Ei kulturhistorie for Rogaland

13 Ny vekst i handel og sjøfart

Utover på 1600-talet blir det ny fart i handel og skipsfart. I Europa er Nederland blitt den store sjømakta, og fleire unge rogalendingar reiser dit for å bli sjøfolk eller arbeida i hamnebyane. Andre reiser med nederlandske skip til Ny Amsterdam (New York). Nokre av emigrantane vender tilbake til Rogaland og Noreg med ny kunnskap og nye kontaktar, som særleg gav seg utslag innanfor handel og handverk. 

Skrivargården foran i bildet er freda, og ein del av den verna empirbebyggelsen i Strandgaten i Egersund. Foto: Rogaland fylkeskommune  - Klikk for stort bildeSkrivargården foran i bildet er freda, og ein del av den verna empirbebyggelsen i Strandgaten i Egersund. Foto: Rogaland fylkeskommune

Ein kraftig auke i eksporten av tømmer var blant dei første utslaga av den nye opninga mot Europa. Den vart også stimulert av den nye oppfinninga, oppgangssaga, som gjorde det mogleg å driva små sagbruk. Frå Rogaland og Agder gjekk skuter med trelast, særleg eik, til Nederland og Skottland. Det er sagt at Amsterdam er bygt på norske eikepålar. I Rogaland var det særleg det skogrike Ryfylke som fekk glede av «skottehandelen» i første del av 1600-talet. Ein stor del av tømmeret vart skipa ut frå Nedstrand, «byen i Ryfylke». I 1619 skal det ha vore heile 183 frakteskuter innom her, og i 1630 fekk Nedstrand offisiell status som tollstad. Skogane vart raskt hogde ut, og tømmereksporten dabba av etter nokre tiår, men handelen med andre varer, mellom anna stein, heldt fram. 

Litt seinare, på 1700-talet, vart det ei framgangstid for strandstadene Sogndalstrand og Egersund sør i fylket. Grunnlaget for veksten var den utrygge skipstrafikken utanfor Rogaland. Mange skip kom i havsnaud og søkte hamn for hjelp. Både i Egersund og Sogndalstrand vart det bygd reparasjonsverft, såkalla «bradbenker», som gav gode inntekter. I tillegg dreiv dei ein lukrativ kystfart mellom Bergen og Sør- og Austlandet. Begge stadene fekk status som «ladested» i 1798, til motstand frå Stavanger, som dermed ikkje lenger var den einaste byen i fylket. Men då dei miste kysttrafikken, fekk dei store problem. Sogndalstrand kom i bakleksa, medan Egersund kom på fote att utover på 1800-talet. 

Hummar var ei delikatesse også før tida, og frå stader som Bokn, Sjernarøy, Karmøy, Kvitsøy, Tananger og Vatnamot ved Sirevåg vart det frå 1600-talet av eksportert store kvantum av havets kardinal til Nederland og England. Etter kvart kom også eksporten av sild og annan fisk i gang, og det var ei næring som skulle få langt meir å seia for utviklinga av Rogalands-samfunnet i tida som kom. Men også i jordbruket var ei ny tid i emning.  

Sagbruk og tømmereksport

I øydetida etter 1349 og fram til fyrst på 1500-talet, fekk skogane i Ryfylke langt på veg stå i fred. I fyrste rekkje var det bjørk og fure, men også mykje or, ask, osp og eik sto frodige langs alle Ryfylkefjordane frå Lysefjorden i søraust til Skjoldafjorden i nordvest. 

Truleg kan det ha vore fleire sager midt på 1500-talet sjølv om det berre vert nemnd ei, i Søndenåfossen i Sauda, i 1563. Men etterspurnaden etter bord var stigande sist på 1500-talet, og i 1604 vart det registrert 64 sager. Aktiviteten auka på, og i 1621 vart det nemnd 83 sager! 

Delar av skogen tok nå til verta uthogd. Det førde utover på 1600-talet til ein reduksjon i talet på sager til berre femten – tjue dei siste par tiåra. 

