Ei kulturhistorie for Rogaland

Forord

Rogaland har eit variert landskap frå kyst til høgfjell, der menneskeleg aktivitet gjennom 11 000 års busetnad har satt djupe spor. Gjennom alle desse åra har menneskets livsvilkår, samfunnsstruktur, næringsgrunnlag og sosiale strukturar endra seg. 

Dette heftet er eit vedlegg til regionalplan for kulturmiljø, og skal gi innsikt til kulturmiljø og tema i regionalplanen. Heftet er ikkje ei komplett historisk oversikt, men eit forsøk på ein kortfatta oversikt over nokre av dei viktigaste historiske hovudtrekka i fylket. Oversikten skal vere eit verktøy for forvaltninga i vurdering av bevaring og formidling av kulturminne, kulturmiljø og landskap.  

Teksten er lagt opp både kronologisk og tematisk, slik at viktige tema kan bli fulgt over lang tid, samtidig som ein kan følge den generelle utviklinga frå steinalder til oljealder. Illustrasjonar og kortare tekster tar opp enkeltemne og utfyller historia.  

Teksten er utarbeida av journalist og historikar Tom Hetland. Illustrasjonar og faktaboksar er utarbeida av historikar Birger Lindanger og medarbeidarar i Rogaland fylkeskommune. Ein spesiell takk til prosjektgruppa for regionalplanen og tidlegare fylkeskultursjef Egil Grude som har bidratt med gjennomlesing og innspel.