Ei kulturhistorie for Rogaland

18 Brisling på boks

Sjøhusa i Stavanger, på Karmøy og i Haugesund var talande uttrykk for det store omfanget som sildesalting og sildeeksport hadde fram til 1870-talet. Då silda forsvann, i siste halvdel av 1800-talet, blei mange av sjøhusa ståande tomme mens arbeidsfolk og gründerar søkte etter ny verksemd som kunne fylla dei med innhald. Alt i byrjinga av 1880-talet finn ein starten på den nye næringa som skulle bidra til i omforma Stavanger og fleire andre byar til industristader. Grunnlaget var brislingen frå Ryfylke-fjordane som blei ressursgrunnlaget for hermetikkindustrien. Fram til 1920 blei det starta 70 hermetikkfabrikkar i Stavanger. Saman med fabrikkane i Haugesund, Kopervik og Sandnes sto desse for meir enn 70 prosent av den norske hermetikkeksporten.  

Kvinner på jobb i hermetikkindustrien i 1909 - Klikk for stort bildeKvinnene utgjorde heile 70 prosent av lønnsmottakarane i hermetikkindustrien i 1909, og Stavanger var dermed ein av dei norske byane med størst kvinneinnslag i arbeidarklassen. Waldemar Eide, Norsk hermetikkmuseum

Næringen var arbeidsintensiv, men og søkande etter nye teknologiske løysingar som kunne effektivisera produksjonen. Det same gjaldt og for mengda av innsatsvarer som skulle til for å produsera dei ferdige boksane. Nærare 90 prosent av sardinhermetikken gjekk til eksport noko som kravde kompetanse i internasjonal handel og marknadsføring. Alle desse faktorane bidrog til å vitalisera næringslivet i regionen, og Stavanger vart ein av dei leiande hermetikkbyane i Europa. Grovt rekna henta 1/3 del av dei sysselsette lønna si frå hermetikkindustrien og støttenæringane til denne. 

Starten for industrien var i ombygde sjøhus, mange av desse heldt ein fram med å bruka heilt til 1960-talet. Moderniseringa av maskinar og utstyr, og ønske om meir effektiv produksjon, gjorde at det blei bygd ei rad med nye fabrikkar, alle med dei karakteristiske høge pipene. Denne arkitektoniske omforminga av byen starta i sentrum kor sjøhus blei rivne og erstatta av murbygg. Sterkast kom fabrikkbygga til å prega områda aust i byen kor det utvikla seg unike kulturmiljø med fabrikkar, forretningar og bolighus som låg vegg i vegg. 

Legging av brisling i hermetikkfabrikkane var kvinnearbeid. Lønna var låg, og fabrikklokala var ofte kalde og helseskadelege. Kvinnene utgjorde heile 70 prosent av lønnsmottakarane i denne industrien i 1909, og Stavanger var dermed ein av dei norske byane med størst kvinneinnslag i arbeidarklassen. I den grafiske industrien og metallindustrien som var tilknytta hermetikken rådde derimot mennene grunnen.

Stavanger 1952. Flyfoto - Klikk for stort bildeFlyfoto av Stavanger øst i 1952. Då var hermetikkindustrien i full gang, og det var mange små og store industrianlegg. Stavanger byarkiv