Toppåret for trelasteksport var 1619-20 då 183 fartøy vart klarerte. Tyngda av eksporten gjekk då med hollandske, frisiske og tyske skuter. Men frå midt i 1630-åra tok dei skotske skutene over og dominert totalt resten av hundreåret. I den mest aktive perioden, tok mest alle bøndene del i trelasthandelen. For bøndene i fjordane var arbeidet i skogen ei like viktig attåtnæring som fiske var for bøndene på Nord-Jæren, Ryfylkeøyane og i Karmsunddistriktet. 

Kart over sager på 1500 og 1600 talet. - Klikk for stort bildeI alt finn me namnet på ikring 145 sager i Stavanger amt på 1500 og 1600 talet. Dei fleste og største var konsentrerte i Vindafjorden, Jelsafjorden, Sandsfjorden, Hylsfjorden og Saudafjorden. I Dalane var det langt færre sager, men desse spelte ei tilsvarande rolle i den regionen som dei ikring 135 sagene i Ryfylke spelte i sin region. Alle sagene var aldri i bruk på ein gong. I tillegg var det mange sager i gamle Ølen kommune, som ikkje er markert i kartet. Kartgrunnlag: Arnvid Lillehammer i Fra Vistehola til Ekofisk bd. 1, s. 181.

Kulturminne i sjø og vassdrag

I sjø og vassdrag i Rogaland finn vi ulike typar kulturminne frå fleire periodar. 

Undervassarkeologien er eit ungt tilskot til arkeologifamilien, og det var fyrst etter oppfinninga av SCUBA-apparatet at liv, landskap og kulturmiljø under vatn vart allemannseige på 1950-og 1960-talet. I dei fyrste 50 åra var det primært fokus på skipsvrak - så også i Rogaland. Den andre undervassarkeologiske utgravinga i Norge fann stad på Kvitsøy i 1969 - då vart vraket av skipet Stadt Haarlem, som sokk i 1677 - undersøkt. Skipet kom seglande frå Nederland med ei last som bestod av keramikk, salt og sild. På veg til Austersjøen vart det uver og skipet sokk eit stykke sør for Ydstebøhavn. 

Frå 1990-talet av og framover har det skjedd ei betydeleg utvikling innan marinarkeologiske metodar. På Avaldsnes har ein funne ei stor og særdeles godt bevart middelalderhamn like nedanfor Olavskyrkja og Harald Hårfagre sin kongsgard. Her er det svært gode bevarings- forhold, på grunn av mjuk botn og stor sedimentasjon. Funna gir unik innsikt i aktivitet og kontaktnettverk på land. Ut frå funn her, har ein kunna stadfeste at Hanseatane sitt første norske handelskontor låg på Avaldsnes. 

Innanlandsfiske etter laks har vore ein kjent aktivitet lenge, og rettar til å fiske er blant anna omtala i dei eldste lovene våre. Fisket har vore så viktig at det har gjeve overskot og rikdom til gardane som ligg ved dei beste fiskeplassane rundt elvemunningane. Eit godt bilde på verdien av fisket er at kyrkja sikra seg rettane til mange av desse gardene i mellomalderen. I dei seinare åra har kartlegging av fiskefeller i blant anna Figgjo-vassdraget vist at også ålefiske har gått føre seg i eit stort omfang. Det må ha vore ein høgt skatta og utnytta ressurs, som i dag stort sett er gløymt. Frå skriftlege kjelder veit me at fisketradisjonen med feller i vassdrag går tilbake til mellomalderen – men vi har ingen daterte funn i samanheng med dette. Dersom ein legg til grunn at det har vore kontinuerleg busetjing av stort omfang fleire stader i Rogaland som går tilbake til yngre steinalder, så er det ikkje urimeleg å anta at eit slikt rikt fiske også har vore utnytta tidlegare. 

I deler av eldre steinalder sto vatnet lågare enn i dag. Når vatnet steig, må strandbundne buplassar ha blitt oversumde, men nokre stader også bevarte. Så langt har det dukka opp fleire spektakulære einskildfunn frå dette drukna landskapet i Norge - men den store bevarte buplassflata som gir oss ny og unik innsikt i steinaldermenneska sine liv og kvardag - har så langt unnsluppe dykkarar og arkeologar. 

Undervannsbilde av vrakrester. Foto - Klikk for stort bildeFoto som viser bevarte vrakrestar av Stadt Haarlem som vart utgravd i Norges andre undervassarkeologiske utgraving i 1969. Terje Olsen, Norsk Maritimt Museum.