Ei kulturhistorie for Rogaland

23 Bilen forandrar Rogaland

Den første bilen kom til Rogaland i 1898, og skal visstnok ha vore den første privatbilen i landet. Men vegnettet og vegstandarden i Rogaland var lenge dårleg utbygd. Sørover frå Dalane mot Lyngdal var det lenge berre ein «yderst slet Ridevei», skreiv vegmeister Georg Daniel Barth Johnson. Køyrevegen mellom Stavanger og Kristiansand vart ikkje fullført før i 1844. Og bak eit ærverdig namn som «Kongevegen» gjennom Dalane og Jæren skjulte det seg ikkje anna enn ein humpete kjerresti som sette dei reisande på harde fysiske prøver. Heilt fram til 1945 måtte dei vegfarande til Sørlandet og Austlandet på «Vestlandske hovedvei» forsera den ekstremt bratte og svingete Tronåsen ved Moi. Dampskipsruta langs sørlandskysten til hovudstaden var ennå for dei fleste eit meir behageleg alternativ. 

Tronåsen 1938. Vegen over Tronåsen er ein del av den gamle Vestlandske hovedveg mellom Kristiansand og Stavanger. Vegen var den første for hjulgåande køyretøy mellom Stavanger, via Kristiansand til Christiania (Oslo). Vegen sto ferdig i 1844, etter å ha vore under arbeid sidan 1791. Vegen over Tronåsen er i dag freda etter kulturminnelova. Foto: Dalane folkemuseum  - Klikk for stort bildeTronåsen 1938. Vegen over Tronåsen er ein del av den gamle Vestlandske hovedveg mellom Kristiansand og Stavanger. Vegen var den første for hjulgåande køyretøy mellom Stavanger, via Kristiansand til Christiania (Oslo). Vegen sto ferdig i 1844, etter å ha vore under arbeid sidan 1791. Vegen over Tronåsen er i dag freda etter kulturminnelova. Foto: Dalane folkemuseum

Nye vegar gav betre høve for person- og godstransport. Det fyrste forsøket kom i 1908 med Stavanger Automobil-Omnibusselskab, og i løpet av fyrste halvdel av 1900-talet kom det mange bussruter i alle regionane i Rogaland. Det var tidleg vanlege men større utgåver av «automobilar» som blei brukt som buss, seinare kom rutebilar med ombygd karosseri, der var fleire lokale verkstader og fabrikkar som dreiv karosseribygging. 

Vegutbygginga skaut fart etter krigen, særleg etter at bilsalet vart fritt i 1960. Og då tok Rogaland sitt monn igjen. Nye vegar, i seinare tid supplert med undersjøiske vegtunnelar som Rennfast, Finnfast og Ryfast, har vore høgt prioritert av Rogalands-politikarane og gjort fylket til eitt av dei mest bilavhengige i landet. Sjølv om ei klassisk lokal revyvise påstår at det er «sjynt å kjøra byss», har storbyområdet på Nord-Jæren ein mindre kollektivandel enn både Oslo, Bergen og Trondheim. 

Overgangen til vegtransport har også endra økonomiske og politiske strukturar i Rogaland. Nå er det landevegen som bind saman, og sjøen som skil. Ein region som Haugalandet er eigentleg ei nyskaping som ville vore utenkeleg utan bilen. Og sentrum i Tysvær er ikkje lenger Nedstrand, men Aksdal.