Ei kulturhistorie for Rogaland

6 Jernet tek over

Om lag 500 f.Kr. blir eit nytt metall teke i bruk. Jernet skulle revolusjonera mange sider av samfunnslivet, frå jordbruk til krigføring, og har gitt namn til ein lang historisk epoke. Den eldre jernalderen går over tusen år, fram til 550 e.Kr. 

Det harde jernet eigna seg betre til reiskapar og våpen enn både stein og bronse. Det hadde også den fordelen at det kunne utvinnast lokalt, og jernvinner av myrmalm finst det mange av i Noreg. Også i Rogaland har ein spor etter jernvinna, særleg i dei indre stroka. Frå Tagholt i Lund kjenner me til eit av dei eldste jernvinneanlegga. Med jernøks vart det lettare å rydda skog og byggja hus og skip, og bøndene fekk effektive reiskapar som ljåar, sigdar og lauvknivar av jern å hjelpa seg med. 

Ein av mange kólgroper som er funnen langs med munningen av Ørsdalsvatnet og Odlandshølen.  - Klikk for stort bildeEin av mange kólgroper som er funnen langs med munningen av Ørsdalsvatnet og Odlandshølen. Rogaland fylkeskommune

Byggeskikken som tok til i bronsealderen utvikla seg vidare i jernalderen. Overgangen til jordbruk som viktigaste leveveg kravde mindre areal, men også tydelegare grenser mot grannane og fastare organisering. På Forsandmoen ser me eit framhald av den heilt særeigne landsbystrukturen. Mengda av gardar på moen aukar etter at jernet blir introdusert, og når ein topp i folkevandringstida med heile 16 gardar samla og truleg over 200 menneske og nærmare 400 storfe. 

Den rekonstruerte Jernaldergarden på Ullandhaug er eit meir typisk eksempel på enkeltliggande gardsanlegg som vart bygde i denne tida (350-550 e.Kr.). Her er tre parallelle langhus for menneske og husdyr, med dyrka innmark innanfor eit gjerde mot utmarka. Det budde neppe meir enn 15-20 menneske her samstundes. I Rogaland finst særleg mange eksempel på gardar av denne typen. Fordi husveggar, gjerde, rydningar og graver vart bygde i stein, finn me nokre stader spora av dei bevart i utmark og beitemark. I Gjesdal og i Bjerkreim finn me særleg mange slike øydegardar. Tuftene etter husa ligg igjen som låge vollar i landskapet, fegata og markagarden er òg ofte synleg, og innimellom ligg rydningar, graver og åkerlappar som vitnar om organiseringa av jernaldergarden. 

Det ringforma tunanlegget "Dysjane" med Tinghaug i bakgrunnen, Klepp kommune.  - Klikk for stort bildeDet ringforma tunanlegget "Dysjane" med Tinghaug i bakgrunnen, Klepp kommune. Rogaland fylkeskommune

Ein spesiell fornminnetype er dei ringforma tunanlegga, med bygningar rundt ein sentral, open plass. Det finst eit trettital av dei i Noreg, åtte i Rogaland. Dei har neppe vore anlegg for ordinær busetjing, men heller stader for religiøse eller rettslege samlingar. Dei over 50 bygdeborgene i fylket, med tyngdepunkt på Nord-Jæren og i Dalane, fortel òg om konfliktar og vald mellom ulike grupper. Det er ikkje tvil om at det krev ein viss grad av organisering for å byggja desse anlegga, og at det må ha vore eit behov for å forsvara seg.

I eldre jernalder ser me at fleire maktsenter vert etablerte i Rogaland, men spesielt to utmerkar seg: Tinghaugområdet sentralt på Jæren og Avaldsnes, strategisk plassert ved Karmsundet. Den rike kvinnegrava på Krosshaug i Klepp vitnar om ei kvinne som har vore ein del av den øvste sosiale eliten. Gravgodset som kvinna har fått med seg fortel om internasjonal kontakt. Avaldsnes er særleg kjent som kongssetet til Harald Hårfagre og dei norske kongane etter han. Gravfunnet frå Flaghaugen, like ved kyrkja på Avaldsnes, fortel om ein høvding som har hatt ei av dei fremste stillingane i eit skandinavisk nettverk i romartid. I Rogaland har vore fleire maktsenter med stor innverknad og nær kontakt med det nordeuropeiske kontinentet i ei tid der Romarriket dominerte i store delar av Europa. 

