Barne- og ungdomsarbeiderfaget   

I Rogaland fylkeskommune har vi læreplassar innan helsearbeidarfaget på nokre av dei vidaregåande skolane våre.

Jente ler mens hun skriver med blyant på ark - Klikk for stort bilde

Ser du etter ei læretid i barne- og ungdomsarbeiderfaget som gir deg utfordringar, spenning og mykje glede? Då er ei læretid ved tilrettelagt avdeling i ein vidaregåande skole noko for deg. Du skal jobbe i ei avdeling som tilbyr spesialundervisning for elevar i mindre grupper og arbeidet er retta mot elevar med forskjellige lærevanskar.  

Hos oss vil du jobbe i eit spennande fagmiljø som arbeider for å framheve elevanes styrker og moglegheit for utvikling.

Arbeidsoppgåver:

  • planlegge og gjennomføre pedagogisk opplegg for elevar 
  • ADL-trening som fysisk trening, måltid, arbeidstrening og praktisk trening i og utanfor skole 
  • legge til rette for elevar si utvikling av kommunikasjon, sosialt samspel, leik, utforsking og læring 
  • gi støtte og følge opp elevar med forskjellige behov som det må leggast til rette for 
  • delta i samarbeid med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar 

Personlege eigenskapar 

Du har eit stort engasjement, kapasitet og evne til å sjå moglegheiter hos den enkelte eleven. Du er god til å kommunisere og liker å organisere aktivitetar for andre. Det er ein fordel at du er serviceinnstilt, omsorgsfull og trivst med å samarbeide med andre.  

Kvalifikasjonar:

  • fullført og bestått Vg1 helse- og oppvekstfag og Vg2 barne- og ungdomsarbeiderfag 
  • du kan skrive og snakke godt norsk