12 Moglege verknader av planen for miljø og samfunn
Husmannsplass på Djupedal i Time kommune
Rogaland fylkeskommune
Ein regionalplan som kan få vesentlege verknader på miljø og samfunn skal ifølge plan- og bygningslova §§4-2 og 8-3 konsekvensutgreiast. For regionale planar kan denne utgreiinga avgrensast til kva verknader planen kan få på eit overordna nivå, jamfør Forskrift for konsekvensutredninger § 18.
Både mål, strategiar og tiltak, planretningslinjer og oversikta over kulturmiljø av regional interesse kan ha verknader for miljø og samfunn, men regionalplanen har ikkje planlagde utbyggingstiltak og verknadane blir vurdert og skildra på eit overordna nivå.
Kulturmiljø av regional interesse er ei kartfesting av - og oversikt over - område som inneheld viktige kulturminne av regional og nasjonal verdi og som samla sett er av vesentleg regional interesse. Områda er ikkje direkte førande for arealbruk, men kulturminna og samanhengande kulturmiljø innanfor områda skal sikrast i kommunane si arealplanlegging. Oversikta er også eit kunnskapsgrunnlag for vidare forvaltning, formidling og samfunnsutvikling.
Oversikta inneber ikkje særskilte bygge- eller utviklingstiltak. Difor er det ikkje vurdert som naudsynt med konsekvensutgreiing av kvart enkelt kulturmiljø.
Oppsummering
Samla sett blir dei positive verknadene av planen vurdert til å vege opp for dei negative verknadene. Avbøtande tiltak bør gjennomførast som del av oppfølging av planen.
Vegen til Viglesdalen i Hjelmeland.
Rogaland fylkeskommune
Kulturminne, kulturmiljø og landskap
Positive verknader
- Regionalplan for kulturmiljø bidreg til betre forvaltning og bevaring av kulturmiljø på tvers av kommunegrenser.
- Tilgjengeleggjering og formidling bidreg til meir kunnskap om, og forståing for, kulturmiljø.
- Ei betre oversikt over vesentlege regionale interesser gir meir føreseieleg forvaltning for kommunar, næringsliv og andre aktørar, og eit kunnskapsgrunnlag for framtidig planlegging og konsekvensutgreiing.
Negative verknader
- Auka besøk og bruk av kulturmiljø som planen legg opp til, kan føre til meir slitasje på kulturminne.
Moglege avbøtande tiltak
- God besøksforvaltning i kulturmiljø er viktig for å unngå slitasje.
Naturmangfald
Positive verknader
- Bevaring av verdifull kulturmark som kystlynghei eller beite- og slåttemark er viktig for naturmangfaldet. Kulturminne er ein viktig del av verneverdien i mange landskapsvernområde i Rogaland.
Negative verknader
- Når kulturminne i sårbare naturområde blir meir kjent og tilrettelagt, kan det føre til meir besøk og slitasje.
Moglege avbøtande tiltak
- Vektlegging av god besøksforvaltning ved formidling av kulturminne og skjerming av dei mest sårbare naturområda kan redusera tap av naturmangfald.
Friluftsliv
Positive verknader
- Formidling av kulturmiljø i naturen bidreg til meir friluftsliv og gir turen nye dimensjonar.
Negative verknader
Klimaendringar og nasjonale og internasjonale miljømål
Positive verknader
- Bevaring, gjenbruk og ombruk bidreg til å minska klimafotavtrykk, å redusera klimagassutslepp og fører til lågare materialbruk.
- Planen bidreg til meir kunnskap om konsekvensane av klimaendringane og avbøtande tiltak.
Negative verknader
- Kulturmiljøomsyn kan sette grenser for krav til høg arealutnytting og fortetting.
- Kulturmiljøomsyn kan sette grenser for utbygging av fornybar energi eller andre arealkrevjande klimatiltak.
- Kulturmiljøomsyn kan sette grenser for energiøkonomiseringstiltak.
