Ei kulturhistorie for Rogaland

27 Revolusjon i helsestellet

Sjølv om det er historisk belegg for at biskop Torgils grunnla eit hospital i Stavanger alt i 1272, var helsestellet i Rogaland lenge dårleg utbygd, slik tilfellet var også i andre delar av landet. Helsetilstanden og dei hygieniske forholda var skrale, og smittsame sjukdommar tok mange liv. Eit sjukehus for «radesjuke» - eit samlenamn for mellom anna spedalskheit og syfilis – vart starta opp i Stavanger på slutten av 1700-talet, men det førte ikkje til særleg framgang i kampen mot sjukdommane. 

Eit uhyggeleg eksempel på kor ille det framleis stod til hundre år seinare, var «Den Kombinerede Indretning» i Stavanger. Det var etablert i 1845 og tenestgjorde som sjukehus, fattighus, «dårekiste» og tvangsarbeidsanstalt. Alexander Kielland dokumenterte dei umenneskelege forholda der i ein kritisk artikkelserie i Stavanger Avis, og institusjonen vart nedlagd. I 1897 vart Stavanger sjukehus opna, og i 1913 «Dale Asyl», eit spesialsjukehus for psykisk sjuke. 

Etter kvart kom det også sjukehus og andre helsetilbod fleire andre stader i fylket. Fleire av dei vart sette i gang av ideelle organisasjonar. I nordfylket starta Norske Kvinners Sanitetsforening eit sjukehus i Kopervik i 1925 og Haugesund Revmatismesykehus i 1957 – det sistnemnde er framleis i drift. I sørfylket vart det etablert to store institusjonar for psykisk utviklingshemma like etter krigen – Norges Røde Kors stod bak Bakkebø i Eigersund, medan Nærlandheimen i Hå vart driven av Diakonforbundet. Begge vart nedlagde i samband med reforma av helsevernet for psykisk utviklingshemma (HVPU-reforma) på 1990-talet. 

Denne omlegginga føyer seg inn i eit mønster, der ein stadig større del av helsetilbodet blir gitt i regi av det offentlege, og der ambisjonane og kostnadene har blitt stadig høgare. Helse-og sosialbudsjettet utgjer i dag den klart største delen av dei offentlege utgiftene. Krav om effektivisering, større fagmiljø og meir spesialisering har ført til sterkare sentralisering av helsetilbodet. Kampen om framtida for dei små sjukehusa i Sauda og Egersund var ein gjengangar i fylkespolitikken på 1980- og 1990-talet. I 2001 vart sjukehusa overførte til statlege helseføretak, Helse Stavanger i sør og Helse Fonna i nordfylket, og det meste av akutt- og spesialisthelsetenesta er samla på det som nå heiter Stavanger universitetssjukehus og Haugesund sjukehus. Sjukehus og andre helseinstitusjonar er også blitt stadig større og viktigare arbeidsplassar i fylket. 

Fylkeshuset i Stavanger - Klikk for stort bildeGamle Stavanger sykehus blei bygd i 1897, og er teikna av Arkitekt Hartvig Eckhoff, som og teikna Rogaland teater og Stavanger museum. I 1984 overtok Rogaland fylkeskommune bygga. Foto: Rogaland fylkeskommune