Ei kulturhistorie for Rogaland

22 Samferdsel på land og sjø

Det er freistande å seia at Rogaland var eit fylke med blikket mot sjøen og ryggen til resten av landet. Då står ein i fare for å gløyma at det frå urgammal tid var eit nett av driftevegar over fjellet som knytte Rogaland saman med den austlege delen av landet. Skinnvegen mellom Lysebotn og Setesdal var ein av fleire fjellstiar der det var stor ferdsel av både folk og fe i sommarhalvåret, og det var viktige som handelsvegar. Gjennom Suldal gjekk pilegrimsleia til stavkyrkja i Røldal og vidare austover og nordover. Det kan synast underleg at Hallingdal og Valdres vart med på lasset då Stavanger bispedømme vart skilt ut frå Bjørgvin i 1125, men dei som bestemte det, visste nok kvar den kortaste vegen gjekk. 

Likevel er det ingen tvil om at sjøen var den viktigaste transportåra, både i og ut av fylket. 

Men også båttrafikken var avhengig av tilrettelegging for å kunna utviklast. Dei nye dampskipa kravde større og meir moderne kaianlegg, og frå 1850-talet og utover vart det sett i verk hamneutbygging og hamneutviding både i Stavanger og andre byar og kyststader i fylket. Dermed kunne ein ta imot større skip, og det kan med stor rett hevdast at Stavanger aldri kunne fått posisjonen som hermetikkby utan utbygginga av Vågen og Østre havn. 

MS Rogaland er den eldste kystrutebåten vi har i Rogaland.  - Klikk for stort bildeMS Rogaland er den eldste kystrutebåten vi har i Rogaland. Båten gjekk i rute mellom Oslo og Bergen fram til 1964. Foto: Rasmus Tørnqvist

Mot slutten av 1800-talet hadde fjordabåtane blitt eit kjent og kjært syn i Boknafjord-bassenget. Kyrkjebakken som møtestad og arena for utveksling av siste nytt, ispedd litt sladder, vart utfordra av kaien. Rutebåtane gjorde meir enn å frakta folk og varer. Dei knytte byane og landdistrikta saman og forma fellesskap. Stader i nordfylket som Skudeneshavn, Nedstrand og Sauda kjende seg lenge meir knytte til Stavanger enn til Haugesund, og kommunestrukturen reflekterte også at sjøen batt saman, medan land skilde. Øya Ombo var såleis inntil den siste kommunereforma delt mellom Finnøy og Hjelmeland. 

Fjerntrafikken med dampskip var faktisk litt tidlegare ute enn den lokale. Alt på 1880-talet eksisterte det båtruter frå Stavanger til Kristiania og Bergen, og til fleire hamner i Storbritannia og på Kontinentet. Så, i 1913, vart det mogleg å reisa direkte mellom Stavanger og USA med den nyetablerte Norske Amerikalinje (NAL). Utvandringa til USA var framleis stor, og trafikkgrunnlaget til «Stavangerfjord» og dei andre amerikabåtane forsvarte drifta til lenge etter krigen. «Stavangerfjord» hadde sin siste tur i 1963. 

Den auka skipstrafikken i fylket skapte auka behov for tiltak for å tryggja ferdsla på sjøen. Fyr og andre installasjonar langs Rogalands-kysten er i dag viktige kulturminne. Utsira kan skilta med den eldste meteorologiske stasjonen i landet, som har vore i samanhengande drift sidan 1867. Trafikksentralen på Kvitsøy fører vidare ein lang tradisjon for losverksemd og overvaking av skipsleia, og Kvitsøy fyr er det nest eldste i landet i kontinuerleg drift. På Reve og andre stader langs Jærkysten er det minne etter dramatiske redningsaksjonar. Rogaland Radio, som vart etablert i 1960, var ein av dei største og mest avanserte kortbølgestasjonane i verda for radiokommunikasjon til sjøs. Mottakarstasjonen låg på Skjæveland og sendestasjonen i Vigreskogen på Nærbø. Anlegget vart nedlagt i 2004, men mastene står framleis. 

