Ei kulturhistorie for Rogaland

28 Inn i utdanningssamfunnet

Skule og utdanning er den andre store offentlege sektoren som har vore i sterk vekst. 

Utdanninga var lenge knytt til kyrkja, og Stavanger katedralskole (Kongsgård) kan føra sine historiske røter heilt tilbake til 1243, men med anna form og plassering enn dagens skule. I 1736 kom innføringa av konfirmasjonen i Danmark-Norge, og med den krav om at alle unge skulle tileigna seg eit minstemål av kristendomskunnskap. «Allmueskolen», som vart innført i kjølvatnet av konfirmasjonen, var også dominert av Pontoppidans forklaring og andre religiøse tekstar, og det var gjerne klokkaren som var lærar. Blant bøndene var det stor skepsis til eit tiltak som dei frykta ville påleggja dei tyngre skattar og dra barn og ungdom vekk frå nyttig og nødvendig arbeid. 

Undervisninga gjekk lenge føre seg i heimane, den såkalla «omgangsskulen». Etter kvart begynte det å koma eigne skulehus, til dømes på Jelsa alt i 1775, på Line i Time i 1865 og på Førre i Avaldsnes i 1867. Men det var først etter folkeskulelova i 1889 at utbygginga skaut fart. Det nye statusen til skule og utdanning manifesterte seg i ruvande lærdomstempel som Storhaug skole i Stavanger (1902) og Breidablik i Haugesund (1900). 

Det gule skulehuset på Mokleiv i Suldal ligg like ved Riksveg 13 i eit flott kulturlandskap. Skulehuset sto tidlegare på garden Litlehammar omlag ein kilometer lenger sør langs Suldalsvatnet. Foto: Rogaland fylkeskommune - Klikk for stort bildeDet gule skulehuset på Mokleiv i Suldal ligg like ved Riksveg 13 i eit flott kulturlandskap. Skulehuset sto tidlegare på garden Litlehammar omlag ein kilometer lenger sør langs Suldalsvatnet. Foto: Rogaland fylkeskommune

Stavanger katedralskole var lenge den viktigaste vidaregåande skulen i fylket. Han har skrive seg inn i norsk litteraturhistorie på lite flatterande vis som arena for Alexander Kiellands flengjande angrep på «latinskolen» i romanen «Gift» (1883). Denne typen skule var nok alt på vikande front då romanen kom ut, men i større perspektiv kan nok boka lesast som uttrykk for ein viss rogalandsk skepsis til klassisk akademisk utdanning som det var vanskeleg å sjå nytteverdien av i folks kvardag. 

Eit meir folkeleg danningsideal med utgangspunkt i bygdene og nynorskrørsla fekk sitt uttrykk i etableringa av Rogaland offentlege landsgymnas på Bryne i 1924. Hit kom mange av dei mest evnerike ungdommane frå distrikta, og gymnaset utmerka seg lenge med uvanleg gode resultat. 

Vel 20 prosent av elevane i grunnskulen i Rogaland får opplæring på nynorsk. Det er om lag dobbelt så mykje som landsgjennomsnittet. Ti av dei 23 kommunane i fylket er språkdelte, det vil seia at det finst både nynorsk- og bokmålskrinsar eller -klassar i kommunen. Rogaland er kanskje det fylket i landet der kontaktflata mellom dei to norske skriftspråka er størst i det daglege. 

Rogaland stod lenge utan tilbod til ungdom som ville ta høgare utdanning, men fylket har dei siste tiåra teke igjen mykje av det tapte. 

Rogaland distriktshøgskole vart opna på Ullandhaug i 1969, og etter gradvis ekspansjon vart målet om universitetsstatus nådd i 2005. Universitetet i Stavanger har nå vel 12.000 studentar og nær 2000 tilsette, fordelt på seks fakultet. Også i Haugesund, ein av dei fem studiestadene til Høgskulen på Vestlandet, er det eit omfattande høgare utdanningstilbod. Utdanningsnivået i Rogaland er likevel framleis lågare enn i dei andre storbyfylka.