Ei kulturhistorie for Rogaland

5 Handverkarar og høvdingar

Om lag 1800-1700 før Kristus (f.Kr). vart steinalderen avløyst av bronsealderen. Bronse er ei legering av kopar og tinn, som måtte importerast til Noreg. 

Rogaland har mange funn frå bronsealderen. Konsentrasjonen er særleg stor på Jæren og ved Karmsundet, noko som vitnar om at desse områda alt nå er etablerte som viktige maktsentrum og innfallsportar for teknologi og kulturimpulsar utanfrå. Det er ei relativt kort strekning over havet mellom Rogaland og Jylland, som var del av det sørskandinaviske kjerneområdet for den europeiske bronsealderkulturen. 

Avansert smedarbeid

Dei eldste funna av bronsegjenstandar i Rogaland er to øksar frå cirka 1500 f.Kr., den eine frå Tjelta og den andre frå Skasvatnet i Klepp. Sistnemnde er truleg produsert i England, medan øksa frå Tjelta er meir primitivt forma og sannsynlegvis støypt lokalt. Bronse kan smeltast om og støypast på nytt, og fleire funn av støypeformer tyder på at kunnskapen om dette handverket etter kvart har blitt utbreidd. Dei to spektakulære bronselurane frå Revheim viser langt meir avansert smedarbeid. Det er mogleg at lurane vart laga i Rogaland, men me veit det ikkje sikkert. Bronsesmedane er eksempel på ei gryande spesialisering av handverkarar i det rogalandske samfunnet. 

Flyfoto over Rehaugane på Karmøy - Klikk for stort bildeRehaugane på Karmøy sett frå lufta mot sørvest. Haugavågen bak, til høyre i bildet. Rogaland fylkeskommune

Dei mange gravminna frå bronsealderen i Rogaland vitnar også om at samfunnet er blitt meir hierarkisk. Dei store gravhaugane i Reheia på Karmøy var 40-45 meter i diameter og 5-6 meter høge, og er blant dei største monumenta me har frå denne tida i heile Noreg. Ein så stor arbeidsinnsats kunne berre svært rike og mektige slekter ha råd til. Eit anna eksempel er grava på Ræge i Sola frå 1200 f.Kr., Noregs rikast utstyrte kvinnegrav frå eldre bronsealder. Her er ei rekke bruks- og pyntegjenstandar i bronse som skulle følgja den døde. Rægefunnet er eit av fleire funn som fortel at også høgtståande kvinner hadde makt og status i bronsealdersamfunnet. 

Bronsereiskapar og smykke var det nok ikkje mange «vanlege folk» som hadde råd til. Øksar, knivar og pilespissar av flint og annan stein var framleis i bruk. Sjølv om jordbruk og fehald greip om seg, var jakt og fangst stadig viktig. Ikkje minst var skinn, pelsverk og horn frå fjellområda ettertrakta som handelsvarer. 

Stadige endringar

Busetjing og byggeskikk endra seg gradvis. Nye gardar vart bygde lenger inne i landet, på Jæren typisk på hólane, dei sjølvdrenerte moreneryggane. Menneske og dyr budde i langhus under same tak. Mønsteret er enkeltståande gardar eller små klynger – berre i eitt tilfelle, Landa på Forsand, ser me eksempel på ein landsby, som var den vanlege måten å organisera busetjing på lenger sør i Europa. Særleg på Jæren, der det er gjort mange utgravingar av jordbruksbuplassar, ser ein at området må ha vore relativt tett befolka i bronsealderen. Ein ser òg tydeleg likskap med byggeskikken og samfunnsstrukturen i Jylland. 

Denne kontakten kjem òg til syne i dei mange helleristingsfelta me har i Rogaland. Helleristingane på Austre Åmøy og andre stader viser mange slags motiv, men eitt motiv er alltid til stades: skipet. Skipa syner større farkostar med rom for mannskap på 12 – 26 personar, synleg som strekar i skipet. Skipa har sterke likskapstrekk med mellom anna Hjortspring-båten frå Danmark, som er om lag 2300 år gammal. Skipsmotiv frå både eldre og yngre bronsealder syner ein skipsteknologi der det hvar mogleg å kryssa ope hav.  

