eDialog – send post og dokument sikkert

Med tenesta eDialog kan både privatpersonar og verksemder sende dokument til Rogaland fylkeskommune via ein sikker og effektiv kanal.

Send post via eDialog

Tenesta krev sikker identifisering, som for eksempel BankID, BankID på mobil eller MinID.

Skriv inn

  • kven som skal ha innhaldet (for eksempel saksbehandlar, avdeling, skole, avdeling hos tannhelse eller liknande)
  • kva saka gjeld i kommentarfeltet
  • saksnummer i tittel-feltet viss du sender oss noko om ei pågåande sak, for eksempel "2022/1310 namnet på saka"

Når du lastar opp vedlegg, koplast dei direkte til sendinga di i saks- og arkivsystemet vårt.

Hugs: Ei sending eller førespurnad per person (elev eller lærling og liknande).

Når kan eg nytte eDialog?

  • når du sender post med konfidensielle opplysningar
  • når du sender dokument til eksisterande sak
  • når du sender andre dokument

Når kan eg ikkje nytte eDialog?

  • viss fylkeskommunen tilbyr eigne elektroniske skjema til formålet
  • viss du har generelle førespurnader (send heller ein vanleg e-post)

Nyttig å vite når du fyller ut eDialog-skjema

  • Beskriv kva sendinga handlar om i tittelen. Har du allereie eit saksnummer frå Rogaland fylkeskommune, skriv du dette inn i tittelen.
  • Din kommentar blir lagt inn som eit eige vedlegg til sendinga.
  • Vurder om sendinga inneheld følsame personlege opplysningar.
  • Last opp nødvendige vedlegg.
  • Du får ei kvittering i nettlesaren din. Denne blir òg sendt til e-postadressa din med referansenummer for sendinga.

Du kan svare fylkeskommunen via eDialog

Viss Rogaland fylkeskommune sender brev til deg via Altinn/eBoks/Digipost vil du i sendinga sjå ei lenke til eDialog-skjema "Svar på denne sendinga". Der du kan fylle ut, laste opp vedlegg og sende tilbake. Svaret blir sendt direkte inn i saks- og arkivsystemet.

Bruk av tenesta gir mange fordelar

  • Data blir overført krypterte.
  • Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar.
  • Dokument blir sendt elektroniske og motteke direkte i fylkeskommunen sitt system.
  • Vi sparer tid og pengar på postgang, porto og registrering.

Treng du hjelp med eDialog?

Send gjerne ein e-post til firmapost@rogfk.no.