7 Regionale interesser på kulturmiljøfeltet
Der det er spor etter levd liv, finn me og kulturmiljø i ulike former og uttrykk. Kulturmiljø kan vere av nasjonal, regional eller lokal interesse.
Om eit kulturminne/miljø har lokal, regional eller nasjonal interesse handler ikkje om høg eller låg verdi, men om kva nivå/ kontekst desse interessene er vurderte i, kven dei har verdi for, og siktar vidare til kva forvaltningsnivå som har ansvar for dei.
Regional interesse som omgrep vert nytta i verdisetjingsprosessar i samband med plan-og bygningslova. Regional interesse refererer i første rekke til kulturmiljø som er vurdert til å ha høg «verdi» på regionalt nivå, og som fylkeskommunen har eit forvaltningsansvar for, ikkje berre kommunen. Eit kulturminne som kommunen har vurdert som sitt viktigaste lokale kulturminne, treng ikkje ha regional eller nasjonal interesse, utan at det gjer det mindre verdifullt som kulturminne. I praksis er det likevel ofte samanfall mellom kulturminna som kommunane sjølv har trekt fram som sine viktigaste/mest verdifulle, og det som er vurdert til å vere av regional interesse.
- Nasjonale interesser har både staten, fylkeskommunen og kommunane ansvar for.
- Regionale interesser er eit fylkeskommunalt og kommunalt ansvar.
- Lokale interesser er eit kommunalt ansvar.
Eitt av hovudføremåla med planen er å peike på og tydeleggjere dei regionale interessene på kulturmiljøfeltet.
Det er i planarbeidet lagt vekt på å peike ut kulturmiljø, det vil seie område der fleire kulturminne på ulike måtar utgjer eit miljø, og der dette samla sett er vurdert til å ha vesentleg regional interesse.
For at eit kulturmiljø skal vurderast til å ha regional interesse, må det representere noko som er breiare enn det lokale. Det kan til dømes representere noko som er unikt eller særskilt i regional samanheng, men det kan også vere valt ut som regional representant for noko som finst i dei fleste kommunar. Både einskilde kulturminne, kulturmiljø og landskap kan vere av regional interesse.
Følgande overordna definisjon av vesentleg regional interesse kan leggast til grunn:
Eit kulturminne, kulturmiljø eller kulturhistorisk landskap har vesentleg regional interesse om det kan knytast til ei viktig regional eller nasjonal historie eller regionale eller nasjonale særtrekk.
7.1 Kulturmiljø av regional interesse
Oversikt over kva kulturmiljø som er vurderte til å ha vesentleg regional interesse går fram av eige vedlegg, og er tilgjengeleg på nettenesta Temakart Rogaland.
Sjå oversikt over kulturmiljø på Temakart Rogaland
Sjå oversikt over kulturmiljø av regional interesse i PDF-format (PDF, 2 MB)
Oversikta/lista over kulturmiljø av regional interesse vil inngå som ein del av vedteken plan, og skal leggast til grunn for vidare forvaltning av områda.
Oversikta er ikkje juridisk bindande med omsyn til arealbruk, og markeringane/avgrensingane representerer ikkje omsynssonar.
Det kan etter kvart bli behov for å revidere oversikta. Endringar vil bli lagt fram for politisk handsaming og sendt på høyring til relevante kommunar. Redaksjonelle endringar, til dømes endringar i tekst og bilete vil bli gjort administrativt, og ikkje sendt på formell høyring.
Ved framlegging av plan for vedtak inneheld oversikta:
- 185 kulturmiljø av regional interesse.
- 60 kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse tidlegare registrert av Riksantikvaren. Desse er frå Riksantikvarens nasjonale register over kulturmiljø og landskap( NB!-registeret og KULA), Utvalde kulturlandskap i jordbruket(UKL) og freda område og kulturmiljø (Askeladden).
Les meir om kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse.
Utvalet i oversikta bygger i hovudsak på eksisterande kunnskapsgrunnlag, i fyrste rekke på kommunale kulturminneplanar, men også nasjonale oversikter og eldre regionale planar som inneheld vurderingar av kulturminne. Fylkeskommunen har omfattande, regional kompetanse og eit regionalt perspektiv som fyller ut den lokale kunnskapen i kommunane.