Helleristningar      

Helleristninger - Klikk for stort bildePå Solbakk i Strand kommune er det i likskap med store deler av Rogaland skipet som er størst representert. Her kan man sjå to ulike typar skip med mannskap hogd inn i berget ved sjøkanten. I tillegg til dei 31 skipsfigurane er det også 8 solfigurar i form av sirkelforma figurar. Åge Pedersen, Arkeologisk museum, UiS ©

I Norge finst det to hovudtypar av helleristningar - veideristningar og jordbruksristningar. Rogaland er eitt av områda i Norge som har den største konsentrasjonen av bergkunst med omlag 186 lokalitetar. Desse ligg i hovudsak på Jæren, og består av jordbruksristningar. Desse kan daterast til bronsealderen (1700-500f.Kr.). 

Dei vanlegaste motiva i Rogaland er skip, både med og utan mannskap, då dette utgjer om lag 3/4 av ristningane. Andre vanlege motiv er skålgroper, spiralar, solfigurar, fotavtrykk og ringar. 

Menneske og dyrefigurar for seg sjølve er noko sjeldnare å finne, men av dei som er påviste, ligg desse i hovudsak på lokalitetane i Sola kommune. 

Helleristningar og deira betydning er noko som både forskarar og andre alltid har interessert seg for. Det er noko mytisk og mystisk ved denne typen kulturminne. Bergkunsten kan vere med å uttrykke fleire aspekt av menneska i fortida sine liv. Frå det fysiske og kvardagslege til det religiøse og kosmologiske. Dette kan dermed gi eit innblikk i livet og etterlivet til menneska som levde i Rogaland i bronsealder. 

Forhistorisk byggeskikk 

Daglegliv i langhuset i folkevandringstida (400-570 e.Kr.) Illustrasjon: Arkikon - Klikk for stort bildeDaglegliv i langhuset i folkevandringstida (400-570 e.Kr.) Illustrasjon: Arkikon

Det er få spor som fortel om bustadar og byggeskikk frå dei eldste tidene. Likevel kan ein ut frå dei spora ein har, og samanlikningar med etnografisk material, gå ut frå at i eldre steinalder budde mange i hytter som liknar på gammer. Golvet i hyttene var grave ned i bakken og dekka med kvist eller bark. Taket besto av stokkar dekka med torv. Under kortare opphald har menneska heilt opp til historisk tid budd i telt, holer eller hellarar. 

Det var ikkje før jordbruk og husdyrhald blei vanleg i yngre steinalder og bronsealder, at hus og gardar vaks fram. Dei eldste husa i Rogaland er langhus frå yngre steinalder bygd med stolpar grave ned i jorda. Veggene bestod av mindre, tettståande stolpar med flettverk av greiner tetta med leire. Desse langhusa var toskipa, det vil seie at ei rekke med takbærande stolpar gjekk langs midten av - og delte huset i to. Slike hus var 10–20 meter lange og 4–8 meter breie. Inngangsdørene var vanlegvis på midten av langsidene. 

I løpet av bronsealderen vart langhusa treskipa. Taket vart halde oppe av to rekker med parvise stolpar i ein grindkonstruksjon. Husa vart delte inn i fleire rom, eitt for folk og eitt for husdyr. I løpet av jernalderen vart langhusa større og det vart vanleg med to parallelle hus på gardane, eit stort og eit mindre. På nokre gardar var det òg eit mindre hus som kunne fungera som verkstad eller reiskapslager. Mange av langhusa i jernalderen hadde ein ekstra yttervegg av stein og jord. Dei treskipa langhusa var 10–60 meter lange og 5–9 meter breie. Det lengste langhuset me kjenner frå Noreg ligg på Vadland i Hå, og er i dag om lag 75 langt, men har vore større, minst 90 meter langt. I løpet av vikingtida og tidleg mellomalder vart lafta hus vanlege, kor dyr og folk budde kvar for seg (i eigne bygningar). Grindkonstruksjonen blei vidareført i mange løer, naust og andre bruksbygg heilt fram til vår tid. 

Bilde av arkeologiske utgravinger i Klepp - Klikk for stort bildeGjennom arkeologiske utgravingar blir langhusa synlege gjennom spor i bakken etter veggstolpar og takberande stolpar. Biletet er frå utgravinga av jordbruksbusettinga på Kvåle i Time der det vart funne både toskipa og treskipa hus frå fleire periodar. Kate Syvertsen, Arkeologisk museum, UiS ©

​​​