Ønsker du å jobbe med sal og marknadsføring og trivst med å gi god service? Då kan ein læreplass i salsfaget vere det rette for deg.
Som lærling eller lærekandidat i salsfaget, jobbar du i kantina på ein av dei vidaregåande skolane våre. Kantinene har sal av mat og drikke til elevar, tilsette og besøkande. Du deltek aktivt i salsarbeidet i samarbeid med kantinas tilsette. Nokre skolar har eit samarbeid med ei anna lærebedrift, for å gi deg god og variert opplæring. Det vil som oftast vere i skolen sine feriar at du jobbar i ei anna lærebedrift.
Arbeidsoppgåver:
- salsarbeid i skolen si kantine
- marknadsføre kantina sitt produkt
- gi god service ovanfor skolen sine elevar, tilsette og besøkande
- bruk av digitale verktøy i salsarbeidet
Personlege eigenskapar
Du er serviceinnstilt, utåtvend og trivst i kontakt med kundar og kollegaer. Dine kommunikasjons- og samarbeidsevner er gode, og du er interessert i marknadsføring og sal, og ønsker å gi kundane god service.
Kvalifikasjonar:
- fullført og bestått Vg1 sal, service og reiseliv og Vg2 sal og reiseliv
- du kan skrive og snakke godt norsk
- gode digitale ferdigheiter