Ledige stillingarVi leverer mange og gode tenester i heile Rogaland, kvar dag heile året. Bli med og gjer Rogaland til ein region det er godt å leve, arbeide og bu i for alle. Ledige stillingar Vi har ledige stillingar på fleire av våre vidaregåande skular, tannklinikkar og i fylkesadministrasjonen. Sjå våre ledige stillingar Bli ein av oss Hos oss møter du menneske med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn, alle med eit ynskje om å skape eit betre Rogaland for innbyggarane. Bli kjent med nokre av våre medarbeidarar Blir du ein av oss, får du: ein spennande jobb med meiningsfulle arbeidsdagar høgt utdanna og erfarne kollegaer som trivast på jobb bidra aktivt i samfunnsutviklinga i regionen Jobb med meining Vi kan trygt seie at vi har ein jobb med meining. Det handlar om å utvikle samfunnet vi lever i, for å ta vare på fortida, nåtida og framtida. Rogaland fylkeskommune har blant anna ansvar for: vidaregåande skole og opplæring tannhelse veg og kollektivtransport folkehelse og integrering planlegging og samfunnsutvikling natur, klima og miljø kultur og kulturvern næringsutvikling Mangfald og inkludering Vi er opptekne av å ha ein inkluderande og mangfaldig arbeidsplass. Derfor oppfordrar vi alle som er kvalifiserte til å søke jobb hos oss. Vi tilpassar gjerne arbeidsplassen for deg om du har behov for det. Lærling i Rogaland fylkeskommune Vi har over 95 læreplassar fordelt på ti lærefag ved dei vidaregåande skolane våre og i fylkesadministrasjonen. Dei fleste stillingane blir lyst ut i perioden januar til mars kvart år. Les meir om å vere lærling i fylkeskommunen