Ei kulturhistorie for Rogaland

8 Vikingtid og rikssamling

Det er sagt at skipsleia langs Rogalandskysten har gitt namn til landet vårt, Nordvegen – vegen mot nord. Denne gjekk gjennom Karmsundet, og dei store skipsgravene på Gunnarshaug og Bø på Karmøy vitnar om kor sentralt Karmsundet var. 

Dei lokale høvdingane greier lenge å hevda maktposisjonane sine. I slaget i Hafrsfjord, tradisjonelt tidfesta til 872, må dei likevel gi tapt mot Harald Hårfagre. I sagalitteraturen har han fått æra av å ha samla Norge til eitt rike, medan taparane «flaug over Jæren, heim or Hafrsfjord, huga på mjød-drykk», som skalden Torbjørn Hornklove triumferande skildra dei. Ifølgje Snorre skal det ha vore både hordar, ryger, egdar og telar som kjempa mot Harald Hårfagre. 

Kor samla Norge vart, kan diskuterast. Langt på veg var det eit Vestlands-rike, i alle fall såg Hårfagre det som nødvendig å kontrollera Vestlandet. Han heldt seg i lange periodar på kongsgardane på Utstein og på Avaldsnes. Ifølgje sogetradisjonen er han gravlagd på Haugar ved Karmsundet. 

I sørfylket ser det ut til at tyngdepunktet på denne tida hadde flytta seg frå flat-Jæren og nordover til Stavanger/Sola-området og øyane i Boknafjorden. Her var jorda meir lettdyrka, og det var naturlege hamner. Boknafjordbassenget kan ha vore det mest tettfolka i landet. Eit teikn på høgt folketal er at skipreida i dette området var dei minste i landet, rekna i areal. Leidangsordninga, som vart etablert midt på 900-talet, delte landet inn i skipreide som kvar skulle stilla eitt skip med mannskap i tilfelle krig. Rygjafylket hadde 33 slike skipreide, for å makta denne tidlege forma for verneplikt må det ha vore tilgang på mange menn. 

Ein stor del av vikingferdene hadde sitt utgangspunkt på Nord-Jæren. Mange lokale funn har opphav i Irland, som på denne tida var ein vikingkoloni. Handel og bytte, og etter kvart busetjing var vel så viktig drivfaktor for vikingferdene som plyndringstokta som vikingane tradisjonelt er forbundne med. Vikingtidas skandinavar spelte ei aktiv rolle i det politiske og aristokratiske Nord-Europa på 800 – 1000-talet.

Gardsanlegget på Vaula på Mosterøy  - Klikk for stort bildeGardsanlegget på Vaula på Mosterøy ligg strategisk til med sjøen på begge sider. Garden er tidfesta til folkevandringstid, men den eine hustufta som er godt synleg sentralt i biletet, vart også nytta som naust i vikingtid. Rogaland fylkeskommune

At dei lokale høvdingane framleis var å rekna med, er Erling Skjalgsson frå Sola det beste eksempelet på. Han var den mektigaste stormannen på Sørvestlandet og inngjekk ein fredsavtale med kong Olav Haraldsson ved Kvitsøy i 1016, men vart drepen av ein av kongens menn i Boknafjorden i 1028. Etter drapet vart det reist ein steinkross til minne om Erling i Stavanger. Den står nå på Stavanger museum. Ifølge Snorre let Erling Skjalgsson trælane sine arbeide seg til fridom. Mellom anna blei dei satt til sildefiske. 

Ein reknar med at trælane utgjorde om lag ein tidel av folket i Noreg rundt år 1000. Mange av dei var tekne til fange under vikingferder og krigstokt i utlandet, men også innfødde bønder kunne bli ufrie om dei for eksempel ikkje greidde betala gjelda si. 

