Ei kulturhistorie for Rogaland

2 Dei første rogalendingane

Illustrasjon av Norskerenna  som den såg ut for om lag 11500 år sida - Klikk for stort bildeNorskerenna som den såg ut for om lag 11 500 år sida då dei første menneska kom til Rogaland. Avstanden over havet var mykje kortare enn i dag og isen låg tung over innlandet. Illustrasjon: Arkikon

Landskapet kan ha likna på dagens Vestgrønland. Bleikgrønt gras strekte seg ned mot steinete strender, og ein kunne skimta breen som ennå låg tjukk over innlandet. Havet stod høgare enn i dag, og kyststripa var broten opp av mange små øyar og sund. Det myldra av sel, kval, sjøfugl, fisk og skaldyr.  

Me veit ikkje kvifor dei første menneska kom til Rogaland, men dei kan ha kome sjøvegen frå sørvest. Større delar av Nordsjøen var tørt land, og avstanden over Norskerenna var mykje kortare enn i dag. Ein annan  innvandringsveg var langs kysten frå Bohuslän i aust. 

Dei første spora me finn etter desse pionerane, er rundt 11 000 år gamle. Nokre av dei aller eldste busetjingane ligg på Galta på Rennesøy, på Årvik i Tysvær og på Hundvåg i Stavanger, men også lenger inne i fjordane, som på Oanes i Forsand.  

Buplassane nær kysten låg på øyar og nes, og viser at menneska må ha vore særs sjødyktige. Dei har hatt båtar som kunne tola ferder på ope hav. Heile norskekysten vart teken i bruk i løpet av nokre få hundre år. Kort tid etter at isen hadde trekt seg tilbake finn me òg spor etter kortvarige besøk i fjellområda, i Forsand og i Gjesdal. Jakt på villrein må ha vore det viktigaste målet for desse ekspedisjonane.

Reiskapane av stein, som er det einaste som er tilbake, vitnar om ein felles nordeuropeisk kultur, der menneska levde i små grupper og forflytta seg over store avstandar både på sjø og land.  

Reiskapane av flint frå Galtabuplassen på Rennesøy - Klikk for stort bildeReiskapane av flint vart tilverka på same måte over store delar av Europa. Her er nokre av funna frå Galtabuplassen på Rennesøy. Terje Tvedt, Arkeologisk museum, UiS © 

 

 Inndeling av dei ulike periodane av forhistorien i Rogaland før og etter Kristus (f.Kr og e.Kr)

Inndeling av dei ulike periodane av forhistorien i Rogaland
Steinalder Bronsealder Jernalder Mellomalder
Eldre steinalder: 9500 - 4000 f.Kr. Eldre bronsealder: 1700 - 1200 f.Kr. Eldre jernalder: 500 f.Kr. - 550 e.Kr.  Høgmellomalder: 1050 - 1350 e.Kr.
Yngre steinalder: 4000 - 1700 f.Kr. Yngre bronsealder: 1200 - 500 f.Kr. Yngre jernalder: 550 e.Kr. - 1050 e.Kr.  Seinmellomalder: 1350 - 1537 e.Kr.