5 Visjon
Rogaland tek vare på – og verdset – kulturmiljøa sine som viktige ressursar i ei berekraftig samfunnsutvikling.
Kulturmiljø er eit felles gode og eit felles ansvar. Alle i Rogaland skal ha tilgang til gode kulturmiljø, og alle skal kunne delta i vern av kulturminne eller formidling og oppleving av kulturarv, uansett kjønn, alder, etnisitet eller funksjonsnedsettingar.
Planen sin visjon viser kva me ynskjer for framtida: Kulturmiljø blir tekne vare på og verdsett av både myndigheiter, eigarar, frivillige, næringsliv og samfunnet som heilskap. Å verdsetje inneber å anerkjenne kulturmiljøa som verdifulle ressursar for samfunnsutviklinga, både økonomisk, sosialt og miljømessig. For at folk skal engasjere seg og sette pris på kulturmiljøa, treng dei kunnskap. Då er formidling og frivilligheit viktige stikkord. Vidare må kulturmiljø bli ein integrert og sjølvsagt del av lokale og regionale utviklingsprosessar og verdiskapingsplanar.
Kulturmiljø skal bidra til ei samfunnsutvikling som sikrar både dagens innbyggjarar og kommande generasjonar gode levevilkår – ei berekraftig utvikling.
Kulturmiljø er eit samleomgrep for kulturminne, kulturmiljø og landskap, og gjeld alle spor frå fortida bevart i vårt fysiske miljø.
Sandsgård på Nedstand i Tysvær var frå 1673 bustad for futane i Ryfylke i nær 200 år. Det staselege hovudhuset vart bygd i 1774. Garden er markert som eit kulturmiljø av regional interesse.