Ei kulturhistorie for Rogaland

3 Skiftande klima og livsvilkår

Eldre steinalder er den lengste perioden i vår forhistorie. Perioden dekker om lag 5000 av dei 11.000 åra me veit at Rogaland har vore busett. Me veit at det skjedde store omskifte i naturmiljø og landskap gjennom desse tusenåra.

Ettersom isen smelta steig havet, men samstundes heva landet seg, og havnivået endra seg difor mykje. Menneska som livberga seg av livet i havet flytta etter strandlinja, og me finn buplassane deira langs dei fortidige strandlinjene. Nokre stader må ein i periodar ha merka landhevinga frå generasjon til generasjon, medan andre stader gjekk endringane gjennom livsløpet til det enkelte mennesket sakte og umerkeleg. Endringar kunne også koma i form av naturkatastrofar, som det enorme undersjøiske Storeggja-skredet for om lag 8000 år sidan. Det skapte ei flodbølgje som øydela buplassar langs kysten og langt inn i landet. I Rogaland har ein moglege spor av Storeggja-hendinga ved Hålandsvatnet og Sola flyplass. 

Sånn kan buplassen i Stangelandshellaren i Klepp ha sett ut i siste del av eldre steinalder.  - Klikk for stort bildeSånn kan buplassen i Stangelandshellaren i Klepp ha sett ut i siste del av eldre steinalder. Buplassen er skilta og tilrettelagd for besøkjande. Illustrasjon: Arkikon

Tre til fem gradar høgare

Klimaet endra seg, og dyre- og planteliv med det. Frå det nærmast arktiske klimaet i tida for dei første busetjingane vart det gradvis varmare, opptil 3-5 grader høgare enn i dag, før det kulminerte for 4000-5000 år sidan. Skogen spreidde seg etter kvart over heile fylket, fleire stader må det ha vore tett urskog og eit anna biologisk mangfald enn me er vande med. I Vistehola på Randaberg, som blei brukt til bustad i periodar frå 6500 før Kristus (f.Kr.) til 500 etter Kristus (e.Kr.), var såleis villsvin ein viktig del av dietten i delar av steinalderen.  

Me finn svært mange spor etter menneska sin bruk av landskapet i den lange perioden som er kalla eldre steinalder, men det er sjeldan at me finn organisk materiale bevart. Reiskapane me finn på buplassane er laga av flint, men etter kvart også av meir lokale bergartar som grønstein, kvarts og bergkrystall. Bruken av lokale bergartar kan peika mot ei større regional tilknyting, men òg at tilgangen på strandflint blei dårlegare mange stader. Menneska livberga seg i heile denne perioden  av jakt, fangst, fiske og sanking. Dei har hatt variert tilgang på mat, og har flytta etter årstidene og der ressursane til kvar tid var. Det må likevel ha vore eit hardt liv, der berre det å overleva vinteren kunne vera ei alvorleg utfordring. 

Endringar i havnivå (strandlinjeforskyvingar) 

Gjennom heile historia har folk budd langs kysten i Rogaland og heilt sidan dei første menneska kom til Rogaland har havnivået endra seg.  

Då dei første menneska kom til norskekysten, låg innlandsisen fortsatt tjukt over store delar av Norge. Isen var tung og pressa landet ned. Då isen smelta vart vekta redusert og landet heva seg. På den same tida førte issmeltinga til at det vart meir vatn, noko som resulterte i at havet steig. Forholdet mellom desse to parallelle prosessane avgjer om strandlinja stig (transgresjon) eller synk (regresjon).  

Forsking viser at i Rogaland har havnivået stige to – og nokre stader tre - gonger sidan siste istid. I periodane mellom stigningane har havnivået sunke igjen.  

Menneska flytta seg etter strandlinja

Dei arkeologiske spora som vi har etter den tidlegaste busetnaden langs kysten i Rogaland, viser tydeleg korleis menneska flytta seg etter strandlinja. Dei eldste buplassane vi kjenner til, datert til rundt 9300 år f.Kr, kan ligge opp mot 20 meter over dagens havnivå.  

Dei neste 1000 åra fall havnivået raskt ned til berre nokre få meter over dagens havnivå i store delar av fylket. Lengst sør i fylket sank havnivået så langt ned at det lå fleire meter under dagens havnivå.  

Frå slutten av eldre steinalder, 6400 – 4000 f.Kr, og i ein periode på nokre tusen år ligg buplassane rundt 10-12 meter over dagens strandlinje. Deretter synk havet gradvis ned mot dagens havnivå, og dei strandbundne buplassane blir flytta etter. Ved overgangen til vikingtid var havnivået rundt to meter høgare enn i dag. Ved den siste regresjonen har det blitt liggande igjen ein tydelie strandvoll fleire stader i fylket.

 

Illustrasjonen viser korleis innlandsisen og havnivået har endra seg over tid. - Klikk for stort bildeIllustrasjonen viser korleis innlandsisen og havnivået har endra seg over tid. Under den siste istida trykte vekta av isen landet ned. Etterkvart som isen smelta blei det meir vatn i havet og landet heva seg. Forholdet mellom desse prosessane førte til endringar i havnivå gjennom heile førhistoria. Illustrasjon: Arkikon