Regionalplan for kulturmiljø 2023-2035

8 Planretningslinjer

Kva er planretningslinjer ? 

Eigerøy fyr. Foto - Klikk for stort bildeEigerøy fyr frå 1854 i Eigersund kommune. Rogaland fylkeskommune

Retningslinjer i regionalplanen er «regionale spelereglar» for å stake ut ein felles kurs for utvikling i regionen, og dei er verktøy for å nå måla i planen. 

Regionalplanen sine retningslinjer oppsummerer grunnleggande krav knytt til bevaring, bruk og utvikling av kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap. Retningslinjene er forankra i plan- og bygningslova. Dei er konkretiserte ut frå nasjonale føringar samt regionale behov, verdiar og interesser. Retningslinjene skal bli lagde til grunn for planarbeid og annan forvaltning på kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå, jamfør plan- og bygningslova § 8-2. 

Regionale og statlege myndigheiter kan fremje motsegn til planer og tiltak som er i strid med retningslinjer i regionalplanen. 

Ei planretningslinje gjev føringar for kommunal, regional og statleg planlegging og verksemd, men er ikkje direkte førande for arealbruk slik som retningslinjer i kommune- og reguleringsplanar. 

Desse retningslinjene, saman med oversikta over kulturmiljø av regional interesse vil bidra til meir likskap og føreseieleg forvaltning over kommunegrensene. 

Retningslinjene er overordna, og har generelle formuleringar. Fleire av dei har forventingar om at det må gjerast ulike vurderingar av kulturmiljø i annan planlegging, til dømes å bruke stadanalyse som verktøy i samband med prosessar og tiltak knytt til historiske stader. Eit anna sentralt prinsipp er at planlegging skal ta omsyn til kulturmiljø, utan at retningslinjene gjev fasitsvaret til korleis dette skal gjerast. Det er viktig å gje rom for lokale vurderingar og høve til å tilpassa forvaltning og utvikling til lokale forhold. 

I oppfølging av planen vil det vere sentralt for regionale myndigheiter å bidra med rettleiing og støtte til kommunane, slik at dei har tilstrekkeleg kompetanse til å omsetje regionale retningslinjer til lokal arealforvaltning. 

Det er fleire andre regionale planar med planretningslinjer, og kulturmiljøplanen skal samsvare med desse.

Skudeneshavn, sånn det så ut i 1954. Foto  - Klikk for stort bildeSkudeneshavn i 1954. Dagbladet/Norsk Folkemuseum

8.1 Planretningslinjer

Tema 1: Generelle retningslinjer   

1.1. Kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap av vesentleg nasjonal og regional interesse eller verdi skal bevarast. 

Kulturminne, kulturmiljø og landskap skal samstundes forvaltast som ressursar i areal-og miljøforvaltninga. Fylkeskommunen og kommunane skal sjå kulturmiljø i samanheng med utviklinga i andre samfunnsområde som til dømes: kultur, folkehelse, friluftsliv, opplæring, næringsutvikling, reiseliv, matproduksjon, klima og miljø, risiko og sårbarheit og universell utforming. 

1.2. Jamfør PBL 3-1 skal alle planar sikre kvalitetar i landskapet og vern av verdifulle landskap og kulturmiljø. Kommunane skal kartlegge viktige kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap av lokal, regional og nasjonal verdi. Slike kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap skal sikrast gjennom kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplanar, samt i lokal utvikling og forvaltning. 

1.3. Offentleg tilgjengelege kulturmiljø og formidlinga av desse, skal gjerast tilgjengeleg for flest mogleg. I arbeidet med å legge til rette for bruk og besøk av kulturminne og kulturmiljø, skal det takast omsyn til både kulturhistoriske verdiar og omgjevnader, og til prinsippa for universell utforming. 

Tema 2: Kulturmiljø av regional interesse  

Med planen fylgjer ei oversikt over kartlagde kulturmiljø og landskap av vesentleg regional interesse. 

Kulturmiljøa si utstrekning i kartet og skildringa av kvart miljø er rettleiande og viser kva miljøa består av og kvifor dei har regional interesse. 

2.1. Kulturmiljøa er ressursar for kunnskap, oppleving og bruk. Verdiane må sikrast i kommunale planar og forvaltning, der einskildminne og samanhengen mellom desse blir ivaretekne. 

