Regionalplan for kulturmiljø 2023 - 2035

Regionalplan for kulturmiljø gir oversikt over viktig kulturarv i Rogaland, og sett rammer for den regionale kulturmiljøpolitikken. Planen inneheld både oversikt over kulturmiljø, mål, planretningslinjer og eit handlingsprogram som viser planlagde tiltak.

Planen – kort fortalt

Ein regional plan skal legge føringar for regional og kommunal planlegging og verksemd og bidra til samarbeid og utvikling med andre aktørar. Kulturmiljøvern skjer i samspel mellom det offentlege, eigarar, næringsliv og organisasjonar.  

Regionalplanen er utarbeidd av Rogaland fylkeskommune, i samarbeid med kommunane, musea, ulike organisasjonar og andre aktørar.  

Vedlegg til planen

Høyring og vedtak

Planen var på høyring mellom 7. desember 2022 og 15. februar 2023. 

Regionalplanen vart vedteken  i fylkestinget 14.juni 2023, i sak 77/2023.

Sjå sakspapir i den politiske møtekalenderen, sak 77/2023

Les høyringsinnspela til Regionalplan for kulturmiljø

Saksframlegg og vedlegg: