Ei kulturhistorie for Rogaland

19 Allsidig industri

Skipsfartsnæringa i Stavanger skulle likevel reisa seg igjen etter krakket i 1880-åra. Fremste drivkrafta var den unge Sigval Bergesen, som i 1887 starta eit reiarlag som snart vart byens største. Bergesen vart også stortingsmann og ein sentral regional strateg. I 1942 tok han over Rosenberg Verft, som på 1960-talet skulle sjøsetja dei største tankbåtane verda til då hadde sett for etterfølgjaren Sigval Bergesen d.y. 

Sjølv om maritim industri og landbruksindustri dominerte i Rogalands-industrien, var det også andre viktige greiner som gjorde Rogaland til eit allsidig industrifylke. Sandnes, som fekk bystatus i 1860, hadde lange tradisjonar som teglsteinsby. Jordsmonnet låg godt til rette «innerst ved Gandsfjordens leirede strand», som det heiter i bysongen. Den første teglsteinsbedrifta som dreiv i industriell skala, «Gamlaverket», vart etablert i 1784, og utover 1800-talet kom det fleire. 

Næringshistoria til Sandnes omfatter i det heile eit stort mangfold. Eit av dei tydelegaste eksempla på dette mangfoldet finn me i forretningsimperiet til Øglændfamilien. Frå småskala bondehandel i Krossen blei bedrifta utvikla til å bli ein av Sandnes (og Norges) største. Jonas Øglænd dreiv i andre halvdel av 1800-tallet, inspirert av landbruksreformatoren J. A. Budde, tidleg handel med kraftfor og kunstgjødsel. Seinare utvikla sønene Jakob og Lars Øglænd sin sykkelverkstad til å bli Jonas Øglænds sykkelfabrikk. Denne fabrikken leverte på 50-tallet 90 prosent av dei syklane som blei solgt i Norge, og den blei etter kvart og marknadssdominerande på mopedar og motorsyklar. Parallelt med dette etablerte familien og Jonas Øglænds konfeksjonsfabrikk, som utvikla seg til ein av landets (og Skandinavias) største i sitt slag. Øglænd har og gjort det stort innan industriprodukt til bl.a. maritim bruk gjennom firmaet Øglænd system. 

Fire av Graverens teglverk fotografert av Normanns kunstforlag.  Biletet må ha vore teke før brannen i 1956. I dag er det kun ei fabrikkpipe igjen i Sandnes,  – Kamgarns på Kulturhuset, men denne står ikkje lenger i si fulle høgde. Foto: Nasjonalbiblioteket - Klikk for stort bildeFire av Graverens teglverk fotografert av Normanns kunstforlag. Biletet må ha vore teke før brannen i 1956. I dag er det kun ei fabrikkpipe igjen i Sandnes, – Kamgarns på Kulturhuset, men denne står ikkje lenger i si fulle høgde. Foto: Nasjonalbiblioteket

Egersund fekk sin fajansefabrikk alt i 1847. I Lund var det ein sterk lokal treindustri. Gruvedrift vart forsøkt starta opp enkelte stader i fylket alt på 1700-talet, og midt på 1800-talet utvikla det seg ein regelrett «skjerpefeber», med alt frå sinkgruver i Sauda og kopargruver i Garborgåsen i Time til pukkverk på Borgøy i Tysvær. Få av tiltaka var i drift lenger enn 10-20 år. 

Gruvene på Karmøy og i Sokndal var dei største og mest lønsame. Gruvene på Visnes på Karmøy fekk æra av å levera kopar til Fridomsstatuen i New York, og var i drift mellom 1865-1972. På Visnes budde det på det meste 3000 innbyggarar. I Sokndal tok dei til å utvinna titanhaldig jernmalm i Blåfjell i 1863. Malmen vart frakta til Rekefjord på den første jernbanen i Rogaland. Aktiviteten i Blåfjell tok slutt etter kort tid, men gruveindustrien i Sokndal vart seinare ført vidare i langt større stil av selskapet Titania, etablert i 1916, først på Sandbekk og seinare på Tellnes. I både Sokndal og Visnes er det bevart mange kulturminne frå dei ulike generasjonane gruver. 

I byrjinga av 1900-talet byrja utbygginga av kraftstasjonar for å kunna levera elektrisk straum til bygd og by. Dette var store naturinngrep med dammar, røyrgater og store, ofte forseggjorte kraftstasjonar. Dei fleste av dei tidlege installasjonane ligg her framleis. Mange er gått ut av bruk og er kulturminne som kan gje grunnlag for alternativ bruk. 

Den rikelege tilgangen på straum ga og grunnlag for å etablera kraftkrevjande industri som i stor grad kom til å prega heile lokalsamfunn. Kraftutbygginga ga ikkje berre straum. Dette ser ein tydelegast i Sauda kor Åbøbyen var ein eigen by som veks fram kring smelteverket. I Kjartan Fløgstad sine bøker finn ein levande skildringar av dette arbeidsmiljøet og den særeigne kulturen det ga grunnlag for. Sentralt i denne arbeidarkulturen sto Folkets Hus som blei samlingsstaden for den fagleg-politiske debatten og kampen. Folkets Hus blei og arenaen kor ein kunne samlast for å oppleva lokale revyar, dans og gjestande artistar. Fleire stader i fylket finn ein rester av desse kulturmiljøa som og er ein viktig del av den immatrielle kulturarva. 

Den dominerande næringsstrukturen, med tyngdepunkt for maritime næringar i Stavanger, Haugesund og Egersund, landbruk og landbruksindustri på Jæren og kraftkrevjande industri i Ryfylke, vart i etterkrigsåra supplert med nye bransjar. 

Særleg Sandnes og Jæren utmerka seg med ein meir variert industri: Her vart det blant anna produsert syklar, tekstilar, teglstein, steintøy, møblar, metallvarer, ferdighus og gravemaskinar. Teknologien utvikla seg, og Jæren vart eit pionerområde for robotisering. Industrien på Sandnes og Jæren produserte i større grad for heimemarknaden og var dermed mindre konjunkturutsett enn dei maritime næringane i kystbyane. 

Parallelt ekspanderte dei tenesteytande næringane og offentleg sektor, i takt med utbygginga av velferdsstaten. 

Industriminne

Industrialiseringa av Rogaland har satt klare spor etter seg i vår regionale kulturarv. Desse spora er ein eigen type kulturminne og kulturmiljø. Store samanhengande anlegg kan definere heile landskap.

Bevaring av industriminne handlar om å ta vare på fysiske spor etter industrihistoria, bygg og tekniske anlegg. Minna har og ein viktig immateriell del, kunnskap om produksjon, drift og liv knyt til industrien.

I Rogaland er det mange industritypar som har satt mange viktige spor etter seg:

  • Landbruksbasert industri, blant anna reiskap
  • Tekstilindustri, spinneri, ullvarer, klær
  • Landbruksbasert næringsmiddelindustri, som havremøller, meieri, lagring og distribusjon
  • Kystbasert næringsmiddelindustri, som fiskeforedling, hermetikkindustri, skaldyr, lagring og  distribusjon
  • Båtbygging og verftsindustri, som reparasjon og bygging av seglskip og moderne verftsindustri
  • Bergverk, steinbrot og gruver
  • Vasskraft og kraftkrevjande industri, særleg smelteverk
  • Trevareindustri, møbelproduksjon
  • Oljeverksemd og ilandføring
  • andre industriar, b.la. leirvare, garveri, fajanse, trykkeri, emballasjeproduksjon, sykkelproduksjon
Eitt av dei flottaste spora etter gruveverksemda i Blåfjell er murane etter jernbanen som frakta malm frå Blåfjell til Rekefjord. Traséen skal ha vore den fyrste jernbanestrekninga i Rogaland og  spora etter denne er i dag ein flott turveg. Foto: Rogaland fylkeskommune  - Klikk for stort bildeEitt av dei flottaste spora etter gruveverksemda i Blåfjell er murane etter jernbanen som frakta malm frå Blåfjell til Rekefjord. Traséen skal ha vore den fyrste jernbanestrekninga i Rogaland og spora etter denne er i dag ein flott turveg. Foto: Rogaland fylkeskommune