Ei kulturhistorie for Rogaland

12 Mørketid og oppvakning

1400- og 1500-talet blir gjerne omtala som ei mørk tid, der landet låg med knekt rygg etter Svartedauden og samanbrotet for den sjølvstendige norske staten. Stadig tilbakevendande epidemiar og «den vesle istida» med kaldare klima gjorde levevilkåra harde. Folketalet i Rogaland var i 1520 berre ein tredel så stort som i høgmellomalderen, først eit godt stykke ut på 1700-talet var det tilbake på nivået frå 400 år tidlegare. 

Tidene var neppe like ille for alle. For dei bøndene som overlevde, vart det meir god jord å forsyna seg av, og lågare avgifter å betala til stormenn og kyrkje. Men handelen og det åndelege livet låg nede, og impulsane frå dei store hendingane i Europa: oppfinninga av trykkekunsten, renessansen og dei store oppdagingane, går lenge Noreg forbi. 

Avfolking etter svartedauden

Avfolking etter svartedauden
Region Bruk i høgmellomalder Bruk i 1520 Nedgang
Dalane  1275  223  83% 
Jæren  1100  390  65% 
Øyane i Ryfylke  325  176  46% 
Indre Ryfylke  1193  306  74% 
Karmsund  927  337  64% 
Rogaland  4823  1432  70% 
Regionvis fordeling av talet på bruk for ulike regionar i fylket før og etter svartedauden, basert på rekonstruerte tal. Dei meir grøderike områda på øyane blei i mindre grad lagt aude. Kjelde: “Fra Vistehola til Ekofisk, bd. 1” (1987), s. 147.

 

Detaljbilde av Tollboden, ein av dei eldste trebygningane i Rogaland. - Klikk for stort bildeNedstrand var eit viktig handelssenter og vart eigen tollstad i 1630. Tollboden i Nedstrand er bevart, og tømmeret er hogge i 1547. Tollboden er ein av dei eldste trebygningane i Rogaland. Foto: Rogaland fylkeskommune.

Utover på 1500-talet er det likevel som om landet vaknar til liv. Det utviklar seg små lærde miljø både i Oslo og Bergen, med forgreiningar til Rogaland. Ei av dei sterkaste stemmene i samtida var Peder Claussøn Friis, fødd i Eigersund og prest i Agder med nær tilknyting til domkapitlet i Stavanger. Friis omsette Snorres Heimskringla og ei rekke andre norrøne soger til den tids dansk, og var dermed med på å knyta band til det gamle norske riket på nytt. 

Han skreiv også ei rekkje bøker om topografi, flora, fauna og folkeliv, blant andre «Noriggis Bescriffuelse» og «Stavanger Stifts Bescriffuelse». I ettertid har mange gjort eit nummer av å sitera hans karakteristikk av sitt heimlege Dalane med dei snauskrapa berga som «landet skapt av Guds vrede», men han gir eit frodig bilete av både land og folk. 

Eit interessant frampeik er Friis sin omtale av at silda vart borte frå vestlandskysten på 1560-talet. Den strenge presten meiner ikkje uventa at dette er Guds straff for folkets synder. Blant desse var at dei hadde fiska opp meir sild enn dei kunne salta og selja, «oc lode dem ligge oc raadne». 

Sjølv om kongemakta styrkte seg etter reformasjonen, var ho ikkje allmektig. Det var langt frå København til Rogaland. 

Kongens representant var ein lensherre, seinare amtmann, og fylket var delt inn i to regionar (fogderi), Jæren/Dalane og Ryfylke, kvar med sin fogd (skatteinnkrevjar) og sorenskrivar. Dei 33 skipreida fungerte som forløparar for dagens kommunar. Dei hadde kvar sin lensmann og tingstove som var møtepunktet mellom bygdefolk og øvrigheit. 

Byane i Rogaland

Under er ein tabell som viser når kvar by i Rogaland fekk status som by. Stavangers historie blir rekna til oppretting av bispesetet i 1125, medan dei andre byane i Rogaland kan reknast til når kongen gav dei status som ladestad eller kjøpstad. Med slik status følgde særlege privilegium for handel og næringsliv. Blant anna hadde Stavanger særlege handels- og fiskerettar i ein viss radius rundt byen. Fleire av desse rettane forsvann på 1800-talet, og det er samtidig med at vi får stadig fleire ladestader i Rogaland. Status som kjøpstad og ladestad forsvann i 1952, då gjekk skiljet mellom bykommunar og landkommunar. Frå 1992 er det kommunen sjølv som gir bystatus, og det er ikkje skilje mellom by-og land-kommunar. 

Dei fleste byane i Rogaland har og historie som tettstad, kyrkjestad, handelssenter eller andre sentrale funksjonar før dei fekk bystatus. 

Bystatus tabell

Bystatus tabell
By År Historie
Stavanger  1125   Oppretting av bispestol. I 1425 fekk Stavanger byprivilegium.  
Nedstrand  1630 Tollstad, fungerte som handelssenter og administrasjons-senter (Fogderi) for Ryfylke. Ikkje lenger by.
Sogndalstrand  1798  Ladestadsrettar. Ikkje lenger by.  
Egersund  1798   Ladestadsrettar. 
Haugesund  1854   Ladestadsrettar, kjøpstadrettar i 1866. 
Skudeneshavn  1857   Ladestadsrettar. Mista bystatus i 1965 og fekk bystatus på ny i 1996.  
Sandnes  1860   Ladestadsrettar. 
Kopervik  1866   Ladestadsrettar. Mista bystatus i 1965 og fekk bystatus på ny i 1996. 
Jørpeland  1998   Bystatus. 
Sauda  1999   Bystatus.  
Bryne  2001  Bystatus. 
Åkrehamn  2002   Bystatus.