Eik på Sjernarøy - Klikk for stort bildePå Eik på Sjernarøy var det tidlegare landhandel og anløp for rutebåttrafikken. Foto: Ingvar Kristiansen

 

Samferdsle på sjøen 

Kvitsøy fyr er landets eldste operative fyrtårn. - Klikk for stort bildeKvitsøy fyr er landets eldste operative fyrtårn. Opphavleg var det eit vippefyr medan det nåverande tårnet vart reist i 1827. Foto: Rogaland fylkeskommune

Navigasjon og kunnskap om lokale forhold langs kysten har alltid vore viktig. Gjenkjenning av landskap og tydelege formasjonar er nok den eldste måten å finna vegen til sjøs. Sidan veit vi at gravhaugar, vardar, kyrkjer og andre seglingsmerke òg har vore viktige hjelpemiddel i navigeringa.

Ved starten av 1800-talet hadde Rogaland det fyrste samla systemet av fyr i Noreg, med Kvitsøy(1700), Skudenes(1799), Høgevarde(1700) og Tungenes(1828).  I 1828 var det framleis berre tolv fyr i landet. Av dei 21 bevarte fyra i Rogaland, vart 14 reiste i perioden 1844 til 1874. Frå 1883 vart fyra supplerte med ubemanna fyrlykter. Mellom 1973-1992 blei fyra automatiserte og avfolka. Åtte fyr i Rogaland er freda, og fleire er regulerte til bevaring.  

Den første føresegna om losing finn vi så langt tilbake som i 1276 i Magnus Lagabøtes landslov. Retten til å losa vart gjeven av kongen med losbrev. Det var likevel først i 1720 at losvesenet vart organisert gjennom ein statleg styrt losadministrasjon. Losstadane låg langs leia, og mange stader i Rogaland har lang historie som losstad, til dømes Skudenes, Tananger, Rott, Kvitsøy og Kopervik.

Det offentlege har stått for stor utbygging av hamner, kaiar, kanalar, vassforsyning og annan infrastruktur i Rogaland, særleg etter dei gode fiskeria på 1800-talet. Fiskerihamnene gav fiskarane trygg hamn. Utsira er eit særleg godt døme på ei slik offentleg utbygging, med blant anna hamneanlegg, fyrstasjon, losstasjon og ferskvassdam.

Vegminne

Den første “vegen” var ein sti eller eit tråkk, denne kunne bli til ein kløv og rideveg. Der stiane møter ei elv kan ein finne uttrykket klopp. Her kan ein ha slept på plass gangsteinar/ hoppesteinar og etter kvart bygd ei bru. I skrånande terreng vil ein kløv/rideveg lage ein holveg som er eit slitasjespor i terrenget.

Det neste steget i veghistoria finn vi frå midten av 1600-talet. Då byrja ein å laga vegar for hest og karjol (stolkjerre). Det var ein slik veg Fredrik IV på reisa si rundt i Norge i 1704, brukte då han først reid frå Egersund til Ogna og deretter reiste vidare med vogn til Sandnes. Dette var ein smal veg -  2,5-3,5 meter brei - gjerne utan veggrøft og med ein låg steinmurt vegmur eller vegskulder på utsida.

Frå 1770 kom det franske prinsippet inn i vegbygginga. Vegane skulle etter dette prinsippet vere snorrette. Bruene utvikla seg også frå hellebruer til steinkvelvsbruer.

Frå 1850 byrja ein å lage vegar etter chausser-prinsippet. Vegen skulle då følge landskapet og vart i større grad lagt ved åsar og fjellparti. Vegane fekk også ei betre underbygging med eit gruslag på toppen.

Frå 1912 byrja ein å lage vegar som var tilpassa bilar og frå 1960 vart bilen allemannseige og bilvegar vart standarden.

Vegarbeid 1970. Foto - Klikk for stort bildeVegarbeid på Riksvei 44 over Jøssingfjord i 1970. Alf Fagerheim/Dalane Folkemuseum.