Ei kulturhistorie for Rogaland

29 Sentralisering, vekst og stagnasjon

Den første folketeljinga i Noreg vart gjennomført i 1801. Då hadde Hjelmeland fleire innbyggjarar enn Stavanger. I dag bur det nesten 60 gonger så mange menneske i Stavanger som i Hjelmeland. 

Dei siste 200 åra har Rogaland, til liks med andre delar av landet, opplevd ei kraftig sentralisering og urbanisering. Jærregionen, og særleg byområdet Stavanger/Sandnes, har fått ein stadig større del av folketalet i fylket. Nær halvparten av rogalendingane bur nå i desse to byane. 

Sogndalstrand kulturhotell blei starta av Eli og Jan Oddvar Omdal på midten av 1990-talet. I dag held hotelldrifta til i 11 av bygningane i den gamle ladestaden. Foto: Rogaland fylkeskommune - Klikk for stort bildeSogndalstrand kulturhotell blei starta av Eli og Jan Oddvar Omdal på midten av 1990-talet. I dag held hotelldrifta til i 11 av bygningane i den gamle ladestaden. Foto: Rogaland fylkeskommune

Haugalandet har vel 20 prosent av folketalet. Det er også ein relativ nedgang, men talet undervurderer tyngda i denne regionen, fordi fleire kommunar på Vestland-sida av fylkesgrensa er del av Haugalandet som arbeids-, bustad- og handelsområde. Til nå er det likevel berre Ølen av Sunnhordlands-kommunane som har teke steget over til Rogaland. 

Ryfylke og Dalane er dei mest typiske utkantregionane i fylket, kvar av dei med 5 prosent av folketalet. Fleire kommunar har opplevd fråflytting. Situasjonen er særleg dramatisk for Ryfylke, som i tillegg er i ferd med å bli splitta som region. I nord vert Suldal og Sauda trekte mot Haugesund, medan Ryfast-tunnelen har gjort vegen til Stavanger frå Strand og Hjelmeland enklare og kortare. Kommunereforma resulterte i at Finnøy og Rennesøy slo seg saman med Stavanger, medan Forsand er blitt ein del av Sandnes. 

Dette var elles dei einaste endringane i kommunestrukturen som kom i Rogaland, og talet på kommunar vart dermed redusert frå 26 til 23. Til samanlikning vart kommunetalet halvert frå 53 til 26 ved den førre samanslåingsrunden i 1965. I lengre perspektiv kan me seia at Rogaland nesten er tilbake til utgangspunktet – då det kommunale sjølvstyret vart innført i 1837 var det 25 kommunar i fylket. 

Som eitt av få fylke vart Rogaland heller ikkje berørt av regionreforma. «Rygjafylket» er dermed stort sett som det har vore gjennom tusen år. 

Dei store endringane i demografi, næringsliv og trafikkmønster har hatt store konsekvensar for tettstadstrukturen. 

Medan bedrifter og kjøpesenter samlar seg der det er kort avstand til hovudvegane og romsleg med parkeringsområde, blir tidlegare livlege handelsstader og trafikknutepunkt som Sogndalstrand, Jelsa, Nedstrand og Skudeneshavn liggjande i skuggen. Til gjengjeld har fleire av desse stadene teke vare på eit autentisk bygningsmiljø med ei synleg historie som gjer dei attraktive for folk som driv med turisme, kultur og kunsthandverk. 

Folketalsutviklinga i byane i Rogaland

Kilde: “Fra Vistehola til Ekofisk, bd. 1” (1987), s. 156.
Folketalsutviklinga i byane i Rogaland
Årstal Stavanger Sandnes Haugesund Eigersund Byar i prosent av heile fylket
1801 2500   200 684 8
1845 8646   401 1231 13
1875 20 288 1507 4421 2419 26
1890 23 899 2644 6000 2960 42
1900 30 613 2644 7911 3222 36
1920 43 779 2808 16 565 3429 41
1960 52 835 3983 24 000 3868 38
2022 144 147 80 450 37 234 11 406 58