Ei kulturhistorie for Rogaland

11 Reformasjonen

Rikdommen og makta til kyrkja var ein viktig del av motivasjonen for at danskekongen Christian III omfamna Luthers reformasjon og innførte den nye læra i heile den dansk-norske staten i 1536-37. Trusskiftet vart mange stader gjennomført med tvang. Den katolske kyrkja sine eigedommar vart konfiskerte og overførte til kongen, og mange kyrkjer vart plyndra for gull, sølv og verdifulle kunstskattar. I Stavanger forsøkte biskop Hoskuld i det lengste å verna om kyrkja si stilling. Det enda med at han vart teken til fange og ført til Bergen. Der døydde han kort tid etter, det er uvisst om han vart drepen eller leid ein naturleg død. 

Interiør i Årdal gamle kirke. Foto - Klikk for stort bildeÅrdal gamle kyrkje frå 1620 er ei av dei mest særmerkte renessansekyrkjene i landet. Kyrkja er ei langkyrkje og inne i kyrja er det bevart dekor, frå golv til tak, samt måleri og utsmykkingar. Rogaland fylkeskommune

Etter reformasjonen var det ingen tvil om kven som hadde makta. Det var kongen og hans statsapparat. Prestane vart statlege embetsmenn og fekk ei viktig rolle i å oppdra sokneborna både i den lutherske læra og til å bli lojale statsborgarar. Det gjorde dei forbausande effektivt, sjølv om katolske førestillingar levde lenge i folkedjupet. Saman med lensmannen og futen vart presten den fremste autoriteten i lokalsamfunnet – ofte streng og nidkjær, iblant grådig og korrupt, men også i mange tilfelle ein pådrivar for opplysning og utvikling. Dei såkalla «potetprestane», som ivra for nye vekstar og metodar i landbruket på 1700-talet og utover, berga mange menneske frå sveltedauden. 

Stavanger hadde lenge ei viktig rolle i reformasjonsprosjektet, spesielt under den kraftfulle Jørgen Erikssøn, som var biskop frå 1571 til 1604. Han sette mellom anna i gang restaurering av den forfalne domkyrkja. Ein mørkare del av ettermælet hans er at han i 1584 tok initiativ til ei «trolldomslov» for Stavanger og Bergenhus len som ni år seinare vart gjort gjeldande for heile landet. Ved sida av Finnmark var Rogaland det fylket som hadde flest hekseprosessar. Mellom 12 og 14 kvinner vart brende på bål i Sandvigå mellom 1608 og 1694. 

Etterfølgjarane til Jørgen Erikssøn kunne ikkje hindra at Stavanger i 1682 miste  bispestolen til Kristiansand. Stavanger bispedømme vart ikkje gjenoppretta før i 1925.