Ei kulturhistorie for Rogaland

26 Eit strategisk viktig fylke

Då tyske fly viste seg over himmelen 9. april 1940, hadde det ikkje vore krigshandlingar på rogalandsk jord sidan mellomalderen, med unntak av ei skotveksling med eit engelsk krigsskip utanfor Rekefjord under napoleonskrigane. Rogaland var uførebudd på krig, til liks med resten av landet. 

Tyske troppar tok raskt kontroll over Sola flyplass. Angrepet har fått ein plass i krigs-historia som det første der fallskjermstyrkar vart sleppte ut over fiendtleg område og kom i kamp – om enn kortvarig. Same dag okkuperte tyskarane Egersund, utgangspunktet for den viktige telegrafkabelen til Peterhead i Skottland. Norske styrkar vart tekne på senga og ytte liten motstand, bortsett frå ei avdeling som heldt stand nokre dagar i Dirdal og Gloppedalsura. 

For både tyskarane og dei allierte var Rogaland viktig med tanke på kontrollen over sjø- og luftrommet i Nordsjøbassenget, og begge partar hadde store tap i kampar og forlis utanfor Rogalands-kysten. Militærhistorikaren, den tidlegare toppoffiseren Hjalmar I. Sunde, har sagt at Rogaland og Aust-Finnmark var dei to delane av Norge som var strategisk viktigast under krigen. Tyskarane frykta ein alliert invasjon på Jæren, og «Hitlertennene» på Brusand er eitt av mange spor etter «Festung Norwegen». Jærstrendene vart minelagde. Sola flyplass vart utbygd og supplert med ei flystripe på Forus. Dei to flyplassane var knytte saman av den såkalla «Löwenstrasse». 

I lys av dette var det ikkje rart at den viktigaste motstandskampen i Rogaland handla om etterretning. Både i nord- og sørfylket var det grupper som samla informasjon om tysk aktivitet på land og sjø og sende opplysningane vidare til dei allierte. Fleire av gruppene vart avslørte, med dødsdommar eller konsentrasjonsleir som resultat. 

Samstundes som krigen førte med seg store menneskelege og materielle tap, var det også plussar i rekneskapen. Jernbane, flyplass og vegar var utbygde, «tyskararbeidet» hadde gjort slutt på arbeidsløysa, og kommunar, næringsliv og privatpersonar var blitt kvitt tyngjande gjeld. Det hjelpte til då gjenreisinga skulle begynna. Forsvaret kunne også ta over nokre anlegg etter tyskarane, som Vatneleiren og Fjøløy fort. 

Også under den kalde krigen var Rogaland eit strategisk område. Sola vart bygd vidare ut med amerikansk hjelp, og var ein viktig flyplass for Nato-alliansen. Sovjetisk presse trekte fleire gonger fram amerikansk flyaktivitet på Sola som teikn på at Noreg var i ferd med å bli eit «springbrett» for angrep på Sovjetunionen. Oljenæringa har gitt fylket ei ny viktig tryggingspolitisk rolle, og det er neppe tilfeldig at Nato har plassert eit felles krigføringssenter i Jåttånuten i Stavanger. 

Krigsminner

Langs Jærkysten, frå Brusand til Tungenes, finnes det lengste samanhengande tyske forsvarsanlegget i landet. Dette var del av Atlanterhavsvollen(tysk forsvarsverk frå Frankrike til Finnmark), og den er mange stader framleis godt synlege i landskapet. I tillegg er det «Festung Stavanger» rundt Stavanger, store forsvarsverk i innseglinga til Boknafjorden, på Haugalandet, Ryfylke og i Dalane.

Etter krigen ble nokre anlegg overtatt av forsvaret eller andre aktørar, som Sola flyplass eller Vatneleiren, mens dei fleste blei heilt eller delvis fjernet. Interiør, kanoner og annet materiell tatt bort, bygg ble revet, samt minefelt, piggtråd og annet lausare materiale. Til slutt er det stort sett berre betongkonstruksjonar og terrengformasjonar bevart.

I landsverneplan for forsvaret er kulturminne i forsvarets eie prioritert for vern. Dette er anlegg som etter krigen ble overtatt og brukt av det norske forsvaret: Neset fort på Karmøy, Fjøløy fort i Stavanger, Vatneleiren i Sandnes, Sola land, Ølbergskogen og Åsen batteri i Sola. Anlegg utanfor offentleg eige har ikkje gjennomgått ein tilsvarande vernevurdering, anna enn i enkelte kommunar.  

Alle kommunane i Rogaland har krigsminne bevart som del av lokal kulturarv og historie. Kommunane langs kysten har særleg mange bevarte kulturminne, og mange anlegg med høg verdi. Det same gjelder kommunane som var del av «Festung Stavanger».

Ved Brusand i Hå ligg det lengste beltet med pansersperringar som er kjend i Norden. "Hitlertennene" skulle hindre alliert landgang, saman med eit langt belte med minefelt, pansermur, vollar og skytestillingar. Foto: Rogaland fylkeskommune  - Klikk for stort bildeVed Brusand i Hå ligg det lengste beltet med pansersperringar som er kjend i Norden. "Hitlertennene" skulle hindre alliert landgang, saman med eit langt belte med minefelt, pansermur, vollar og skytestillingar. Foto: Rogaland fylkeskommune