Ei kulturhistorie for Rogaland

15 Det store hamskiftet

Hausten 1810 reiste løytnant P.P. Flor over Jæren. I rapporten han skreiv til oppdrags-givaren, Det Kongelige Selskab for Norges Vel, peika han på dei enorme mengdene av stein som låg i jorda på Jæren. Her måtte det gjerast eit stort ryddingsarbeid før ein kunne setja plog i jorda, men det kom neppe til å skje, sidan «Bonden ingen Lyst har til at gjøre Forsøg, anseende det for et Arbeide, som var umuligt, og langt vilde overstige hans Kræfter». 

Nå kan ein sikkert skriva litt av denne pessimismen på embetsmannsarrogansens konto. Det seiest om jærbonden at han spadde jorda og fekk fleire avlingar i året av di klimaet var så mildt. Jæren, til liks med øyane i Boknafjorden og Karmsund-området, hadde heilt sidan vikingtida produsert mykje meir korn enn dei trong til eige bruk. Det vart eksportert til andre delar av landet, til dømes den store gruvebyen Kongsberg, som på 1700-talet var den nest største i landet etter Bergen. Så kan hende såg embetsmannen ikkje heile soga. Biletet vårt av den «driftige jærbuen» og Jæren som det fremste og mest produktive jordbruksområdet i landet er likevel av ganske ny dato, det høyrer til modernismen og det industrialiserte samfunnet. 

Tidleg på 1800-talet var mesteparten av Jæren brun lynghei og myr, slik me kan sjå det på bileta til Kitty Kielland og andre jærmålarar. Den dyrka jorda låg som små gule og grøne flekkar ved dei flate jærhusa som dukka seg for den sure nordvesten. Og som løytnanten observerte, var det fullt av stein. 

Jorda på Nord-Jæren og øyane i Ryfylke, med dei lausare bergartane, var lettare å arbeida med. Indre Ryfylke og Dalane hadde mindre dyrkingsjord, men til gjengjeld andre fortrinn, som lunt klima, skog og fjell som tilbaud jakt og fangst som attåtnæringar, og gode fjellbeite for kyr og sauer. Frukt, bær og nøtter hadde frå gammalt av gitt eit visst tilskot til næringsgrunnlaget for bøndene i desse delane av fylket, og fruktdyrking vart etter kvart ei stor næring i Ryfylke. 

Men det var Jæren som hadde potensial for å driva landbruk i stor skala. Og det skulle endra både natur og samfunn radikalt det neste hundreåret. Steinete jord vart rydda, myrar drenerte og vatn tappa ut til fordel for dyrka mark. Jæren skifta farge frå brunt til grønt. På denne tida tok ein også til å planta skog, som gjorde det nakne og forblåste landskapet lunare. I dag må me til det verna heielandskapet rundt Synesvarden for å sjå korleis mest heile Jæren såg ut for 200 år sidan. 

Oppdyrkinga og omskapinga av Jæren hadde fire ytre føresetnader. Den første var politisk. I 1821 vart den første utskiftingslova vedteken. Frå å driva jorda i fellesskap med teigblanding fekk bøndene nå klare, faste grenser for eigedommane, som i mangel av trevirke vart markerte av det jærske ikonet framfor alle: steingardane. Dei gamle klyngetuna vart erstatta av enkeltståande løer og våningshus. 

Gjennomsnittlig kornproduksjon per bonde i Rogaland før det store hamskiftet, utarbeida etter matrikkelen av 1723 - Klikk for stort bildeGjennomsnittlig kornproduksjon per bonde i Rogaland før det store hamskiftet, utarbeida etter matrikkelen av 1723. I Nord-Jæren produserte ein bonde i snitt 33,6 tønner korn, på Boknafjordøyene 33,3 tønner korn, desse to var dei mest fruktbare områda. I Dalane produserte kvar bonde i snitt 13,3 tønner korn, i Sauda og Suldal 11,7 tønner. Bøndene på øyene og Ryfylke produserte tre gonger meir korn i snitt enn bøndene i Dalane, Sauda og Suldal. I Haugesund, Tysvær, Bokn og Karmøy produserte kvar bonde i snitt 17,3 tønner korn, i Fjordbygdene i Ryfylke og Vindafjord produserte kvar bonde 21,9 tønner korn, og på Sør-Jæren produserte kvar bonde 25 tønner korn i snitt. Desse regionvise skilnadane går tilbake til mellomalderen eller lenger. Ei tønne korn er 139,6 liter og tilsvarer 61,6 kg havrekorn

