Ei kulturhistorie for Rogaland

1 Eit fylke med mange landskap

Rogaland ligg lengst sørvest i Noreg, vendt mot Nordsjøen og med kort veg til det europeiske kontinentet og dei britiske øyane. Den lange kystlinja har alltid vore innfallsport og utgangspunkt for kontaktar med verda utanfor, og dei viktigaste næringane i fylket har alltid vore baserte på rike ressursar frå havet. 

Rogaland er eit av dei minste norske fylka, med berre tre prosent av landarealet, men det har eit svært variert landskap med opne kyststrekningar, breie fjordar og smale fjordarmar, og med dalar, heiar og bratte fjell mot aust. Enkelte landskapstypar er eineståande i norsk samanheng, som sandstrendene og kulturlandskapet på Jæren. Mangfaldet vert særleg tydeleg fordi dei ulike landskapa ligg så tett på kvarandre. Ein tilreisande turist kan lett få med seg både Jærstrendene, Lysefjorden og Preikestolen på ein dag. 

Rogaland blir gjerne delt inn i fire regionar: Dalane, Jæren, Ryfylke og Haugalandet.  

«Ryger» som namn på folket i sørvest er kjent frå 500-talet, og etter år 900 gjekk heile området, både nord og sør for Boknafjorden, under namnet «Rygjafylket». I løpet av 1000-talet vert Rygjafylket etablert som eiga administrasjonseining. Den strekte seg då frå Åna-Sira i sør til Ryvarden i nord, og var dermed i all hovudsak identisk med dagens Rogaland. 

Tungenes fyr på Randaberg er den ytste utposten langs Jærkysten.  - Klikk for stort bildeTungenes fyr på Randaberg er den ytste utposten langs Jærkysten. Foto: Rogaland fylkeskommune

Dalane

Dalane sør i fylket er kjenneteikna av eit kupert og nakent «månelandskap», med karrige knausar og småfjell langs ein vêrhard kyst. I dette landskapet var det lenge berre enkle ridevegar som gjekk over land mot Sørlandet, og sjøvegen var ferdselsåra framfor alle. Innimellom dei mineralrike berga er det likevel lune, frodige stader med skog og dyrka mark. Langs elvedalane mot nord og aust er jordbrukslandet rikare, og dei fører vidare inn mot høgheiar og fjelldalar med godt beite. 

For den som kjem frå sør, skifter landskapet brått og dramatisk karakter på Ogna. Jæren, med sitt lave landskap, opnar seg. Er det ein vårdag, kan ein på den høge himmelen sjå vipa i rask flukt, medan lukta av nyspreidd husdyrgjødsel riv i nasen. 

Jæren

Låg-Jæren er Noregs største låglandsslette. Den er skapt av isen, som førte med seg tjukke, steinrike morenemassar som gir særleg gode forhold for jordbruk. Jæren skil seg også frå resten av fylket med si lange, rette kystlinje og sine mange sand- og rullesteinstrender, men med få gode, naturlege hamner. Jærhavet har vore eit frykta havstykke med mange forlis. 

Høg-Jæren, med småknausete heilandskap og meir fjell i dagen, ligg ovanfor og austanfor slettene på Låg-Jæren. Lyngheilandskapet i Time og Hå er særeige, og viser korleis større delar av Jæren såg ut før oppdyrkinga skaut fart. Jæren er truleg den delen av Noreg som i størst grad er endra av menneskeleg aktivitet, gjennom drenering, oppdyrking og andre inngrep. 

Den breie Boknafjorden dannar eit geografisk skilje mellom Jæren og Dalane i sør, og Ryfylke og Haugalandet i nord. 

Jelsa er ein av dei best bevarte strandstadane i Ryfylke  - Klikk for stort bildeJelsa er ein av dei best bevarte strandstadane i Ryfylke med eit særeige miljø av småhus frå 1700-talet og den vakre trekykja frå 1647. Foto Rogaland fylkeskommune

Ryfylke

Kyst- og øylandskapet i og rundt Boknafjorden, med fjordane, dal- og heilandskapet og fjell-strøka innanfor, utgjer Ryfylke. I Boknafjorden ligg eit ope, grønt og frodig øylandskap, prega av næringsrike bergartar som gir gode jordbruksforhold. Her var eit tyngdepunkt i den tidlege busetnaden i fylket. Tronge, djupe og ville fjordar som Lysefjorden, Jøsenfjorden og Hylsfjorden skjer seg inn i fjellområda i nord og aust. Her er forholda for jordbruk meir marginale og bruka mindre. 

Fjellet i Ryfylke består både av skrinne fjell-platå med høge toppar og av frodige stølsdalar. Fjellet har vore nytta til jakt og fiske, beite og fôrsanking. Høgast i Ryfylkefjella finst den sørlegaste villreinstammen i Europa. Frå gammalt av har det her gått ferdselsvegar austover og nordover til andre delar av landet. 

Fjellet i Ryfylke består både av skrinne fjellplatå med høge toppar og av frodige stølsdalar. Fjellet har vore nytta til jakt og fiske, beite og fôrsanking. Høgast i Ryfylkefjella finst den sørlegaste villreinstammen i Europa. Frå gammalt av har det her gått ferdselsvegar austover og nordover til andre delar av landet. 

Haugalandet

I nordvest, på Haugalandet, møtest hav, øyar og fastland. Dette området er skore opp av ei rekkje nordsørgåande fjordar og har et kupert terreng med mange vatn. Sjøen batt saman, medan ferdsla over land var tungvint før køyrevegane kom. I aust er det mykje skog, og mot vest, der folket bur tettare, er landskapet i større grad prega av jordbruk og fiske. Lengst vest ligg den langstrekte Karmøya, den største i Rogaland. Øya dannar ein vernande rygg mot storhavet utanfor, og den gode leia gjennom Karmsundet gjorde at området fekk ei viktig rolle i den tidlege Noregs-historia. Her sat Harald Hårfagre og vakta riket han hadde samla i Hafrsfjord. 

Skipsleia gjennom Karmsundet er også tidleg nemnt i historiske kjelder som ein del av «Nordvegen», eller «leia mot nord» som truleg har gitt namn til Noreg. 

Olavskyrkja på Avaldsnes.  - Klikk for stort bildeOlavskyrkja på Avaldsnes. Foto: Rogaland fylkeskommune