Utvalet som hittil går fram av oversikta, er kvalitetssikra og forankra administrativt gjennom møte med alle kommunane. Det er registrert kulturmiljø i alle kommunane, men Sandnes kommune har eit stort og variert kunnskapsgrunnlag, og resultatet frå kartlegginga i Sandnes kommune er ikkje klart til høyring og vedtak av planen. Fylkeskommunen tar sikte på å fullføre oversikta for Sandnes i løpet av 2023.
Oversikta over kulturmiljø av regional interesse tek berre føre seg område der kulturminne inngår i ein større samanheng eller heilskap, og som representerer viktig regional eller nasjonal historie eller særtrekk. Oversikta viser ikkje einskilde tun eller bygg, einskilde arkeologiske kulturminne eller større landskap som det er knytt regionale interesser til.
Omfanget av miljøa varierer, men dei skal skildre vesentlege regionale interesser som inngår i ein større samanheng eller heilskap.
Sogndalstrand er eit forskriftsfreda kulturmiljø i Sokndal kommune med vedtatt nasjonal verdi. Sogndalstrand har høg verdi og gir oss kunnskap om kystkultur og liv i Dalane. Plassen var kjent som eit sentrum for handel allereie på 1500-talet.
For å ivareta heilskapen, har det vore prioritert å kartlegge geografisk avgrensa område som har ein slik samanheng, framfor einskilde kulturminne og små miljø. Sjølv om einskildliggande kulturminne av regional eller nasjonal interesse ikkje er tekne med i oversikta, kan dei likevel ha høg verdi som kulturmiljø, og må forvaltast deretter.
Det er lagt vekt på å velje kulturmiljø som representerer ulike delar av kulturhistoria i Rogaland. Kvart miljø er vurdert ut ifrå kva del av historia dei fortel, kva regionale særtrekk dei er døme på, kva verdiar dei er tillagde, om dei er sjeldne førekomstar som ein særleg må ivareta eller om dei er typiske eksempel på kulturmiljø som er særleg knytt til landskapa i Rogaland og den historiske identiteten vår.
Utvalet synleggjer noko av mangfaldet (og omfanget) av kulturmiljø som finst i Rogaland, og som representerer dei særtrekka som har vore ein del av Rogaland si kulturhistorie.
Regionale, og nasjonale, interesser på kulturmiljøfeltet utover dette, finn me også i eksisterande register og oversikter, til dømes NB!-registeret, kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA), og utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL). Desse er lagde inn og kartfesta i oversikta over kulturmiljø av regional interesse.
I tillegg har me Kulturminnelova som seier at ståande bygg eldre enn 1650 og arkeologiske kulturminne som er eldre enn 1537 er automatisk freda, og såleis rekna som nasjonalt verdifulle i eigenskap av alderen sin. Dei kjente kulturminna i desse kategoriane er registrerte i den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden og er offentleg tilgjengelege i temakart-Rogaland og kulturminnesøk.
Nordvikvågen på Utsira.
Rogaland fylkeskommune
7.2 Ei kulturhistorie for Rogaland - kunnskapsgrunnlag for verdivurdering
Det er utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag og verdigrunnlag som skal vere eit hjelpemiddel for både kommunal og regional forvaltning i verdivurdering av både einskildminne og miljø. Oversikta «Ei kulturhistorie for Rogaland» skal, saman med oversikta over regionale kulturmiljø, bidra til å synleggjere dei regionale interessene og kva som særpregar Rogaland.
Les artikkelen "Ei kulturhistorie for Rogaland"
I tillegg til å klargjera kva regionale verdiar dei utvalde kulturmiljøa innehar, peiker artikkelen og på dei regionale verdiane i høve til enkeltliggande kulturminne og mindre kulturmiljø som ikkje inngår i oversikta over kulturmiljø av regional interesse.
Artikkelen er eit forsøk på å synleggjera og tydeleggjera kva som kjenneteiknar det regionale særpreget knytt til dei ulike temaa:
- busetting, by- og tettstadsutvikling
- kystkultur, fiskeri, handel og sjøfart
- administrasjon, fellesskap, makt og demokrati
- tradisjon og religion
- samferdsel og kommunikasjon
- industri og næring
- landbruk og kulturlandskap
- jakt og fangst
- krig og konflikt
- minoritetar