For det andre slo den tids globalisering inn over landet. Billeg korn frå Austersjø-landa og seinare frå den amerikanske prærien gjorde korndyrking i Noreg mindre lønsamt, særleg i eit marginalt kornområde som Jæren. Til gjengjeld førte den raske byveksten og utbygginga av samferdsla, særleg Jærbanen i 1878, til at det opna seg ein større marknad for husdyrprodukt – mjølk, ost, kjøt og egg – både i nærområdet og i andre delar av landet, og jamvel for eksport. Jæren gjekk frå åkerland til grasland. Og endeleg kom det teknologiske nyvinningar, framfor alt steinbukk og dynamitt, som gjorde ryddinga av den jærske morenejorda lettare. Plog erstatta spade og ard, og etter kvart vart det introdusert mange andre nye reiskapar og metodar som auka effektiviteten i gardsarbeidet. Også produktiviteten i husdyrhaldet voks kraftig. Frå 1830 til 1900 vart gjennomsnittleg mjølkemengd per ku firedobla, frå 500 til 2000 liter i året. 

Alvedans er nemning på ein type kulturminne som først og fremst er kjent frå Jæren.  - Klikk for stort bildeAlvedans er nemning på ein type kulturminne som først og fremst er kjent frå Jæren. Dei er spor etter stakkeplassar der det er blitt lagra høy og dei ligg helst i tilknytning til utmark. Dei teiknar seg som ovale, runde eller firkanta fordjupningar og forhøgingar i landskapet. Grøftene er gravne for drenering slik at høystakkane skulle halda seg mest mogleg tørre i vintermånadene. Nemninga "alvedans" kjem av at desse stakketuftane i folketrua vart sett på som stader der alvane dansa nattestid. Alvedansane si brukstid går heilt tilbake til jernalderen, men har vore i bruk i heile det førmoderne jordbruket. Foto: Arkeologisk museum, UiS ©

Til saman førte dette til det me kallar «det store hamskiftet» i landbruket på 1800-talet, ei omlegging frå sjølvbergingsjordbruk til handelsjordbruk for ein marknad. Det var både ei teknisk, økonomisk og mental omstilling. Bonden måtte tenkja meir som ein næringsdrivande, og då handla det om effektivisering, stordrift, kommersialisering og satsing på det som lønte seg best. Etter kvart vart det etablert landbruksutdanning, rådgivingsteneste og faglag som sytte for at kunnskap om nye driftsmåtar vart spreidd og teken i bruk. 

I denne omstillinga tok Jæren ei leiande rolle. Årsakene er nok samansette, men ei av forklaringane er at dei sosiale forskjellane på landsbygda på Jæren og i Rogaland var relativt små. Eit bondesamfunn «av jamlikar», for å sitera jordbrukshistorikaren Stein Tveite, la betre til rette for personleg innsats og kunnskapsutveksling enn tilfellet var på Austlandet, med storgardar som i større grad baserte drifta på billeg arbeidskraft frå husmenn og landarbeidarar. Lokale føregangsmenn, særleg Jan Adolph Budde og landbruksskulen på Austrått(1846-1876) dreiv kunnskapsutvikling og formidling. Budde var ikkje berre sentral i oppbygginga av den norske landbruksundervisninga med fokus på moderne landbruksmetodar. Han bidrog og til etablering av landbruksrelatert industri som redskapsproduksjon og havremølleindustri, som etter kvart blei sentrale næringsgreiner på Jæren. Budde sto og bak dei fyrste store dreneringsprosjekta på Jæren og var ikkje minst sentral i forhold til den såkalla «skogreisingssaken». Budde tok på midten av 1850-talet til med både planteskoledrift og plantefelt.

