Byggdrifterfaget

I Rogaland fylkeskommune har vi læreplassar innan byggdrifterfaget på dei vidaregåande skolane våre og i fylkesadministrasjonen i Stavanger.

To gutter jobber med et apparat - Klikk for stort bilde

Ser du etter fagopplæring innan vedlikehald og drift av store bygg? Då er byggdrifterfaget noko for deg!  

Ein lærling eller lærekandidat innan byggdrifterfaget i fylkeskommunen er tilsett i vår bygg- og eigedomsavdeling. Arbeidsstaden din er på ein av dei vidaregåande skolane våre eller på fylkeshuset, kor du vil jobbe med drift og vedlikehald av bygg, tekniske anlegg, uteområde med meir. Du vil ha ein variert kvardag med mange spennande og forskjellige arbeidsoppgåver.  

Arbeidsoppgåver:

  • dagleg ettersyn av bygg og uteanlegg
  • ta imot, behandle og følge opp meldingar om avvik
  • utføre reparasjonar, vedlikehald og gi god service
  • bruke digitale program for kontroll, forvaltning, drift og vedlikehald (FDV og SD)
  • drift og ettersyn av lys, ventilasjon, varme- og kjøleanlegg, alarmsystem, avfallssystem og anlegg for brannvarsling med meir

Personlege eigenskapar 

Du liker ein aktiv kvardag, praktisk arbeid, er god til å følge opp jobben, er serviceinnstilt og samarbeider godt med andre. Du har gode digitale ferdigheiter og kan bruke forskjellige digitale løysingar.

Kvalifikasjonar:

  • fullført og bestått Vg1 bygg- og anleggsteknikk
  • kan skrive og snakke godt norsk
  • gode digitale ferdigheiter
  • det er ein fordel viss du har førarkort klasse B og gjerne BE, men det er ikkje eit krav.