Hestefaget

I Rogaland fylkeskommune har vi læreplassar innan hestefaget på Øksnevad vidaregåande skole.

Jente klapper hest på mulen - Klikk for stort bilde

Ønsker du å jobbe med hestar og drifte stall og anlegg? Då kan ein læreplass på Øksnevad vidaregåande skole vere noko for deg?  

Øksnevad vidaregåande skole har ein stor stall og eit moderne anlegg som drivast av skolens tilsette og lærlingar innan hestefaget. Som lærling eller lærekandidat i hestefaget på Øksnevad vidaregåande skole, skal du jobbe med stell og trening av hest. Du skal òg jobbe med drift og vedlikehald av utstyr og anlegg.  

Arbeidstida varierer innanfor ein oppsett vaktplan og du må derfor kunne jobbe både ettermiddagar og helger.

Arbeidsoppgåver:

  • arbeidsoppgåver innan hestefaget i skolen sin stall og anlegg 
  • stelle og trene hestar  
  • transportere hestar 
  • halde ved like utstyr og anlegg 
  • organisere aktivitetar  
  • kommunikasjon med skolen sine elevar, tilsette, hesteeigarar og andre brukargrupper 

Personlege eigenskapar 

Du er fortruleg med hestar og er praktisk reist. Du må vere innstilt på fysisk krevjande arbeid i stallen og på anlegget. Du har gode samarbeidsevner, er serviceinnstilt og følger godt opp jobben.   

Kvalifikasjonar:

  • fullført og bestått Vg1 naturbruk og Vg2 heste- og dyrefag 
  • du kan skrive og snakke godt norsk