2.2. Utvikling og endring innan kulturmiljø av regional interesse bør skje med særskilt omsyn til kulturminna, forma og konteksten deira. 

2.3. Sikring av kulturmiljø av regional interesse kan skje gjennom generelle føresegner samt omsynssoner i kommunale planer. I den vidare forvaltninga bør utvikling gjennom bruk og formidling, vedlikehald og skjøtsel leggast vekt på. 

Oversikta er ikkje uttømmande. Det finst også andre kulturminne, kulturmiljø og landskap som kan ha vesentleg regional interesse. Desse må bli vurderte særskilt i einskildsaker og behandlast i tråd med føringane over. 

I oppfølging av regionalplanen og rullering av handlingsprogram vil det bli teke inn nye kulturmiljø og landskap i oversikta. 

Rådhuset i Stavanger, fotografert i 1990 - Klikk for stort bildeRådhuset i Stavanger, som nå er under totalrenovering, var eit godt døme på 60-talsarkitekturen i byen, her fotografert i 1990. Foto: Ukjent fotograf/Stavanger byarkiv

Tema 3: Berekraftig stadutvikling 

3.1. «Riksantikvarens strategi og faglige anbefalinger for by- og stedsutvikling» bør ligge til grunn for forvaltinga av kulturmiljø av regional og nasjonal verdi. 

3.2. Verneverdige bygningar og bygningsmiljø er ressursar i by- og stadutvikling. Kulturmiljøa bør nyttast som eit verkemiddel og viktige bidrag til å skape trivsel, bulyst og gode møteplassar gjennom berekraftig bruk, omforming og gjenbruk. 

3.3. Ved fortetting, nybygg og endringar i viktige historiske byområde, samt i eller nær viktige kulturmiljø, skal det takast omsyn til det eksisterande bygningsmiljøet i byggeskikk, plassering, høgde, volum, utforming og materialbruk. 

3.4. Nye tiltak i randsona rundt viktige kulturmiljø eller kulturlandskap må bli utforma slik at verdiane deira og særpreget ikkje blir svekka. 

3.5. Kulturlandskap og automatisk freda kulturminne som ligg i eller ved område for utbygging eller fortetting, skal fortrinnsvis søkast bevart og bli skjøtta som grøntområde eller tilsvarande, slik at dei kan vera kjelder til oppleving og formidling også i framtida. Eit alternativ til bevaring er utgraving og formidling av utgravingsresultatet. Det må i kvart tilfelle vurderast kva løysing som er mest hensiktsmessig, og kva som bidreg mest til langsiktig verdiskaping, stadutvikling og berekraft. 

Stadanalyse og konsekvensutgreiingar 

3.7. Kommunane har ansvar for at planprosessar i område med viktig kulturhistorisk busetnad og strukturar blir gjennomførte med tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag. Som del av kunnskapsgrunnlaget for ein plan er kulturhistoriske stadanalysar eit godt verktøy. Ein kulturhistorisk stadanalyse kan kartlegge, skildre og vurdere kulturminne og kulturmiljø frå alle periodar og vise korleis dei kan vere lokale ressursar for kunnskap, oppleving og bruk. Ei kulturhistorisk vurdering kan vere del av ein større stadanalyse. 

3.8. Planar som skal konsekvensutgreiast skal følge retningslinjer frå Miljødirektoratet.

Tema 4: Landskap 

4.1. Ivaretaking av dei opne grøne areala og kulturlandskapet er viktig. Det inneber mellom anna god skjøtsel, men også at ein unngår nedbygging og skogplanting som vil vere i konflikt med kulturlandskap- og kulturmiljøverdiane. Jordbruksdrift som skjer på kulturlandskapet sine vilkår er viktig for å oppretthalde landskapskarakteren. 

4.2. Landskapsverdiar av vesentleg regional og nasjonal interesse skal vektleggast i arealplanlegging og verksemd. Nye tiltak må tilpassast landskapet og bli forma slik at viktige kulturhistoriske og landskapsmessige samanhengar blir vidareførte. Ved nye større byggetiltak på landbrukseigedommar i område med vesentlege regionale og nasjonale kulturlandskapsverdiar, må tiltak bli tilpassa landskap og kulturmiljø. 

4.3. Kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskapselement i landskapet utanfor by-og tettstadsområde av nasjonal og vesentleg regional interesse skal takast vare på og vere kjelde til oppleving, kunnskap og bruk. 

