Service- og administrasjonsfaget

I Rogaland fylkeskommune har vi læreplassar innan service- og administrasjonsfaget på dei vidaregåande skolane våre og i fylkesadministrasjonen i Haugesund og Stavanger.

Jente legger et brev inn i en posthylle - Klikk for stort bilde

Liker du kontoradministrativt arbeid, er systematisk og trivst med å gi service til kollegaer, elevar og besøkande? Då kan ein læreplass i service- og administrasjonsfaget i fylkeskommunen vere eit godt val.  

Avdelinga, som du vil vere lærling i, har ansvar for resepsjonen, sentralbordet og har mange forskjellige kontoradministrative oppgåver. Du er ein viktig medarbeidar i denne avdelinga, og er ofte den som tek imot besøk til skolen. Din oppgåve er å hjelpe elevar, tilsette og besøkande, og gjere mange varierte kontoradministrative arbeidsoppgåver.   

Arbeidsoppgåver:

  • Gi god service til elevar, tilsette og besøkande
  • betene sentralbord og resepsjon
  • elevadministrasjon, personaladministrasjon, rekneskap, budsjett og innkjøp
  • registrere opplysningar i digitale fagsystem
  • planlegge og gjennomføre møte og kurs
  • andre kontoradministrative oppgåver

Personlege eigenskapar 

Du trivst med å gi god service, arbeide systematisk og ha god orden. Det er viktig at du har gode digitale ferdigheiter fordi mykje av arbeidet skjer i kontortekniske system.

Kvalifikasjonar:

  • fullført og bestått Vg1 sal, service og reiseliv og Vg2 service, sikkerheit og administrasjon
  • Du kan skrive og snakke godt norsk
  • gode digitale ferdigheiter