Ei kulturhistorie for Rogaland

25 Rogaland blir energifylket

Rogaland var lenge eit energifattig fylke. Med unntak av Ryfylke og til dels Dalane var det lite skog, og torv var vanleg til brensel, spesielt på Jæren. I byane vart det brukt mykje koks, som måtte importerast frå utlandet. 

Dette endra seg radikalt på 1900-talet. Då elektrisiteten vart introdusert som ny kraftkjelde, var dei stupbratte fjella og dei strie vassdraga i Rogalands-heiane ei gullgruve. Kommunane bygde ut eigne kraftverk, enkelte vart straffa økonomisk for å ha investert i friskaste laget i jobbetida under 1. verdskrigen, men den elektriske straumen var komen for å bli. I 1946 var det 179 kraftverk i Rogaland, dei fleste av desse mini- og mikrokraftverk. Krafta la også grunnlaget for ny industri på stader som Sauda, Jørpeland, Karmøy og Jøssingfjord. Den avsidesliggjande fjellbygda Sauda vart på denne måten integrert i verdsøkonomien, ved at råstoff frå Afrika vart omlaga til metall i smelteverket, og til profitt for eigarar i USA, Canada eller Frankrike. Sauda vart dermed også prega av store klasseskilje og ein ny og radikal arbeidarkultur, som er skildra av Kjartan Fløgstad i mange av hans bøker. 

Kraftstasjonen på Flørli med røyrgate og trapper bak. Det grodde fram eit lite samfunn rundt kraftverket og tilkomst hit var berre mogleg med båt.  Foto: Rogaland fylkeskommune  - Klikk for stort bildeFlørli i Sandnes kommune.  Foto: Rogaland fylkeskommune

Kulminasjonen av kraftutbygginga i Rogaland kom med Ulla-Førre-utbygginga i Suldal og Hjelmeland på 1970talet, det største vasskraftverket i Nord-Europa. Utbygginga førte med seg at store fjellområde vart oppdemde til ein kunstig innsjø, Blåsjø. Lenge var det ei vanleg oppfatning at tida for dei store vasskraftutbyggingane var over, men behovet for meir fornybar elektrisitet i samband med det grøne skiftet, saman med den sterke motstanden mot vindkraft på land, har ført til at utbygging av vassdrag har kome på dags-ordenen igjen. 

I dag står Rogaland for 10 prosent av vasskrafta og over 30 prosent av vindkrafta i landet. Når dette kjem på toppen av olja og gassen, står fylket fram som det viktigaste energifylket i landet. Dermed står Rogaland i brennpunktet for den aktuelle debatten om korleis energiressursane skal nyttast på ein mest mogleg berekraftig måte. 

Vasskraft

Teknologiske nyvinningar og endringar mot slutten av 1800-talet skapte ein ny fase i den industrielle utviklinga, ofte kalla «den andre industrielle revolusjon». I Rogaland er dette særleg merka med store vasskraftutbyggingar og kraftkrevjande industri. 

Kraftstasjonane skulle ha ei god estetisk utforming og ein nytta ofte gode arkitektar til å teikna dei. Kraftverka er kulturminne med særpreg. 

Dei tidlegaste store kraftverka blei etablert i område med høgt fall og stor vassføring, ofte på stader utan større busetting frå før, som til dømes Sauda, Oltedal og Flørli. Desse gav grunnlag for ny industri eller produserte elektrisitet for dei store byane. 

Utover andre halvdel av 1900-talet førte teknologiutvikling til nye endringar. Kraft kunne enklare fraktast over store avstandar, og det blei gjort fleire store utbyggingar, til dømes Røldal-Suldal, Ulla-Førre og Lyse. 

Samstundes med dei store vasskraft-utbyggingane blei det og etablert mange mindre kraftverk, med kortare vassfall og mindre produksjon, tilpassa eit lokalt elektrisitetsbehov i garden eller grenda. 

Vasskrafta er og har vore avgjerande for Rogalands historie dei siste 100 år, og det er viktig å ta vare på spor etter denne. 

Spora består av sjølve kraftverket, med turbinar og anna teknisk inventar, røyrgater og demning/kraftmagasin - i lag med anlegg knytt til transport av straumen (leidningsnett og transformatorstasjonar). 

Suldal kraftstasjon på Kilen, Nesflaten i Suldal, er teikna av arkitekt Geir Grung. Foto: Rogaland fylkeskommune  - Klikk for stort bildeSuldal kraftstasjon på Kilen, Nesflaten i Suldal, er teikna av arkitekt Geir Grung. Foto: Rogaland fylkeskommune

 ​​​​​​