Døme på kulturminne i landskapet er steingardar, slåttemark, rydningsrøyser, stølar og andre minne frå eldre jordbruksdrift, men kan også vere kulturminne frå annan bruk av landskapet. 

Bilde av Grøderøysa i Randaberg kommune - Klikk for stort bildeKulturlandskap i Randaberg med den spektakulære Grøderøysa i forgrunnen. Foto: Rogaland fylkeskommune

Ny bruk av tomme bygg 

4.4. I område for landbruk-, natur- og friluftsføremål kan det bli vurdert vern og alternativ bruk av bygningar utan føremål, dersom bygga har vesentleg nasjonal eller regional kulturminneverdi og den alternative bruken har avgrensa konfliktnivå med hovudinteressene i LNF-området. Verneverdien må bli vurdert særskilt av sektormyndigheit innan kulturminnevern og kulturmiljøansvarleg i kommunen. 

Tema 5: Natur og klima  

5.1. Faglege tilrådingar frå Riksantikvarens klimastrategi for kulturmiljøforvaltning ligg til grunn for forvaltninga av kulturmiljø der det er relevant. 

5.2. Kulturmiljø kan vere ein ressurs i klimainnsatsen gjennom berekraftig bruk og utvikling. 

I avvegingar mellom riving og nybygging eller restaurering av gamle bygg bør det brukast heilskaplege og samanliknbare klimagassberekningar som famnar heile byggeprosessen og bygningen sitt livsløp. 

5.3. Verneverdige bygg kan bruke mindre energi og føre til mindre klimagassutslepp gjennom energieffektiviseringstiltak. Tiltak må vera tilpassa bygningen sin verneverdi og tolegrense. 

5.4. Kulturmiljø må forvaltast med omsyn til eit endra klima. Forvaltning og behov for klimatilpassing må baserast på eit oppdatert kunnskapsgrunnlag. Kulturmiljø må inngå i kommunale og regionale planar for klimatilpassing, der risiko, sårbarheit og behov for tiltak blir vurdert. Kommunale planar må forebygge tap av og skade på kulturmiljø som ein konsekvens av eit endra klima. 

Tema 6: Sakshandsaming  

6.1. Søknad om tiltak som kan påverke kulturminne, kulturmiljø og landskap av vesentleg regional eller nasjonal verdi skal som hovudregel sendast over til fylkeskommunen til uttale. 

I retningslinjene til kommuneplanen sin arealdel, bør kommunane spesifisere kva tiltak, kulturminne, kulturmiljø og landskap dette gjeld. 

6.2. Søknad om tiltak på kulturhistorisk viktige bygg skal vere tilstrekkeleg dokumentert med skildring, bilete og vurdering. Søknad om riving av bygningar med vesentleg regional eller nasjonal verdi skal innehalde ei tilstandsvurdering. Dette gjeld særskilt alle bygningar som er oppførte før 1850, som alle har potensiell regional verdi på grunn av alder. 

 

8.2 Kulturminneloven

Kulturminnelova har klare reglar for forvaltning av kulturminne, særleg dei som er automatisk freda eller freda ved vedtak/forskrift. Desse reglane gjeld uavhengig av regionale planretningslinjer og kommunale planar. 

Alle tiltak som er eigna til å skade, øydeleggje, grave ut, flytte, forandre, skjule eller på annan måte utilbørleg skjemme automatisk freda kulturminne og skipsfunn, eller framkalle fare for at dette kan skje - skal meldast til fylkeskommunen (jf. Kulturminnelova § 3). Dette gjeld og tiltak i område kor det er potensial for å finne automatisk freda kulturminne og skipsfunn. Det er kulturmiljøforvaltninga som avgjer om eit område har potensial for nye funn. Forholdet gjeld også tiltak som kan verke utilbørleg skjemmande på automatisk freda kulturminne. Det er på same måte kulturmiljøforvaltninga som avgjer om eit tiltak verkar utilbørleg skjemmande på kulturminne. 

Det er difor viktig at tiltak blir sendt til Rogaland fylkeskommune for vurdering. Dette gjeld også tiltak i LNF-område, som bygging av turvegar, oppføring av bygningar, massefylling, planering, nydyrking og liknande. Fylkeskommunen vil utarbeide rettleiar med informasjon om kva tiltak og saker som kan, skal eller ikkje skal sendast til fylkeskommunen for vurdering.