Vil du bli lærling i Rogaland fylkeskommune?

Vi tilbyr læreplassar i heile fylket, frå Haugesund og Ølen i nord, til Egersund i sør-fylket. Vi har i dag rundt 95 lærlingar fordelte på 10 lærefag ved dei vidaregåande skolane våre i Rogaland og i fylkesadministrasjonen.

Dei fleste stillingane blir lyse ut i perioden januar til mars kvart år. Ledige stillingar blir lagt ut her.

Sjå dei ledige lærlingstillingane våre

Aktuelle lærefag for lærlingar

Vi tilbyr god og variert praksis i desse lærefaga:

Informasjon om lønn, arbeidstid og andre fordeler

Kven kan bli lærling i fylkeskommunen?

Du må ha fullført og bestått Vg1 og Vg2. Søkarar til byggdrifterfaget og renholdsoperatørfaget må ha fullført Vg1 bygg- og anleggsteknikk.

Andre kriterium for aktuelle kandidatar:

  • pliktoppfyllande og har lite fråvær
  • viser interesse og motivasjon for faget
  • har gode samarbeidsevner
  • beherskar norsk
  • er lærevillig
  • interesse for digitale løysingar

Korleis søker du læreplass i fylkeskommunen?

Våre ledige lærlingstillingar finn du under ledige stillingar på rogfk.no

Til toppen