4 Utfordringar og moglegheiter
Det er tre hovudfaktorar som utgjer ein direkte trussel for kulturmiljø i Rogaland, og desse heng saman med større samfunnsutfordringar og endringar:
Arealendringar: Store og små inngrep fører til endringar i miljø og landskap og gjer at kulturminne forsvinn. I byar og tettstader utfordrar fortetting, riving og renovering kulturmiljøa. Store arealinngrep som bygging av nye vegar, kraft- eller industrianlegg fører til endringar for arkeologi og landskap.
Manglande bruk og skjøtsel: Endring i nærings- og busettingsmønsteret gjer at mange bygg og miljø ikkje blir brukte, til dømes eldre driftsbygningar, sjøhus eller nedlagte industrilokale. Dette fører til forfall og tap.
Tilsvarande treng kulturlandskap og mange arkeologiske kulturminne regelmessig skjøtsel for å haldast i stand. Manglande skjøtsel gjer også at viktige naturtypar som slåttemark eller kystlynghei er i fare.
Klimaendringane: Framover vil fleire brå hendingar som ekstremvêr, flaum, ras og stormflo påverka kulturmiljøa. Dei langsiktige effektane av aukande nedbør, stigande havnivå og kortare tørkeperiodar kan også føre til skader i framtida.
Andre utfordringar og moglegheiter:
I tillegg til desse er det fleire utfordringar som forvaltning, eigarar og andre aktørar møter i samband med bevaringsarbeid. Til dømes:
- Kostnadene til å ta vare på kulturmiljø er høge, og dei økonomiske tilskota som er sette av til kulturmiljøvern dekker ikkje behovet. Dette er med på å gjere vedlikehaldsetterslepet stort.
- Det er få tradisjonsberarar i bygnings-og fartøyvernet. Det er behov for fleire handverkarar med kompetanse og kunnskap.
- Eigarar og forvaltarar manglar ofte kunnskap og har ikkje nok tilgang til kurs og rådgjeving.
- Kommunane melder om utilstrekkeleg kompetanse og kapasitet og har ikkje ressursar til å følgje opp eigne kulturmiljø og kulturminneplanar.
- Digital kulturmiljøinformasjon er spreidd på ulike stader, og mykje er ikkje digitalisert.
Kulturmiljøa gjev gode moglegheiter for utvikling av Rogaland. Regionalplanen er eit verktøy både for å møte utfordringane og for å løyse ut potensialet.
- Kulturmiljø er ein ressurs i klimainnsatsen og for å bevare naturmangfaldet. Undersøkingar viser at bevaring og vidare bruk av eldre bygg sparer meir klimagassutslepp enn å rive og bygge nytt. Bevarer ein dei grøne kulturmiljøa, tar ein også vare på planter og dyr sine leveområde og livsvilkår.
- Kulturmiljø gjev levande og attraktive stader og lokalsamfunn. Kvar stad har særeigne historier, miljø og potensiale for utvikling, oppleving og bruk av sine kulturmiljø. Kulturmiljø er ei bru mellom fortid, nåtid og framtid og bidreg til tilhøyrsle.
- Kulturmiljøa bidreg til eit helsefremjande og inkluderande samfunn. Dei skaper aktivitet og samhald i frivillige lag og foreiningar, lokal og regional identitet og bidreg til livskvalitet.
Det er både interesse og potensiale for å ta i bruk kulturmiljø som ressurs for gode opplevingar gjennom friluftsliv, reiseliv, turisme eller for lokalbefolkninga.
Ved Ryfylke trebåtbyggjeri på Finnøy i Stavanger tek dei vare på tradisjonell båtbyggarkunnskap. Her blir det verna fiskefartøyet Svanå med heimehamn på Nedstrand i Tysvær restaurert.