Ei kulturhistorie for Rogaland

9 Landnåm ute og heime

Den rogalandske utferdstrongen i vikingtida strekte seg endå lenger enn landa kring Nordsjøen. Eirik Raude var ein mann frå Jæren. Kring 960 reiste han til Island saman med faren, som var lyst fredlaus for drap. På Island skjedde det same med Eirik, og han drog då nordover til landet han med sans for reklame gav namnet Grønland. Eirik var kanskje ikkje den første norrøne mannen som sette fot på verdas største øy, men han var den første som utforska landet og etablerte busetjingar der. 

Også «det indre landnåmet» skaut fart i mellomalderen. Folkevekst og mildt klima førte til rydding av mange nye gardar, i tillegg til at fråflytte gardar frå eldre jernalder, som Uadalen på Storrsheia i Bjerkreim, vart tekne i bruk igjen. Dei beste jordbruksområda, i Boknafjordbassenget og på Jæren, var alt opptekne. Nå var det skrinnare og meir høgtliggjande jord som måtte dyrkast opp. 

Mange av desse marginale bruka vart liggjande brakk som «øydegardar» då Svartedauden og eit kjøligare vêrlag slo inn midt på 1300-talet. 

Nedanom gjekk det også med det norske riket på 1300-talet. Nettverket av lågadelsmenn i Boknafjordområdet var ein maktfaktor heilt til det siste. Riddaren Ogmund Finnsson, av Hesby-ætta på Finnøy, var Noregs siste drottsete (statsminister) før landet kom i union med Danmark på 1380-talet. 

Eit symbol på ei svekka kongemakt i Noreg var hendinga i 1368 da hanseatane brende ned kongsgarden på Avaldsnes og etablerte ein handelsstasjon, Notau, i nærleiken. Det tyske handelsforbundet hadde ein sterk posisjon i Bergen i mellomalderen, men i seinare år er det gjort funn som viser at dei også dreiv ei omfattande verksemd ved Karmsundet på 1300- og 1400-talet. 

Kart over stormannsæte i Boknafjordsområdet i mellomalderen. Kart - Klikk for stort bildeKart over stormannsæte i Boknafjordsområdet i mellomalderen. Me ser at dei låg tettast der produksjonen var høgast i forhold til folketalet. Gjennom mellom anna giftarmål danna desse ættene eit nettverk som gav nasjonal styrke. Raude trekantar markerar høgadel medan dei blå rundingane markerar lågadel. Kart etter Birger Lindanger

 

Stadnamn

Dei eldste stadnamna i Rogaland går 3–4000 år tilbake i tida. Særleg gjeld det øy- og fjordnamn ved Boknafjorden som Bokn, Ombo og Fister og gardsnamn på Jæren som Goa, Tasta og Sola. Om lag like gamle er usamansette namn som Nes, Vik, Lunde og Sunde. 

Noko yngre, frå kring år 0 til 500 e.Kr., reknar me samansette namn med -heim, -vin, -land, -stad og tveit. Desse gardane er busette i førkristen tid om det ikkje dreier seg om moderne nylagingar. 

Den største gruppa, er land-namna som det er 509 av jamt fordelte over heile fylket. Nest størst er stad-namna. Dei er det 103 av, 2/3 av dei ligg på Jæren og Dalane. Av heimgardar er det 66, jamt spreidd ut i Rogaland. 

Sidan er det 60 gardsnamn samansette med –tveit. Med tre unnatak ligg dei alle i Ryfylke eller på Hauglandet. Av vin-gardane er det 21, 13 av dei på Jæren. Stadnamn som inneheld ord eller personnamn som kom inn med kristen-dommen for å vera yngre enn 900 e.Kr. medan namn med nemningar frå førkristen kult, er eldre.