogaland fylkeskommune