Regionalplan for kulturmiljø 2023-2035

11 Regionale planar

Rogaland fylkeskommune utarbeidar regionale planer for mange samfunnsområde. Overordna desse ligge regional planstrategi/utviklingsplan for Rogaland. I gjeldande utviklingsplan er visjonen: 

Berekraftig utvikling og sterke fellesskap i hele Rogaland. 

Det er i tillegg vedtatt fire langsiktige mål: 

  1. Klimaomstilling og livskraftig naturmiljø 
  2. Konkurransedyktig region 
  3. Helsefremmande og inkluderande samfunn 
  4. Attraktive lokalsamfunn, byar og tettstader 

Desse ligg til grunn for utarbeiding av mål og strategiar i regionalplan for kulturmiljø, som støtter særleg tydeleg opp om mål 4 i utviklingsplanen, men på ulike måter og i ulik grad også dei andre måla. 

Rogaland fylkeskommune har fleire gjeldande regionale planar med delvis overlappande tematikk. I løpet av planperioden vil det bli vedtatt fleire nye regionale planar. Gjeldande oversikt vil til ei kvar tid ligge på nettsidene til fylkeskommunen. 

Regionale planar
RegionalplanTematikk som heilt eller delvis gjeld kulturmiljø
Regional kulturplan (2015)Kulturarv, museum, kulturarv som del av andre kulturtema, særskilt immateriell kulturarv. (Revisjon av planen er igangsett. Kulturmiljø som eige felt inngår ikkje i ny kulturplan då det er utarbeidd eigen regional kulturmiljøplan. Planprogrammet er vedtatt våren 2023.
Regionalplan Jæren og Søre Ryfylke, delvis og areal og transportplanane for Ryfylke, Dalane og Haugalandet Kulturlandskap, overordna arealbruk, stadutvikling, retningslinjer for kulturmiljøvern.
Regional plan for heiområda Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei Kulturminne i heia, bygdeutvikling
Regionalplan for klimatilpassing Klima og kulturminne
Fylkesdelplan for universell utforming 2014-2017 Universell utforming, formidling av kulturminne
Regionalplan for grøn industriEndra arealbruk, ny industriutbygging i historiske industrimiljø
Nærings- og innovasjonsstrategi for RogalandKulturminne og næringsutvikling, satsing på reiseliv