Ei kulturhistorie for Rogaland

4 Jegeren blir bonde

For 5-6000 år sidan finn me dei første teikn på ei ny tid. Ei livsform basert på jakt, fiske og sanking er heretter ikkje lenger einerådande. Jordbrukaren trer inn på arenaen. Arkeologane kallar det for «den neolittiske revolusjonen», etter neolitikum, eller yngre steinalder, som tek til om lag 4000 før Kristus (f.Kr). 

Til revolusjon å vera gjekk han likevel svært så sakte. Arbeidet med å svi av og rydda den tette urskogen og gjera han om til dyrka jord og beiteland tok tusentals år. Jakt, fangst og fiske heldt fram med å vera det viktigaste næringsgrunnlaget for dei fleste i Rogaland lenge. 

Botanikarane finn spreidde spor av husdyrhald i Rogaland allereie frå 4000-3600 f.Kr. Det første husdyrbeinet som er funne her i landet, er bein av ein tamokse frå Stangelandshelleren i Klepp, datert til cirka 3000 f.Kr. Men først i perioden 2500-2200 f.Kr. kan ein snakka om eit gjennombrot for bondekulturen i Rogaland. Då finn me òg spor av korndyrking, i tillegg til husdyr som sau, geit og svin. 

Rydding og sviing forandra landskapet. Grunnlaget for dei karakteristiske kystlyngheiane vart lagt i denne perioden. Mellombels buplassar vart erstatta av faste gardsanlegg. Me finn restar etter dei første langhusa, der folk og husdyr heldt til under same tak. Med eit meir variert og stabilt næringsgrunnlag stig folketalet. Og sakte, men sikkert veks det fram meir lagdelte samfunnsformer. 

Oversiktsbilde av Slettabø ved Ogna - Klikk for stort bildeSlettabøbuplassen (markert med rød ring) ved Ogna er datert til perioden mellom yngre steinalder og eldre bronsealder, omkring år 2500-1500 f.Kr. På den tida sto havet høgare enn i dag og buplassen har låge på stranda. Slettabø blei undersøkt av arkeologar på 60-talet. Ved utgravingane blei det mellom anna funne store mengder keramikk som knytte den til jordbruksbusetnad andre stadar i Skandinavia. Slettabø, saman med andre lokalitetar i området, utgjer ein viktig plass i den arkeologiske forskingshistoria og i forståinga av overgangen frå fangst- til jordbrukssamfunnet i Norge. Rogaland fylkeskommune

    

Kystlyngheiane 

Lyngheilandskapet i Europa strekkjer seg frå det nordlege Portugal i sør til Lofoten i nord attåt store område i Irland og Storbritannia. Fram til bronsealderen (1800 – 500 f.Kr.) var dei ytre strøka av Rogaland dominerte av varmekjær lauvskog, eit resultatet av ein årleg gjennomsnittstemperatur 2 grader C. høgare enn i dag. Sjølv om ein også i bronsealderen dreiv mobilt svedjebruk til åkerbruk og beite, makta skogen å henta seg inn for kvar gong. 

Men kring 500 f.Kr. sokk temperaturen om lag til dagens nivå med kjølegare somrar og kjølegare og fuktigare vintrar. Det førte til at skogen ikkje fekk høve til å veksa seg opp att for kvar gong han vart avsvidd, og vart gradvis erstatta av kystlynghei. 

I periodar med folketap, som etter pestane etter 550 e.Kr. og 1350 e.Kr., var kystlyngheia på vikande front, men henta seg inn att når folketalet auka. Kystlyngheiane nådde i Rogaland den største utbreiinga midt på 1800-talet. Omlegging av jordbruket særleg etter 2. verdskrig har pressa lyngheiane tilbake. 

Kystlyngheiane er blant dei eldste kulturlandskapa vi har. Dei er ein del av ein felles europeisk kystkulturarv, og landskapstypen er i dag sterkt trua. I Rogaland er mellom anna Ognøy i Bokn og Synesvarden landskapsområde i Time blinka ut som område som det er viktig - og verdt å hegna om. 

Naturbilde fra Høg-Jæren - Klikk for stort bildeSynesvarden landskapsvernområde i Time. Rogaland fylkeskommune