Mogleg avbøtande tiltak
- Sterkare prioritering av klimasmarte løysingar og å vise moglegheitene for tilpassa arealutnytting og fortetting kan redusere negative verknader
Folkehelse
Positive verknader
- Opplevingar og kunnskap om kulturmiljø gir tilhøyrsle og identitet.
- Frivillig engasjement kan vera ein sosial arena som skapar tryggheit og aktivitet.
- Bevaring og bruk av kulturmiljø kan bidra til attraktive stader det er godt å bu i.
Negative verknader
Regional og lokal samfunnsutvikling og økonomi
Positive verknader
- Kulturmiljø kan bidra til regional identitet, trivsel, attraktivitet og samfunnsøkonomisk verdiskaping i by- og stadutvikling.
Negative verknader
- Bevaring av kulturmiljø kan vere kostnadskrevjande.
Moglege avbøtande tiltak
- Omdanning må vektast mot den verdien vern gir til samfunnet som heilskap. God rådgjeving og økonomiske støtteordningar er viktige for å bøte på kostnadene med å bevare kulturmiljø.
Tilgjenge for alle
Positive verknader
- Regionalplanen framhevar betre tilgjenge for alle til å læra om, bruka, og oppleva kulturmiljø.
- Kunnskapsdanning om universell utforming av kulturmiljø kan bidra til at dei i større grad blir gjort tilgjengeleg for alle.
- Planen legg opp til digitalisering og betre nettsider og databasar. Dette vil betre utfordringa med at mykje av informasjonen om kulturmiljø på nettsider og databasar ikkje er universelt utforma i dag.
Negative verknader
- Svært mange kulturminne, både bygg og kulturminne i naturen er ikkje universelt utforma og tilgjengeleg for alle. Tilgjengeliggjering kan vera i konflikt med, og skade kulturminna.
Moglege avbøtande tiltak
- Målretta arbeid over tid, og tilpassa løysingar som tar omsyn til både bevaring av kulturmiljø og betre tilgjenge kan redusera skadeverknadane.
Barn og unges oppvekstvilkår
Positive verknader
- Barn og unge kan lære om lokal og regional historie og få eigarskap og tilhøyrsle i kulturmiljø.
Negative verknader
Arkitektonisk og estetisk utforming, uttrykk og kvalitet
Positive verknader
- Sterkare fokus på kunnskap og tilpassa løysingar for utvikling i kulturmiljø kan gje betre arkitektoniske uttrykk.
- Bevaring av kulturminne frå ulike arkitektoniske periodar og med ulike føremål, både industribygningar, bustader og ulike offentlege bygg, bidreg til stadkjensle og eit mangfald av arkitektoniske og estetiske uttrykk i byar og stader.
Negative verknader
Moglege avbøtande tiltak
- Riksantikvarens strategi og rettleiar for by og tettstadsutvikling blir lagt til grunn i byggesaker.
Gravhaug på Bjerga på Rennesøy
Rogaland fylkeskommune
Landbruksnæring og kulturlandskap
Positive verknader
- Planen legg til rette for betre informasjon og rådgjeving mot landbruksnæringa om kulturmiljø.
- Planen legg opp til bevaring og utvikling av viktige kulturlandskap til dømes kystlynghei og slåttemark.
Negative verknader
- Planretningslinjer om landskap samt bevaring av kulturmiljø og landskap av regional interesse kan kome i konflikt med utviklingstiltak i landbruket, og bevaring og skjøtsel av verneverdig kulturlandskap kan vere kostnadskrevjande.
Moglege avbøtande tiltak
- Godt samarbeid mellom regionale myndigheiter, kommunar og landbruksnæring samt god rådgjeving, informasjon og støtteordningar er sentralt framover.
- Betre oversikt over viktige kulturmiljø vil bidra til føreseielegheit og tilpassa utvikling
Andre verknader
Regionalplanen er vurdert til å ikkje ha særleg verknad for følgande faktorar, nemnt i forskrift for konsekvensutredning §21: forureining, vassmiljø, samisk natur- og kulturgrunnlag, transportbehov, energiforbruk og energiløysingar, beredskap og ulykkesrisiko og kriminalitetsførebygging.