Ei kulturhistorie for Rogaland

17 Sild og skip

«Vinden er nordvest – silden er kommet!»  

Ropet frå vektaren får heile Stavanger på beina, sjølv om det er svarte natta. I romanen «Skipper Worse» skildrar Alexander Kielland korleis kjøpmenn, bøkkerar, saltarar og ganejenter strøymde til for å få sin del av rikdommen frå havets sølv. Silda gav Stavanger og Rogaland vekst og velstand. Før silda kom tilbake til rogalandskysten i 1808, budde det rundt 2500 menneske i Stavanger. På vel 70 år vart folketalet tidobla. 

Også dei andre kystbyane i Rogaland – Egersund, Sogndalstrand, Skudeneshavn og Kopervik, fekk del i dei gylne sildetidene. Ved Karmsundet vaks det fram ein ny by, Haugesund, «bygd på sildebein og sjøfart» og med bystatus frå 1854. Sildefisket gav store ringverknader i form av nye arbeidsplassar i sildeolje- og fiskemjølfabrikkar, tønnefabrikkar, produksjon av garn og andre fiskereiskapar med meir. 

Haugesjøen sett mot nordvest ca. 1898.  - Klikk for stort bildeHaugesjøen rundt 1898. På biletet kan ein sjå ein Rogalands åttring med spriseglet som er rulla rundt masta. Foto: Haugalandsmuseet

Men silda var ein trulaus ven. Sildestimane kunne brått finna på å gå inn på andre delar av kysten. Veksten i talet på båtar og effektiviseringa av fangstmetodane var også med på å leggja press på bestandane. Frå 1870 var silda borte i eit par tiår. Samstundes kan behovet for å tenkja omstilling også ha stimulert til å skaffa seg fleire bein å stå på. Båtar kunne riggast for sildefiske i sesongen, men setjast inn i fraktfart elles i året. Rogalandske fiskarar drog etter kvart også over lengre avstandar etter sild og annan fisk. Også kvalfangsten fekk ein del å seia i denne perioden, særleg for Haugesund. 

Størstedelen av silda vart salta eller tørka og eksportert, mest til austersjøhamnene i Tyskland, Russland og England. Dermed skapte sildetransporten vekst også for skips-fartsnæringa i Rogalands-byane. 

Skipsreiarane avgrensa seg på ingen måte til sild og annan fisk. Skuter frå Rogaland frakta varer på alle hav. Svært mange unggutar frå kystbyane fekk erfaring med sjølivet. Etter kvart vart også skipsbygging ei stor næring, både i byar som Stavanger og Haugesund, men også i mange viker og vågar inn i fjordane som Hogganvik i Vindafjord. Overgangen frå seglskuter av tre til moderne stålskip var likevel vanskeleg for dei små bygdeverfta. Då kravdest det heilt andre fasilitetar, og det meste av skipsbygginga føregjekk heretter i dei større byane. 

Men også i skipsfarten veksla konjunkturane. Og det gjaldt å forstå si samtid og dei teknologiske endringane. På 1880-talet opplevde Stavanger ein økonomisk depresjon utan sidestykke. Store handelshus gjekk over ende. Reiarane vart straffa for at dei ikkje i tide hadde gått over frå segl til damp. 

Haugesundarane var meir omstillingsdyktige, mellom anna fordi dei tidleg gjekk over frå salting til ising av sild for eksport. Dermed trongst det raskare skip for å få silda fram før ho vart bederva, og det påskunda overgangen til damp og seinare til brennstoffmotorar. Haugesund tok over hegemoniet som leiande sjøfartsby i fylket og heldt den posisjonen til rundt 1960. Knutsen, Stolt Nielsen, Wrangell, og andre haugesundske reiarlag hadde på det meste tre gonger så stor tonnasje som Stavanger. 

Kolbeinsen-sjøhusa på Risøy i Haugesund  - Klikk for stort bildeKolbeinsen-sjøhusa på Risøy i Haugesund utgjer ei komplett sjøhusrekke med 6 sjøhus frå ulike tider. K. Kolbeinsen AS dreiv sildesalting og eksport herfrå det meste av 1900-talet. Anlegget var det siste av dei gamle sjøhusanlegga i Haugesund med aktiv sildeverksemd som var i drift heilt fram til 1990. Midt i rekka ligg det eldste av sjøhusa som er bygd rundt 1844. Dette representerer dei eldste sjøhusa i Haugesund med langsida mot sjøen. Lengst sør ligg eit sjøhus for sildetilverknad frå 1950-talet. Sjøhusrekka ber slik med seg mykje av Haugesund si mangfaldige sildehistorie frå start til slutt. Foto: Rogaland fylkeskommune

Fartøyvern

Gjennom historia har vi levd ved og av havet. Båten har ei heilt sentral rolle i korleis vi har brukt havet og utvikla samfunnet. Båten knyter folk og samfunn saman, han gir moglegheit for å hausta av ressursane i havet, og han gjer det mogleg å drive med handel og transport. Rogaland er eit kystfylke med ei rik maritim historie, der ulike typar fartøy og båtar har verka gjennom skiftande tider. For å forstå historia vår er det viktig å bevara eit representativt utval av den flytande kulturarven. Innanfor kulturminneforvaltninga har det derfor frå midten av 1980-talet vorte etablert eit eige fagfelt som heiter fartøyvern. Målsetjinga er å gi eit mangfald fartøy vernestatus og moglegheit for offentleg tilskot i vernearbeidet, slik at dei framleis kan vere i aktiv bruk. I 2022 har om lag 280 fartøy vernestatus i Noreg, og 38 av desse er i Rogaland. Denne verneflåten består av ulike typar fiskefartøy, passasjerfartøy, fraktefartøy, spesialfartøy og fritidsfartøy. Han er ei kjelde til kunnskap om kystens historie og oppleving av levande kystkultur.

Fartøyvernet inkluderer både store fartøy med dekk og små opne båtar, men tyngda har fram til no lege på fartøy som er store og særleg utfordrande å ta vare på. For betre å kunna integrere dei små opne båtane i vernearbeidet og forvaltninga, har Riksantikvaren sett i gang utarbeidinga av ein eigen verneplan for dette feltet.

Båten "Brødrene af Sand" utenfor Tananger 2022.  - Klikk for stort bilde"Brødrene af Sand" utenfor Tananger 2022. Båten er ein typisk repensentant for dei mindre fraktefartøya som seilte med varer langs hele norskekysten og store delar av kontinentet. Foto: Ingvar Kristiansen