Ei kulturhistorie for Rogaland

30 «Lykkelandet»

Oppfatninga av Rogaland som fattig før oljå kom, er ein myte, sjølv om Stavanger hadde nokre vanskelege år etter nedgangen i hermetikkindustrien. I heile etterkrigstida auka fylket gradvis sin del av folketalet i landet, og næringslivet vart meir mangfaldig og mindre konjunkturavhengig. 

Likevel er det ikkje tvil om at oljenæringa frå 1970-talet gav støyten til ein vekst og velstand utan sidestykke, og til djupe kulturelle endringar. Store oljebasar grodde fram i Risavika og Dusavika, mektige administrasjonsbygg på Forus. Rogalendingar vart fortrulege med amerikansk oljesjargong, «avholdsbyen» Stavanger vart historie, og prangande hus vitna om ny rikdom. I Jåttåvågen står det skeive tårnet som minne om store industrielle bragder. I Kvernevik står Kielland-monumentet som påminning om at oljå også førte med seg store menneskelege tragediar. 

Bilde av Ekofiskveggen under bygging i Vindafjord på slutten av 80-tallet. Foto - Klikk for stort bildeOljealderen har betydd mykje for industrien i Rogaland, blant anna har mange store anlegg blitt bygd i fjordane. Her frå bygging av Ekofiskveggen i Vikebygd i Vindafjord mellom 1988-1989. ConocoPhillips, Norsk Oljemuseum.

«Lykkelandet» vart både beundra og misunnt av resten av Noreg. Statusen som oljefylke vart ei kjelde til ny stoltheit blant rogalendingane, av og til på grensa til det vulgære, som når Oilers-tilhengarane syng «Me kan kjøba heila Oslo om me vil…» 

I kulturlivet er Rogaland blitt meir synleg både nasjonalt og internasjonalt, uttrykt på så forskjellige vis som at Stavanger var europeisk kulturby i 2008, Haugesund er arena for den største norske filmfestivalen og Jæren er leverandør av internasjonale fotballspelarar. Det gamle bedehusfylket er i dag prega av eit stort kulturelt mangfald, samstundes som den internasjonale orienteringa som alltid har vore der, har fått mange nye omdreiingar. 

Veksten har akselerert omstillingane, på godt og vondt. Det høge oljedrivne kostnadsnivået i kombinasjon med framveksten av billeg produksjon i fattigare land skapte problem for mykje av fastlandsindustrien. Dei lagar ikkje syklar på Sandnes lenger. Auken i folketal og nyetableringar har også gått hardt ut over landbruksjorda i fylket. Bruken av arealressursane er i dag eit stort konfliktemne i fleire kommunar. 

Det mest illustrerande dømet på korleis kulturlandskapet i Rogaland har blitt endra av den økonomiske utviklinga det siste hundreåret, er nok Stokkavatnet på grensa mellom nåverande Stavanger, Sandnes og Sola kommunar. I 1906-1912 vart det tappa ut for å gi rom for nydyrking – det største av 20 slike tørrleggingsprosjekt i perioden mellom 1863 og 1953. Etter nokre tiår som jordbruksland vart det til Forus industriområde, som i dag er ein av dei mest dynamiske næringsparkane i landet. 

Gjennom alle endringar er det likevel eit trekk som vender tilbake: Rogaland er i dag, som tidlegare i si historie, avhengig av ei dominerande næring, basert på ressursar frå havet og prisgitt internasjonale konjunkturar. Og spørsmålet blir stilt med større styrke: Kor berekraftig er det at så mange av oss lever av ein ikkje-fornybar ressurs som verda må bruka mindre av? Svaret på det spørsmålet vil vera avgjerande for korleis Rogaland vil utvikla seg i åra som kjem. Og den som vil skapa ei ny framtid, gjer som regel lurt i å kjenna si fortid.