Bygdeborger

Finnborg er ei bygdeborg som ligg på ei lita øy nordaust for Kyrkjøy i Stavanger kommune. - Klikk for stort bildeFinnborg er ei bygdeborg som ligg på ei lita øy nordaust for Kyrkjøy i Stavanger kommune. Rogaland fylkeskommune

Bygdeborger er forsvarsverk som ligg på toppen av bratte åsar og berg. I Rogaland kjenner vi til over 50 bygdeborger. I dag er dei synlege som utrasa steinmurar der terrenget har vore lettast å ferdast i. Fleire stader har murane truleg vore forsterka med palisadar av tre, og det er også funne hustufter innanfor nokre av borgene. Murane var tørrmurt av lokal stein, og bygdeborgene må ikkje forvekslast med dei murte festningsverka som ein kjenner frå mellomalderen og seinare. 

Bygdeborgene kan i all hovudsak daterast til eldre jernalder, men ein har også bygd og brukt slike forsvarsverk i yngre jernalder. Dei tydelege teikna på forskansing syner at det har vore naudsynt å forsvare seg, men det finst også andre tolkingar av anlegga. 

Lokale segner og historier er ofte knytte til bygdeborgene. I Rogaland er særleg bygdeborga på Ytraberget kjent gjennom Snorre sin omtale av slaget i Hafrsfjord. 

Kulturminne i fjell-, hei og utmarksområde

Kulturminne i utmark er ei samansett gruppe. Dei spenner over fleire tids-periodar og famnar mange ulike kategoriar leivningar. Etter at isen trekte seg attende, har fjellet og utmarka vore ein ressurs for jegarar og gardbrukarar i meir enn 9000 år. Her finn ein steinalderbuplassar, hellarar og dyregraver like attmed spor etter ferdsle, handel, stølsbruk, torvuttak, myr-slått og lauving. Jern- og kolproduksjon, steinbrot og gruvedrift har óg sett sine spor i kulturlandskapet. 

Stadar og naturformasjonar kan dessutan vera knytta til historiske hendingar, tru og tradisjonar. Det er ikkje berre dei fysiske kulturminna i utmarka som skal forvaltast. Norge har óg ratifisert UNESCO - konvensjonen av 2003 om immateriell kulturarv. For kulturlandskapet i fjell- og utmarksområde, kan dette til dømes omfatte ei vidareføring av nedarva praksis og handlingsmønster knytta til 

utmarksbruken over tid. Der ein gamal støl eller buplass skjuler seg, kan ein ofte berre sjå ei lysing i skogen. Det kan óg vera stein lødd i steingardar, i små hustufter, eller som livd framfor ein hellar. Jordbotnen på fjellet er gjerne skrinn og kulturlaga er tynne. I centimeter er det sjeldan langt mellom steinalderbuplassen og kaffikjelen, men tidsdjupna kan vera stor og bruksfasane mange. Ein må hugse på at bruken av dei historiske stølane som ressursområde, oftast går langt tilbake i førhistoria. 

Samanlikna med monumentale gravminne og gardsanlegg i låglandet, er kulturminne på fjellet og i utmarka ofte lite prangande. Dei kan verke smålåtne og enkle, noko som ikkje svarar til den rolla dei har hatt i samfunnsøkonomien. Utan heilskapleg kunnskap om kulturminne i utmarka har vi ikkje moglegheit å forstå busetnadsområda og dei førhistoriske samfunna fullt ut. 

Bilde fra Storhidler i Hjelmeland kommune - Klikk for stort bildeStorhidler i Hjelmeland kommune. Fangstbuplass frå eldre og yngre steinalder, historisk støl og jakthytte frå nyare tid. Foto: Rogaland fylkeskommune. Rogaland fylkeskommune