Ei kulturhistorie for Rogaland

20 Religions- og samfunnsliv

De var ute om seg på alle kanter, satte alle seil til, og mens de gikk så stille med sine salmer og saktmodig tale, var de i virkeligheten dristige — ja forvovne spekulanter.  (Alexander Kielland)

Grunnlova frå 1814 var blant dei mest demokratiske i verda. Men Norge var langt frå å vera eit demokratisk og fritt land etter våre dagars mål, aller minst på det religiøse området. 

Då grunnlovsfedrane skreiv under på dokumentet på Eidsvoll, sat Hans Nielsen Hauge fengsla på Akershus. Hauge er blitt kalla den viktigaste personen i danninga av det moderne Noreg. Som lekpredikant opponerte han mot lova som gav prestane einerett på forkynning, og det kosta han fleire år bak lås og slå. Samstundes var han ein økonomisk gründertype, og på dei mange ferdene sine rundt om i landet gav han vanlege folk inspirasjon og opplæring i korleis dei skulle starta eigne verksemder. Hauge personifiserte det sosiologen Max Weber har kalla «protestantismens etikk og kapitalismens ånd», og ved myndiggjeringa av allmugen både i åndeleg og økonomisk forstand la han grunnlaget for vidare demokratisering. 

Ingen stad slo Hauges tankar sterkare gjennom enn i Rogaland. Under leiing av den lokale haugianarføraren John Haugvaldstad frå Rennesøy vart dei snart ein maktfaktor både i det religiøse og det økonomiske livet. Teologisk var dei konservative, og kombinasjonen av streng kristendom og aggressiv forretningsdrift fall ikkje i smak hos ein liberal patrisiar som Alexander Kielland: «De var ute om seg på alle kanter, satte alle seil til, og mens de gikk så stille med sine salmer og saktmodig tale, var de i virkeligheten dristige – ja forvovne spekulanter». 

Bedehuset Bethel i Judaberg på Finnøy. Bedehuset er det første på Finnøy, og vart bygd i 1878. Presten og predikanten Lars Oftedal stod for bygginga. Foto: Rogaland fylkeskommune  - Klikk for stort bildeBedehuset Bethel i Judaberg på Finnøy. Bedehuset er det første på Finnøy, og vart bygd i 1878. Presten og predikanten Lars Oftedal stod for bygginga. Foto: Rogaland fylkeskommune

Frå haugianarane utvikla lekmannsrørsla seg vidare. Det første bedehuset vart bygt i Hjelmeland i 1840, og i løpet av dei neste tiåra spratt det opp bedehus i kvar einaste bygd og by i Rogaland, der predikantar forkynte, kvinner kokte kaffi, folk drøsa om nytt og gammalt og fekk utløp for gamblerinstinktet på anstendig vis under den årlege misjonsbasaren. 

Finansiering av misjonsverksemd var ein viktig del av aktiviteten til bedehusfolket – både indremisjonen i Noreg og den ytre misjonen på «misjonsmarker» som Zululand, Kina og Madagaskar. Stavanger vart misjonshovudstaden i Norge, markert blant anna med Misjonshøgskolen som vart grunnlagt alt i 1843. 

Det religiøse livet i Rogaland utmerka seg etter kvart med stort mangfald. Det vart etablert ei rekkje misjonsorganisasjonar, frikyrkjer og dissentarsamfunn som baptistar, metodistar, adventistar og pinsevener. Enkelte samfunn, som «dei sterktruande» i Eigersund, markerte både i religiøs praksis og levevis ein tydeleg avstand til storsamfunnet. 

Bedehuset og kyrkja var ikkje nødvendigvis i konflikt overalt, men ein del prestar såg på bedehusfolket med ublide auge, og motviljen vart ofte gjengjeldt. Den replikksterke predikanten Sven Foldøen frå Ryfylke skal ha gitt følgjande kommentar til ei bispeutnemning: «Før hengde dei røvaren på korset. Nå hengjer dei korset på røvaren.» 

Kristendom og politikk

Kristendom og politikk I siste del av 1800-talet var Lars Oftedal den uomstridde leiaren for bedehusfolket i Rogaland. Han var frå Stavanger med slekt frå Gjesdal, og var presteutdanna frå Kristiania. Etter eksamen var han ein periode sjømannsprest i Cardiff i Wales, der han vart inspirert av ei røffare og meir folkeleg form for forkynning. Oftedal prøvde det ut med stort hell blant gruvearbeidarane i Blåfjell i Sokndal, og mange vart omvende. Med base i bedehuset Bethania og prestekallet i St. Petri i Stavanger bygde han seg opp som religiøs leiar, politikar, redaktør og sosial entreprenør. Etter «fallet» i 1891, der han innrømma eit «usedeligt forhold», ramla denne posisjonen tilsynelatande i grus, men berre to år seinare gjorde han comeback ved å starta opp Stavanger Aftenblad. 

Som stortingsmann og samfunnsdebattant på 1880-talet drog Oftedal bedehusfolket med seg inn i den breie Venstre-koalisjonen som gjorde ende på embetsmannsstyret og demokratiserte landet. Men då Venstre etter kort tid vart splitta, vart Oftedal den uformelle leiaren for «moderate Venstre». Dette var ein forløpar for Kristeleg Folkeparti, som alltid har hatt ein sterkare posisjon i Rogaland enn i resten av landet. 

Samvirkerørsla

I historisk perspektiv blir Stavanger rekna som den viktigaste samvirkebyen i Noreg. Ingen andre byar har utvikla et så sterkt og omfattande system av forbrukarsamvirke og bustadsamvirke. Gjennom forbrukarsamvirket gjekk folk saman og etablerte felles innkjøp og omsetnad av varer for å sikre seg gode og rimelege varer. Initiativet til dei første samvirkelaga kom frå arbeidarar på dei største industriarbeidsplassane som i slutten av 1800-talet starta eigne butikkar kor medlemmene var med på å dela overskotet av verksemda. 

Tiltaket var vellykka og inspirerte til danning av mange fleire samvirkelag både i Stavanger og etter kvart andre stader i fylket. Årsaka til at Stavanger fekk ein leiande posisjon innan samvirkerørsla, var mellom anna at ein her lukkast med å etablera ei rad med produksjonsanlegg for ulike produkt. Desse var organisert i Produksjonslaget Samhold som samla mye av verksemda si i Østre bydel i Stavanger. Her låg det smørfabrikk, bakeri, kaffibrenneri, såpefabrikk og ei eiga mølle med høge siloar. Seinare starta dei og ein eigen hermetikkfabrikk. 

Forbrukarsamvirket hadde tyngdepunktet sitt i Stavanger, men modellen blei tatt opp i dei fleste kommunar i fylket og ga grunnlag for lokale verksemder som og blei viktige element i lokale kulturmiljø.