Ei kulturhistorie for Rogaland

16 Landbruksindustrien veks fram

Det første meieriet på Jæren vart starta på Køhler-garden på Nesheim i Nærbø i 1854. 

Neste steg i landbruksmoderniseringa var spesialiserte bedrifter som tok seg av funksjonane som tidlegare vart utførte på den enkelte garden: slakteri, meieri, ysteri og ullvarefabrikkar. Det første meieriet på Jæren vart starta på Køhler-garden på Nesheim i Nærbø i 1854. Før hundreåret var omme, hadde det fått følgje av 11 til berre i Jærregionen, og offisielle tal frå 1926 viser at det då var heile 37 meieri i fylket. 

På Ålgård grunnla haugianaren Ole Nielsen frå Hjelmeland Aalgaards Uldvarefabrik i 1870. Den var strategisk plassert med kraft frå det lokale fossefallet og med kort avstand til dei store sauedistrikta i det indre av fylket. Fabrikken ekspanderte, og aksen Gjesdal-Sandnes vart etter kvart sentrum for ein sterk ullvareindustri. 

Ei viktig landbruksbasert bedrift i Ryfylke var Tou Mølle, etablert i 1855. Her vart det produsert øl og mjøl, men bryggeriverksemda vart flytta til Stavanger i 1901. Sandnes og Høyland satsa på ein annan kornbasert spesialitet, nemleg havremøller. I 1945 låg 14 av dei 18 havregrynsmøllene i landet i Rogaland, dei fleste innanfor grensene av det som i dag er Sandnes kommune. Nå er berre Stangeland Mølle igjen, og den har flytta produksjonen til Skurve i Gjesdal. 

Mange av dei nye foredlingsverksemdene i landbruket vart organiserte som samvirkebedrifter, der bøndene sjølve stod som eigarar og fekk del i overskotet. Lokale sparebankar sytte for at inntektene frå den aukande økonomiske aktiviteten vart verande i lokalsamfunnet og styrte inn i nye investeringar. Slik gjekk utviklinga hand i hand med det demokratiske gjennombrotet i andre halvår av 1800-talet.

Flyfoto av Ålgård i 1962. på bildet er særlig dei tidlige industribygga synlige, med blant anna Veveriet(1898), kraftverket til De forenede ullvarefabrikker (DFU)(1912) og  Storahuset(1884). Rundt industrien er det mange arbeider- og funksonærbustader. Foto: Widerøe flyselskap AS  - Klikk for stort bildeFlyfoto av Ålgård i 1962. på bildet er særlig dei tidlige industribygga synlige, med blant anna Veveriet(1898), kraftverket til De forenede ullvarefabrikker (DFU)(1912) og Storahuset(1884). Rundt industrien er det mange arbeider- og funksonærbustader. Foto: Widerøe flyselskap AS

For å effektivisera gardsdrifta trongst det betre reiskapar. Frå ei smie på Kvernaland bygde O.G. Kverneland opp ein plogfabrikk som ennå i dag er blant dei leiande på verdsmarknaden. Han og andre gründerar, som Andreas H. Serigstad og F.A. Underhaug, skapte ei jærsk industriklynge som gjennom mange omstillingar framleis representerer noko av det beste av rogalandsk og norsk industrikultur. 

Krossens havremølle er ei havregrynsmølle frå 1912 der maskineriet står som det gjorde då produksjonen opphøyrte i 1988. Mølla er i dag ein del av Jærmuseet, og Vitenfabrikken er bygd på same tomt. Foto: Jærmuseet  - Klikk for stort bildeKrossens havremølle er ei havregrynsmølle frå 1912 der maskineriet står som det gjorde då produksjonen opphøyrte i 1988. Mølla er i dag ein del av Jærmuseet, og Vitenfabrikken er bygd på same tomt. Foto: Jærmuseet