Ei kulturhistorie for Rogaland

10 Den nye trua

Med den nære kontakten mot Europa var det ikkje til å undrast over at Rogaland var den delen av landet der den nye religionen, kristendommen, først fekk fotfeste. Impulsane ser særleg ut til å ha kome frå England og Irland. Dei  gamle steinkrossane i Rogaland, over 60 i talet, har ei form som ein elles berre finn på Dei britiske øyane. Funn i graver frå 800-900-talet viser også spor av kristen påverknad. Kongane som gjekk i spissen for kristningsverket i tida rundt 1000, med Olav «den heilage» Haraldssons fall på Stiklestad i 1030 som kulminasjon, slo dermed inn opne dører i Rogaland.  I alle fall må det ha vore tilfelle i kyst- og fjordområda, der alle steinkrossane står. «Kvite-Krist» kom sjøvegen.  

Ved Leiasundet på Kvitsøy står ein gamal steinkross godt synleg frå sjø og land. Steinkrossane var eit synleg teikn på den nye trua. Foto: Rogaland fylkeskommune - Klikk for stort bildeVed Leiasundet på Kvitsøy står ein gamal steinkross godt synleg frå sjø og land. Foto: Rogaland fylkeskommune

Det tydelegaste fysiske uttrykket for makta til den nye trua er domkyrkja i Stavanger, som vart påbegynt under kong Sigurd Jorsalfare i 1125. Den mektige katedralen må ha stått som ein enorm kontrast til dei smålåtne husa kring Vågen. 1125 har tradisjonelt vore rekna som Stavangers grunnleggingsår, og spørsmålet om tidlegare byutvikling er omdiskutert. Arkeologiske utgravingar i området rundt Vågen har ikkje gitt klare haldepunkt for at det fanst ein tettstad av noko større omfang, men det eksisterte i alle fall seinast på 1000-talet ein kristen gravplass på staden der domkyrkja vart reist. 

Også rundt omkring i fylket vart det bygd ei rekkje kyrkjer, frå Avaldsnes i nord til Eigersund i sør, og med eit tyngdepunkt på øyane i Boknafjordbassenget. Stormennene der bygde gjerne kyrkje på eigen gard. Ti av mellomalderkyrkjene i Rogaland står framleis. Eit viktig religiøst sentrum var Utstein kloster, Noregs best bevarte mellomalderkloster med historie tilbake til 1200-talet. 

Sørbø kyrkje på Rennesøy. Foto: Rogaland fylkeskommune - Klikk for stort bildeSørbø kyrkje på Rennesøy. Foto: Rogaland fylkeskommune

 Kyrkja var ikkje berre ein åndeleg, men også ein økonomisk maktfaktor. Rogaland utmerkar seg ved at ein svært stor del av gardane, opptil 40 prosent  var kyrkjegods, der bøndene arbeidde som leiglendingar og betalte avgift til kyrkjer og kloster. Bispestolen i Stavanger hadde så stor makt at byen vart kalla «bispebyen».   

Kart som illustrerer kirker i Rogaland - Klikk for stort bildeKartet viser kjende kyrkjestader frå mellomalderen i Rogaland. Kryss markerar bispesetet, trekant markerar kloster, rundingar markerar ståande mellomalderkyrkjer og firkantar markerar kjende kyrkjestader og ruinar. Illustrasjon: Rogaland fylkeskommune