2 Samandrag
Regionalplan for kulturmiljø er ein regional plan etter plan og bygningslova §§8-1-8-4 og skal vere eit styringsdokument for både Rogaland fylkeskommune og kommunane i arbeidet med utvikling og forvaltning av viktige kulturmiljø i fylket.
Visjon og mål
Visjonen for dette arbeidet er:
Rogaland tek vare på – og verdset – kulturmiljøa sine som viktige ressursar i ei berekraftig samfunnsutvikling.
For å realisere denne visjonen skal me arbeide mot følgande tre mål:
- I Rogaland tek me vare på eit mangfald av kulturmiljø slik at spor frå heile historia om Rogaland, frå steinalder og fram til i dag, kan opplevast, brukast og gje kunnskap – no og i framtida.
- I Rogaland har me god kunnskap om kulturmiljøa våre og korleis dei bidreg til å gje eigenart og identitet til stader og folk.
- I Rogaland kan alle engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø. Me nyttar kulturarv og kulturmiljø til å skape trivsel, tilhøyrsle og unike opplevingar.
Til kvart av måla er det utarbeidd strategiar og tiltak som det blir gjort greie for i hovuddelen av dette plandokumentet, samt i vedlegg.
Regional interesse?
Det finst mange kulturminne og kulturmiljø i Rogaland. I arbeidet med denne planen har me definert ein del av dei til å vere av vesentleg regional interesse og har laga ei samla oversikt over desse. Det er kulturmiljøa i denne kategorien som har hovudfokus i planen. Dei utgjer eit vesentleg kunnskapsgrunnlag for forsking og formidling, og det er eit særskilt kommunalt og regionalt ansvar å ivareta dei.
Eit kulturminne, kulturmiljø eller kulturhistorisk landskap har vesentleg regional interesse om det kan knytast til ei viktig regional eller nasjonal historie eller regionale eller nasjonale særtrekk.
Regionale planretningslinjer
Planen inneheld retningslinjer som legg føringar og gir råd for vidare bevaring og utvikling av dei viktige regionale kulturmiljøa. Retningslinjene skal bidra til å sette felles kurs for utviklinga i regionen og gje ei meir føreseieleg forvaltning.
Hovudprinsippet er at kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap av vesentleg nasjonal - og regional interesse eller verdi skal bevarast. Dei har sin eigenverdi, men er samstundes ressursar for kunnskap, oppleving og bruk innan samfunnsområde som til dømes folkehelse, friluftsliv, opplæring, næringsutvikling, reiseliv, matproduksjon, klima og miljø.
Planretningslinjene er forankra i plan- og bygningslova (§8-2) og skal bli lagt til grunn ved planarbeid og prosessar på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå, men dei er ikkje førande for arealbruk slik som retningslinjer i kommune- og reguleringsplanar.
2.1 Planinnhald
Planen har fire hovuddelar:
Plandokument:
Regionalplandokumentet gir strategisk retning og prioriteringar for det offentlege sin innsats på kulturmiljøfeltet. Planforslaget gir vidare føringar for forvaltning av kulturmiljø gjennom regionale planretningslinjer og gjennom å skildre regionale interesser på kulturmiljøfeltet.
Handlingsprogram med tiltak:
Handlingsprogrammet skal bli rullert årleg, og er difor i hovudsak berre detaljert fram til 2025.
Les Handlingsprogram (pdf) (PDF, 2 MB)
Ei oversikt over kulturmiljø av regional interesse:
Oversikta ligg i karttenesta Temakart Rogaland, og alle markerte kulturmiljø er lista opp i vedlegg.
Sjå oversikt over kulturmiljø i Rogaland (PDF, 2 MB)
Sjå oversikt over kulturmiljø i Rogaland på Temakart Rogaland
Ei oversikt over fylket si historie:
Artikkelen "Ei kulturhistorie for Rogaland" skal supplere kulturmiljøoversikta og gje eit lett leseleg innblikk i viktige historiske hovudtrekk.
Les artikkelen "Ei kulturhistorie for Rogaland".
Nålaugpollen er ei god hamn og eit karakteristisk sjøhusmiljø i Eigersund kommune, eit kulturmiljø av regional interesse. Flyfoto frå 1960-talet.