Regionalplan for kulturmiljø 2023-2035

1 Forord

Marianne Chesak, fylkesordfører i Rogaland. Foto - Klikk for stort bildeMarianne Chesak, fylkesordfører i Rogaland

På same måte som alle menneske har sin særeigne utsjånad, personlegdom og bakgrunn, har stader og byar sitt terreng, sine bygningar og si historie som gjev dei sitt særpreg. Me merkar det kanskje best når me er ute og reiser og opplever natur, arkitektur og kulturlandskap som skil seg frå det me er vande med. Aller mest begeistra blir me vel i møte med stader som verkar særmerkte og ja - gjerne unike?  

Å sjå andre stader gjev perspektiv på - og kontrast til - vår eigen heimstad. Kva er det særeigne med Rogaland? Kva skil oss frå andre stader i verda og andre stader i Norge? Under innflyginga til Sola eller Karmøy kan me sjå kysten av Sør-Vestlandet slik mange tilreisande ser det for fyrste gong: kvite strender, marker, steingardar, fjordar, øyer og fjell, og nokre bygningar, skip og vegar. For turisten frå Las Vegas er det spektakulært og ho gler seg til å utforska det nærmare. For oss er det «heime».   

Å ta vare på eit mangfald av kulturmiljø i Rogaland, er å sørge for at fylket vårt også i framtida kan vere både spektakulært og heime. Det inneber å finne den gode balansen mellom bevaring og utvikling, og ikkje minst å kombinere det å ta vare på, med det å utvikle. Både menneske og stader har det best når dei får utvikle seg med utgangspunkt i sin eigen identitet.   

Regionalplan for kulturmiljø er eit bidrag til å bevare og utvikle den felles kulturarven vår. Me skal verdsette kulturmiljøa våre og dei skal støtte opp om Rogaland fylkeskommune sin visjon: Berekraftig utvikling og sterke fellesskap i heile Rogaland.   

Regionalplanen er ei tilråding om kva retning kulturmiljøvernet i Rogaland skal ta dei neste åra. Kommunane, musea, organisasjonar og andre har bidrege til utarbeiding av regionalplanen, og har kome med viktige innspel undervegs i arbeidet. Samla håpar me at heile Rogaland kan føle eigarskap til regionalplanen, og at fylkeskommune, stat, kommunar, organisasjonar, museum, næringsliv, eigarar og andre saman kan bidra til at kulturmiljø blir tatt vare på og verdsett i framtida.