Ei kulturhistorie for Rogaland

7 Frå gullalder til katastrofe

Funn i Rogalands-jorda vitnar bokstavleg talt om ein gullalder som kulminerte i folkevandringstida, 400-500 år etter Kristus (e.Kr). Klimaet var mildt i denne perioden, og mange nye gardar vart rydda. Rikt utstyrte graver, både på strendene og lenger inne i landet, fortel om menn og kvinner med makt og stor rikdom etter den tids målestokk. Mange av gjenstandane frå gravene hadde sitt opphav langt sør i Europa. Uvanleg mange store nausttufter frå eldre jernalder og utover peikar mot aukande ferdsel over havet, der ein stor del av folket må ha teke del. 

Inst i Leirangsøyla i Nedstrand ligg det ei stor nausttuft frå yngre jernalder/vikingtid. - Klikk for stort bildeInst i Leirangsøyla i Nedstrand ligg det ei stor nausttuft frå yngre jernalder/vikingtid. Ut frå storleiken og den svært strategiske plasseringa, må naustet ha vore del av eit organisert kystforsvar (leidang). Naustet er 34 meter langt og kan ha romma eit leidangsskip. Foto: Stavanger maritime museum

Så minkar spora frå fortida brått, både på Forsandmoen og elles. Frå midten av 500-talet til slutten av 700-talet blir talet på arkeologiske funn i Rogaland kraftig redusert. Det heng truleg saman med dramatiske hendingar ute i verda.  Eitt eller fleire store vulkanutbrot fleire stader i verda skapte i 536 ein global klimakatastrofe. Oska skygde for sola, temperaturen fall kraftig og det vart uår. Det kalde Norden må ha vore særleg utsett. Fem år seinare braut «den justinianske pesten» ut i keisarhovudstaden Konstantinopel. Det var ein sjukdom som likna Svartedauden på 1300-talet, og saman med etterfølgjande pestepidemiar skal han ha teke livet av halvparten av befolkninga i Europa. 

Strandgravfeltet ved Hå gamle prestegard - Klikk for stort bildeStrandgravfeltet ved Hå gamle prestegard. Foto: Rogaland fylkeskommune

Det relativt folketette Rogaland vart særleg hardt ramma av desse ulukkene. Gardar i marginale område vart fråflytta. Straumen av handelsvarer frå Europa tørka inn. Men nedgangen skulle ikkje vara evig. Når me nærmar oss 800-talet, skulle typiske trekk ved Rogaland  visa seg med endå større styrke: eit område som utmerkar seg med kombinasjonen av eit rikt hav, eit variert landskap og ei frodig jord, og der menneska har blikket retta utover mot sjøen og mot land på andre sida av havet.  

Øydegardsanlegg frå folkevandringstid

Det karakteristiske gardsanlegget i Rogaland frå folkevandringstida (cirka 400-570 e.Kr) består normalt sett av eitt eller fleire langhus samla i eit tun. Det spesielle i Rogaland er at husa har hatt yttervegger av stein. Det var vanlig at minst eitt av husa på garden var delt i to, med ein bustaddel i den eine enden og ein fjøsdel i den andre. Andre hus kunne vere verkstader, reiskapshus og liknande.

Biletet viser øydegardsanlegget i Uadal i Bjerkreim kommune, sett mot søraust.  - Klikk for stort bildeBiletet viser øydegardsanlegget i Uadal i Bjerkreim kommune, sett mot søraust. Sentralt i biletet ligg tuftene med geil og steingardar ut til venstre. Rundt ligg det fleire røyser av varierande storleik. Foto: Rogaland fylkeskommune

Ut frå fjøsdelen gjekk det ein steinbygd geil (fegate). Denne gjekk vidare over i steingarden som skilde åkerlandet (innmarka) og utmarka på garden. Åkerlandet er rydda for små stein som har blitt lagt i mindre rydningsrøyser. På fleire gardar er det også rydningsrøyser i utmarka. På gardane har det også vore gravhaugar. Ofte ligg dei i åkerlandet og nær husa, men dei kan også finnast i utmarka.

Gardane kan grovt delast inn i to typar, einskildbruk og fellesbruk (samansette gardsanlegg). Gardsanlegget på Ullandhaug i Stavanger er eit eksempel på eit einskildbruk. Slike gardar består berre av eitt tun med hus omkransa av ein steingard, medan fleirbruksgardane har fleire tun med hus der alle har kvar sin geil til utmarka, men med felles steingard og ofte felles åkerland. Eit eksempel på dette kan ein sjå restane av på Storrsheia i Bjerkreim.

Mange av gardane blei fråflytta i slutten av folkevandringstid/merovingertid (cirka 570-600 e.Kr), men nokre øydegardar har også blitt tatt i bruk igjen i både vikingtid og mellomalder.

Blant dei best bevarte øydegardane kan ein i dag sjå meir eller mindre heile garden med steinveggene i tuftene, røyser, geil og steingardar, men dessverre er mange av dei kjente øydegardane heilt eller delvis fjerna.

 

Illustrasjonen syner øydegardsanlegget i Uadal i Bjerkreim kommune.  - Klikk for stort bildeIllustrasjonen syner øydegardsanlegget i Uadal i Bjerkreim kommune. Garden blei truleg rydda og busett i byrjinga av folkevandringstida. I dag er det minst seks hustufter sentralt på anlegget. Ein geil og steingard som omkransar heile innmarka går ut frå hustufta lengst i nordvest. Illustrasjon Rogaland fykeskommune