Utover i mellomalderen ser det ut til at stadig fleire bønder blir leiglendingar under kyrkje og stormenn. Det veks fram ein lågadel av bondehøvdingar som går i kongens teneste og får eigedom i løn for det. Tidleg på 1300-talet er berre 40 prosent av jorda i Rogaland eigd av bøndene sjølve. Prosenten er endå lågare i dei fruktbare områda på Nord-Jæren og på øyane. Slik sett er dette ein del av eit større europeisk mønster, der bøndene gjerne er mest ufrie der jorda er best og gjev store inntekter for dei som kontrollerer ho. Men i Rogaland var det ingen automatikk i at dei sjølveigande bøndene hadde større inntekter enn leiglendingane, sidan dei sistnemnde ofte sat på dei beste bruka. 

Skipsgraver og skipsteknologi

Nøkkelen til vikingane sin ekspansjon og suksess var truleg utviklinga av det seglførande skipet. Vikingskipa var svært fleksible fartøy som kunne seglast over hav, roast opp elvar og trekkast over land. 

Me veit ikkje kva tid eller kor det teknologiske spranget frå rodde til seglde skip skjedde, men det 22 meter lange Osebergskipet har lenge vore det eldste kjente seglskipet, bygd i år 820 og lagt ned som gravgods i Vestfold i 834. 

Takka vere ny teknologi for arkeologiske undersøkingar, såkalla dendrokronologi eller årringsdatering, veit me no at Osebergskipet vart bygd på Sør- Vestlandet. 

Dei mindre kjente skipsgravene på Karmøy; Storhaug og Grønhaug, inneheldt restar av skip som var eldre enn Oseberg-skipet, men bygd av tømmer frå dei same skogane som det berømte nasjonalikonet frå Oseberg. Det omlag 15 meter lange Grønhaugskipet vart bygd omkring 780, og Storhaugskipet, der berre kjølen truleg var heile 22 meter, vart bygd rundt år 770. Skipsrestane frå Karmøygravene – Skandinavia sine to eldste skipsgraver – vert no undersøkte på nytt. Karmøyskipa har tidlegare blitt tolka som ro-skip, men nye undersøkingar tyder på at dei truleg var seglførande. Var det rygene som var først ute med å sette segl på skipa her til lands? 

Frå utgravinga av skipsgrava Grønhaug ved Bø på Karmøy i 1902. Haugen var då 30 meter i diameter og 4 meter høg. I dag er Grønhaug restaurert, skilta og lett tilgjengeleg.  - Klikk for stort bildeFrå utgravinga av skipsgrava Grønhaug ved Bø på Karmøy i 1902. Haugen var då 30 meter i diameter og 4 meter høg. I dag er Grønhaug restaurert, skilta og lett tilgjengeleg. Universitetsmuseet i Bergen

Fjæremannstufter

Fjæremannstuftene er ein særeigen type kulturminne ein finn langs kysten frå Värmland og opp til Trøndelag. Nord for Boknafjorden finns det særleg mange av dei, mellom anna på Røvær og bokn. Desse tuftene er synlege som kvadratiske eller tilnærma runde rekker med stein som ligg nær strandsona. Båtstøer, og av og til restar etter brygger er og påvist i område der tuftene ligg samla. 

Fjæremannstuftene er ofte tolka som fiskevær som var knytt til sildefiske og anna sesongfiske, og dei ligg ofte i lune viker nær gode fiskeplassar. Dei få anlegga som har vore fagleg undersøkt, er tidfesta til yngre jernalder og tidleg mellomalder. På Bokn ligg mange av tuftene samla i eit slikt omfang at det tyder på at dette fisket må ha vore organisert av nokon med administrativ kontroll over større område. Det høver godt med det ein vet om sentralisering av makt i desse periodane. 

Ved Hognåsvika i Bokn kommune, ligg ei særleg stor samling av fjæremannstufter i like attmed strandkanten.  - Klikk for stort bildeVed Hognåsvika i Bokn kommune, ligg ei særleg stor samling av fjæremannstufter i like attmed strandkanten. Nokre av tuftene er lette å sjå, medan andre ligg godt gøymde under lyng og gras. Rogaland fylkeskommune