Desse initiativa kan sjåast som forløyperar til dei store statlege initiativa knytta til reetableringa av dei utarma skogane på bl.a. Jæren. Budde var saman med bl.a. Hans Andreas Tandberg Gløersen initiativtakar til Statens Planteskule på Sandve i 1867. Gløersen sto også bak det store statlege plantefeltet Høylandskomplekset, som etter ein stor skogbrann i 1970 ble omdannatil Rogaland Arboret i 1972. Skogsaka og dei initiativa den førte til, kan med rette sjåast som Norge si første store klimasak.

På Hodne og Reve i Klepp, mellom Orrevatnet og kyststripa, ligg eit flott kulturlandskap som representerer det moderne jordbrukslandskapet på Jæren. - Klikk for stort bildePå Hodne og Reve i Klepp, mellom Orrevatnet og kyststripa, ligg eit flott kulturlandskap som representerer det moderne jordbrukslandskapet på Jæren. Dei snorrette steingardane fylgjer eigedomgrensene. Foto: Rogaland fylkeskommune

 

Den historiske garden frå kring 800 til på 1800-talet

Frå klyngetun til einskildtun

Eit gjennomsnitts bruk hadde frå gammalt av seks – sju bygningar som for det meste låg tett saman i eit klyngetun i lag med andre bruk på matrikkelgarden. Den opphavlege garden blei gradvis delt opp i fleire gardsbruk gjennom fleire hundre år.

Det vanlege var to – tre bruk, men dei største gardane kunne ha seks – sju bruk.   Gardsområdet var delt mellom tun, åker, eng og utmark. Arv og oppdeling av gardane førte til svært kompliserte grenser i innmarka (teigblanding), utmarka vart driven i fellesskap.

Drifta var komplisert og difor var rogalendingane dei som i størst utstrekning gjorde seg nytte av utskiftingslova i 1821. Lova var i fyrste rekkje retta mot utskifting av innmarka. Sidan kom det ei ny utskiftingslov i 1957, denne var retta mot utmarka. Resultatet var spreiing av den historiske garden med spreidde bruk/tun og ei betre utnytting av området. Nokre stader i Rogaland er klyngetuna bevarte, men utan teigblanding.

Klyngetunet på Syre på Karmøy.  - Klikk for stort bildeKlyngetunet på Syre på Karmøy. Foto: Widerøe Flyselskap AS

 

Bygg og byggeskikk på garden

Frå mellomalderen og fram til 1800-talet bestod eit gardstun av stovehus, bur, eldhus, fjøs, stall, løe og sauehus. Mange gardar hadde smie, kvern og naust samt ein eller fleire stølar, med eigne stover, fjøs og løer.

Frå midten av 1800-talet endra gardsbygga karakter. Frå å ha mange små bygg gjekk bøndene over til å bygge samanbygde driftsbygningar med fjøs og løe i eitt. I det industrielle jordbruket forsvann også  bruken av kvernhus, smie og stall. Med mindre utmarksbruk og stølsdrift forsvann også utløer og stølar. Utviklinga dei siste hundre åra går mot ein meir einskapleg nasjonal byggeskikk og færre bruk med meir intensiv produksjon, samt større driftsbygningar.

Byggeskikken på gardane og bygdene i Rogaland føyer seg inn i ein større vestlandsk og nordeuropeisk tradisjon. I vestnorsk og kystnær byggeskikk er våningshusa lafta og driftsbygga stavbygde. Grindbygget (stavbygget) går her inn i ein meir enn 3500 år gammal samanhengande bygningstradisjon, som heldt seg heilt fram til moderne tid. Stove/våningshus hadde treromsplanar av laftetømmer.

I mellomalderen var det vanleg med åre, seinare erstatta av røykomn, og røyken steig ut av eit hol i taket. På 1600-talet blei jernomn og peis meir vanleg og stovene fekk loft/lem og skorstein. Frå då av var midtgangshuset (eller lemstova) utbreidd. Stover i to etasjar blei mogleg, og desse finn vi i ladestader og byar. Jærhuset er eit døme på regional tilpassing; eit samansett hus av stove og bu, særleg tilpassa landskapet og klimaet på Jæren. Nausta i Ryfylke kan vere av laft eller grindverk, mot kysten av grindverk og stein eller berre stein. Andre lokale forskjellar kan ein sjå i taktekking, kledning og i til dømes kor tømmeret kjem frå. Slikt gjev lokale variasjonar  på grunn av klima, material og ressurstilgang.