Ei kulturhistorie for Rogaland

14 Eit nytt Rogaland blir til

Folketeljinga i 1801 viste at det budde 41 557 personar i Rogaland. Det utgjorde 4,7 prosent av folketalet i Noreg mot 8.5 prosent i 2000. Dei aller fleste av desse budde i landkommunane, mindre enn 10 prosent budde i dei få byane og tettstadene. Fram til 1900 kom dette til å endra seg sterkt, noko som kom til å omforma bygdene og forma dei byane og tettstadene me kjenner i dag. I løpet av desse 100 åra endra og tyngdepunktet seg mellom dei fire regionane i fylket. Det skapte eit hamskifte for bygdene, men i like stor grad og for dei mange tusen som flytta frå bygdene til byane for å skapa seg eit nytt tilvære der. Gamle kulturmiljø endra seg og nye blei skapt, det fekk og stor innverknad på den immaterielle kulturen. 

Mange faktorar verka saman og skapte desse endringane som og gjorde at folk i Rogaland i langt høgare grad og blei ein del av globale utviklingtrekk. Næringsliv og kultur hadde lokale føresetnader, men desse henta og impulsar utanfrå og me blei i langt høgare grad deltakarar i internasjonalt varebyte og kulturutveksling. Sildefiske, seilskutefart og omleggingane i landbruket var dei viktigaste faktorane i denne omforminga av Rogaland. Dette var og ei utvikling som gjorde ein meir sårbar for nasjonale og internasjonale endringar.

Statistikken fortel at folketalet i Rogaland blei dobla frå 1835 til 1891. Det tala ikkje fortel er at mange og såg seg tvungne til å utvandra, spesielt i åra etter 1860. Dei flytte med seg kulturminne til den andre sida av Atlanterhavet, men samstundes skapte oppbrotet også kulturminne som blei verande att som forteljingar om det og dei som hadde vore. 

Folketalet i Stavanger amt 1825-1891

Folketallet i Stavanger amt 1825 - 1891
Årstall Folketal Prosentandel i byar og ladestader Prosentandel på bygda
1825 57 464 8,30 91,70
1835 67 674 9,30 90,70
1845 78 210 13,10 86,90
1855 91 539 16,20 83,80
1865 104 868 23,60 76,40
1875 114 164 27,60 72,40
1891 117 008 31,50 68,50