Ernæringskokkfaget 

I Rogaland fylkeskommune har vi læreplassar innan ernæringskokkfaget på nokre av dei vidaregåande skolane våre.

Jente med kokkefrakk løfter et lok av en gryte - Klikk for stort bilde

Er du glad i å lage mat og er oppteken av å gi næringsriktige måltid til ein institusjons brukar? Då kan ein læreplass i ernæringskokkfaget på ein av dei vidaregåande skolane våre vere noko for deg.  

Som lærling eller lærekandidat i ernæringskokkfaget jobbar du i ei kantine på ein av dei vidaregåande skolane våre. I læretida deltek du i produksjon av mat til skolen si kantine som er for tilsette, elevar og besøkande.  

Nokre skolar har eit samarbeid med ei anna lærebedrift, for å gi deg god og variert opplæring. Du jobbar då i periodar på eit anna institusjonskjøkken, som oftast er dette i skolen sine feriar.  

Arbeidsoppgåver:

  • varierte oppgåver innan ernæringskokkfaget i skolen si kantine 
  • lage til varierte og næringsrike måltid 
  • planlegge måltid tilpassa sesong, livsstil, kultur og behov 
  • lage til måltid for spesialkost 
  • mengde-, pris- og næringsberegne oppskrifter 

Personlege eigenskapar 

Du må vere glad i å lage mat og like å gi gode opplevingar gjennom eit godt og næringsrikt måltid. Du har stor interesse for faget, arbeider systematisk, har god orden og samarbeider godt med andre.

Kvalifikasjonar:

  • fullført og bestått Vg1 restaurant og matfag og Vg2 kokk- og servitørfag. 
  • du kan skrive og snakke godt norsk.