10 Overordna rammer og føringar
FNs berekraftsmål
Med berekraft meiner ein at behova til nålevande menneske kan bli dekka utan at behova til kommande generasjonar blir svekka.
Kulturmiljø blir verna og bevart for at dei skal kunne vere der for framtidige generasjonar. Endring, bruk og utvikling må under alle høve vegast mot framtidige behov, og ein må hindre at endringar gjer at kulturmiljø og kulturminne ikkje lenger er tilgjengelege for framtida.
Berekraftig utvikling blir generelt delt inn i tre dimensjonar, som igjen kan koplast til kulturmiljø:
- Økonomisk berekraft: Kulturmiljø som ein ressurs for samfunnsutvikling, berekraftig reiseliv og bruk av kulturmiljø.
- Sosial berekraft: Både sosiale og kulturelle aspekt: «levbare» byar og stader, frivilligheit, folkehelse, friluftsliv og universell utforming og tilrettelegging.
- Miljømessig berekraft: Klimaendringar, klimagevinst og naturmangfald.
Slik kan kulturmiljø koplast til mange av berekraftsmåla.
Internasjonale konvensjonar
Noreg har ratifisert fleire internasjonale konvensjonar for kulturmiljø, som er blitt vedtekne i FN eller Europaparlamentet. Her har Noreg forplikta seg til å ta vare på viktig kulturarv av fleire typar:
- UNESCO konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv (Verdsarvkonvensjonen)
- Valettakonvensjonen (Arkeologisk kulturarv i Europa)
- UNESCO-konvensjonen for vern av immateriell kulturarv
- Den europeiske landskapskonvensjonen
- Farokonvensjonen (om kulturarvens verdi for samfunnet)
Stortingsmelding om kulturmiljø
Stortinget vedtok våren 2020 ei ny stortingsmelding for kulturmiljøfeltet; «Stortingsmelding 16 - Nye mål i kulturmiljøpolitikken». Den inneheld nye nasjonale mål og bevaringsstrategiar:
- Alle skal ha moglegheit til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.
- Kulturmiljø skal bidra til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging.
- Eit mangfald av kulturmiljø skal bli tatt vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.
Regionalplanen bidreg til å følge opp desse måla i Rogaland.
Stortingsmelding om museum
Våren 2021 la regjeringa fram «Stortingsmelding 23 (2020-2021) Musea i samfunnet – Tillit, ting og tid». I denne museumsmeldinga lanserer regjeringa nye mål for museumspolitikk, og mange mål og tiltak er direkte relevante for regionalplan for kulturmiljø.
I tillegg til kulturmiljømeldinga og museumsmeldinga er det fleire andre nyleg publiserte stortingsmeldingar med nasjonal politikk som delvis er førande for deler av planen. Dette er mellom anna Distriktsmeldinga (2019), Kulturmeldinga (2018), Barne- og ungdomskulturmeldinga (2021) og Reiselivsmeldinga (2017).
Nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging
I 2019 kom det nye nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging. Regjeringa ynskjer at berekraftsmåla skal danne grunnlaget for regional og kommunal planlegging. Regjeringa er oppteken av at planlegging skal vere basert på eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, og at fylkeskommunen skal avklare viktige regionale og nasjonale interesser tidleg i planprosessane. Dette vil redusere behovet for motsegner.
Regjeringa forventar at fylkeskommunane og kommunane legg til rette for høg arealutnytting i byområde gjennom fortetting og transformasjon med kvalitet i omgjevnadane og vekt på arkitektur, byrom, kulturmiljø, grønstruktur og andre miljøverdiar. I by- og tettstadsplanlegging skal kommunane ta særleg omsyn til stadene sitt særpreg, kulturhistoriske element og viktige landskapstrekk. I sum ynskjer regjeringa mykje utvikling og endring i sentrale område, men at det skal skje på stadane sine eigne premissar, og tilpassa natur-og kulturmiljø.
Regjeringa trekker også fram dei viktigaste moglegheitene og utfordringane for kulturmiljø, der arealendringar og manglande bruk er nemnt som dei store utfordringane. Blant moglegheitene peiker regjeringa på kulturmiljø som positivt bidrag i stadutviklinga og som ressurs i sirkulærøkonomisk klimainnsats.
Riksantikvarens strategiar
Riksantikvaren er fagdirektorat for kulturmiljøfeltet og har fleire strategiar, register og rettleiarar knytt til regional planlegging. Dei sentrale strategiane som er utarbeidd av Riksantikvaren er førande for deler av den regionale planlegginga, mellom anna «Riksantikvarens bystrategi 2021-2023», «Riksantikvarens strategi for arbeid med kulturarv i kommunene 2019- 2022», og «Riksantikvarens klimastrategi for kulturmiljøforvaltning» (2021). Riksantikvaren har også begynt arbeidet med fleire bevaringsstrategiar som vil vere viktige i oppfølging av regionalplanen.